Dag og Tid nr. 2, laurdag 11. januar 2003


EU:
Ja-general frå SV slår i bordet
Wenche Fossen er SV-aren som skal få Noreg inn i EU.
– Det skjer pinadø ei historisk utvikling utanfor gatedøra vår, og me vil ikkje delta, seier den nye ja-generalen – og slår i bordet med begge nevane.

Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no

Wenche Fossen (56) har vore aktiv sentralt både i Attac og Sosialistisk Venstreparti, men no er ho konstituert leiar i Europabevegelsen fram til landsmøtet i april.
Ho voks opp på Lambertseter i Oslo, men har budd 20 år i Ålesund. Ho har hovudfag i nordisk og har arbeidd som lektor i mange år.
Ingen skal skulda den konstituerte leiaren for å mangla glød eller engasjement, og det nyttar lite å seia at nordmenn helst vil bestemma over seg og sitt.
– Stikk fingeren i jorda, seier ho – nesten harmdirrande.
Og då hjelper det ikkje å svara at Noreg trass alt bestemmer litt meir no – utanfor EU.
– Det er ein illusjon. Det er ein husmannskontrakt Noreg har inngått med EU. Det er ein skandale. Me bestemmer ingenting, seier ho – og innrømmer smilande at ho overdriv litt.
Men leiaren i Europabevegelsen slår fast at EØS-avtalen er ein slavekontrakt som Noreg har forhandla seg fram til.
– Dagens EU er totalt annleis enn for ti år sidan. Ei meiningsmåling fortel at 76 prosent av det norske folket meiner at EU-spørsmålet er viktig eller svært viktig. Å tru at det er det norske Stortinget som avgjer den økonomiske utviklinga i Noreg – i ein globalisert økonomi – er i beste fall naivt.
– Når det gjeld både landbruk og fiske har Noreg trass i alt større sjølvråderett utanfor EU?
– Det har me nok, seier Fossen, men reelt sett er ho ikkje sikker på det heller.
Ein ting kan ho ikkje unngå å innrømma. Det er at landbruket kjem til å verta ein tapande part viss Noreg går med i EU.
– Norske styresmakter og EU må på det feltet gå inn med omstillingsordningar. Eg trur at det er nasjonal semje om at me ønskjer spreidd busetnad i Noreg, og då treng ein omstillingsmidlar, seier ho.

Det er moro

Både Europabevegelsen og EU-saka er i vinden. Den eine meiningsmålinga etter den andre fortel at det er fleirtal for norsk EU-medlemskap. Denne veka galdt det til og med tidlegare nei-bastionar som Hedmark og Oppland.
– Det lett å vera venleg stemt når vinden bles rette vegen, og ein har gode samarbeidspartnarar. Då er det lett å tenna begeistringa, seier den konstituerte leiaren i Europabevegelsen.
Til dagleg er ho forlagsredaktør i skulebokavdelinga i Det Norske Samlaget. Der er ho i gang med eit historieverk for den vidaregåande skulen, og det har styrkt kunnskapen om europeisk historie.
Då leiaren, Sigurd Grytten, valde overgang til det private næringslivet ved nyttårsskiftet, var det nestleiaren som måtte overta. Det var «ein fornøyelse» uttalte ho til Nationen.
– Den eine meiningsmålinga etter den andre viser at det går ein veg. Det er moro, og det gjev overskot. Berre tenk på kva som skjer: EU-utvidinga, EØS-forhandlingane, folkerøystingane og framlegget frå konventet om reformer av EU.
Dessutan er det val på Island i mai.
– Både den islandske utanriksministeren og leiaren for sosialdemokratane er sterkt for EU-medlemskap. Viss Island bestemmer seg for å søkja medlemskap, må også Noreg tenkja seg om. Tenk om Noreg og Island kunne ha samarbeidd om ressursforvaltning og fiskeriregime, og så kunne me saman ha forhandla med EU.

Tvilar i 72

Etter dei norske folkerøystingane har Europabevegelsen i mange år måtta stri med eit taparstempel.
– Eg kan sjå at det er slik, men eg melde meg inn rørsla i 1993, etter å ha skifta EU-standpunkt midt på 80-talet. Eg hadde ant ei stund at det ikkje var sant at EU berre handla om marknadskreftene sitt frie spel. Eg er ein lesar, og i EU fanst det visjonar for Europa. Sakte byrja det å siga inn også hjå meg at her er det nokon som byggjer politikk på eit kontinent som har rive kvarandre sund i hundrevis av år. Frå toppmøte til toppmøte har ein bygt opp eit EU som er ulikt det som eksisterte i 1972. Den gongen røysta eg nei. Eg tvilte, men som hovudfagsstudent var det ikkje rom for å sleppa fram så mykje av tvilen.

SV og ja-sida

I 1994 hadde Wenche Fossen eit klinkande klart ja-standpunkt, og før folkerøystinga drog ho i gang SV-arar for EU.
– Kring 120 SV-arar var med, pluss hundre som ikkje ville ha namnet offentleggjort. No er ein i gang med å samla ja-namn i partiet på nytt, og når tida er inne, opnar nettstaden Radikalt Europa.
– Har SV vorte eit klarare ja-parti?
– I tillitsmannsskiktet er det eit klart nei-parti, men blant medlemmer og først og fremst blant veljarar, har både ja-et og tja-et vorte sterkare. Ein tredel av SV-veljarane skal vera ja-eller tja-positive til medlemskap.
– Er det ikkje brutalt å dra i gang ein ny EU-debatt, med den splittinga det inneber både i parti og familiar?
– Eg vel å tru at det ikkje skjer denne gongen. Eg håpar at me greier å handtera det på ein klokare måte enn før. Det må vera lov både å tvila og lytta, og ein må ikkje latterleggjera kvarandre. Me må innrømma folk retten til å slåst for det dei trur på.

Eit Alleuropa

Wenche Fossen innser at alt ikkje er like bra med EU.
– Eg ser mange problem, men det imponerer meg at EU set seg mål, tek for seg problema og prøver å løysa dei. EU-utvidinga er ikkje nokon spøk. Eg har kalla prosjektet for eit solidaritetsprosjekt og har vorte latterleggjort for det. I dag er det Noreg, Sveits og Liechtenstein som utgjer rikmannsklubben, men greier ikkje EU å løysa tillitsproblemet som finst, kan femti års arbeid ryka. Difor er det spennande å vera leiar for Europabevegelsen denne våren. Me er på full fart mot eit Alleuropa, og det er eit paradigmeskifte. Det går mot ein tettare politisk integrasjon, og truleg ei grunnlov for EU.
– Er du ikkje redd for ein europeisk superstat?
– Det har eg aldri vore. Mange har prøvd å byggja keisarrike ved å tvinga land under seg. No er det suverene statar som forhandlar friviljug om samarbeid, og det har aldri skjedd på dette viset tidlegare. Det nye EU vert bygt nedanfrå, med nasjonalstaten som tek eit sjølvstendig standpunkt ut frå både eigeninteresse og fellesinteresse. Landa gjev frå seg suverenitet, og får vera med på å avgjera.
– Men dei mange språka må verta eit problem i ein superstat?
– Det vert eit stort problem – med ti nye språk, pluss fleire minoritetsspråk. Eg kan ikkje sjå korleis spørsmålet skal løysast, og eg kan vanskeleg forstå korleis ein skal kunne ha eit tolkeapparat for 32 land. Difor må EU greia å finna fram til eit felles språk som alle skjønar. Sjølv om eg er frankofil, skjønar eg at det må vera engelsk. Kor lenge franskmenn, tyskarar og spanjolar vil setja seg mot det, veit eg ikkje. Kommunikasjon og tillit er nøklar for EU, og der har ein enno eit stykke å gå.

Ikkje heimfødingar

Wenche Fossen meiner at det dårlegaste alternativet for Noreg er å skaffa seg ein frihandelsavtale etter same modellen som Sveits.
– EU har brukt ti år på å få til ein avtale med Sveits. Det er ikkje så mange signal som tyder på at EU kjem til å orka å forhandla med Noreg på same viset, men eg reknar med at den sveitsiske løysinga kjem til å verta debattemne utover våren, ettersom EØS-forhandlingane skrir fram.
– Men det demokratiske underskotet i EU er stort?
– EØS-avtalen inneber det største demokratiske underskotet for Noreg, men også EU har problem. Me vil at vedtak skal takast raskt og offentleg, men samstundes vil me at prosessane skal vera opne. Det har ikkje skjedd i EU, men det vert ført ein oppheta debatt om dette. Kva vedtak skal takast på EU-nivå, på nasjonalt, regionalt eller lokalt nivå. Greier ikkje EU å byggja tillit i befolkninga, kan 50-årsprosjektet vera tapt, men eg ser ingen teikn til at det skal ryka no.
– EUs jordbrukspolitikk kjem til å verta smertefull for mange?
– Han kan verta det, men ingen er mot omstillingsprosessar. I tillegg kan emigrasjon og folkeflytting innebera ein eksplosjon. Det er ikkje vanskeleg å få auga på uløyste problem, men EU viser vilje til å prøva å gjera noko med problema – medan Noreg står utanfor. Me vil ikkje verta møkkete på hendene.
– Oppfattar du nei-folk som heimfødingar?
– Nei, eg kjenner mange flotte nei-folk. Me diskuterer gjerne, men så trekkjer me ulike konklusjonar. Kjernepunktet i alt demokrati er å delta. Den som ikkje deltek, har heller ingen rettar. Me må bort frå dette med heimfødingar og brunskvetting. Det høyrer historia til.

Ein illusjon

Wenche Fossen vonar at EU får ein felles utanrikspolitikk og ein felles utanriksminister.
– EU bør også ha ein president, eller ein person som er fellesskapet sitt andlet utover. Eg støttar ein stadig tettare politisk integrasjon og trur av kvar og ein av oss vil tena på det.
Ho meiner at det er ein illusjon å tru at Noreg har så mykje makt utanfor EU, og fnyser når ein nemner at Noreg spela ein avgjerande rolle på miljømøtet i Johannesburg og i ulike fredsprosessar dei siste åra.
– Me kan oppnå like mykje innanfor EU, meiner ho.

Kjekt – ja

Wenche Fossen vil ikkje seia om ho kjem til å stilla som kandidat til leiarvervet i Europabevegelsen i april, men heile personen fortel at ho har grueleg lyst på vervet.
– Det er valkomiteen som bestemmer. Eg seier ikkje noko til nokon før det nærmar seg.
– Men det hadde vore kjekt?
– På mange måtar, ja, men eg får sjå kor mykje tid det krev.
Eg har ein kjekk jobb i Samlaget og vil ikkje søkja permisjon, men det vert nok å gjera fram til lands-
møtet. Eit par dagsverk per veke utanom arbeidstid kjem til å gå med i arbeidet for Europabevegelsen, men så lenge det er moro, går det, seier Wenche Fossen.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |