Dag og Tid nr. 2, laurdag 11. januar 2003


Film:
Ærelaus ørkenvandring
Det er ikkje berre alle slow motion-scenene som gjer det hardt å halde ut dette melodramaet om krig og ære i glanstida til det britiske imperiet.


FILM
The Four Feathers
Regi: Skekhar Kapur
USA 2001

Når eg hadde forventningar til filmen, skuldast det regissør Shekhar Kapurs versjon av Elisabeth med tilnamnet The Virgin Queen i 1998. Med Kate Blanchett i hovudrolla gjorde den garva Bollywood-regissøren veg i vellinga med eit blendande dronningportrett, i den sterkaste av britiske filmtradisjonar. Denne gongen er det ikkje maktspelet bak imperiets murvegger det handlar om, men eit drama om makt og ære både heime og ute, i ei tid då det britiske imperiet framleis er på høgda av si makt og herskar over ein fjerdedel av jorda. Vi skriv 1884, og soldat Harry Feversham (Heath Ledger), som er ein av dei beste i regimentet, er trulova med den vakre Ethne (Kate Hudson), når bodet kjem frå utkanten av verda om at sudanske opprørarar har tatt eit britisk fort i Karthoum. Ei blanding av tvil og redsle kjem over vår mann, han legg ned geværet, går ut av hæren, blir møtt med forakt av medsoldatane, og dei tre beste kameratane pluss kjærasten gjev han alle ei fjør som teikn på at han er ein feiging.

Bergingstokt

Frende- og familielaus får han vite at kameratane i felten er i trøbbel, og legg i veg på eit einmannstokt for å berge dei der ute i øydemarka. Frå då av taper det meste av filmen, som er bygd på ein roman av A.E.W. Mason, bakkekontakten i ei sann smørje, der den svarte krigaren Abou Fatma av komplett uforståelege grunnar dukkar opp og blir Harrys sidemann. At sudanske arabarar faktisk gjekk til opprør mot den britiske kolonimakta på denne tida er ikkje nok som historisk bakteppe til eit ørkenraid det ikkje er hovud eller hale på, og mengda av lik under eller over sanddynene (til dømes som hengde soldatar) mens den endelege massakren nærmar seg, ikkje gjer meg det spor visare. Til slutt eksellerer filmen i slag- og nærkampscener i sakte kino og høgt støynivå, men om det skal få deg til å reflektere over imperias vekst og fall i ørkenkrigar før og no, så gløym det.

Trekanten

Desto dårlegare akkompagnement blir også det trekantdramaet om venskap og kjærleik som har følgt oss heile vegen, mellom Kate, Harry og bestekameraten hans Jack. At Harry til slutt greier å returnere dei lagnadstunge fjørene, ligg vel i korta. Som filmoppleving er det ikkje verdt strevet. Gje oss heller Lawrence Of Arabia.
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |