Dag og Tid nr. 2, laurdag 11. januar 2003


Bøker:
Martin Amis’ mobiliseringsopprop
Martin Amis si samling av bokmeldingar og essay om bøker er den fyrste boka ein bør lesa i 2003. Alt anna kan venta.


SAKPROSA
Martin Amis
The War Against Cliché
Essays and reviews
1971-2000
Jonathan Cape

Gidd eg dette? Det spørsmålet spurde eg meg sjølv på julekvelden då eg sat på jobb i ei vaktbu og såg på framsida av Martin Amis si nest nyaste bok The War Against Cliché. Alternativet var å sjå fjernsyn eller lesa lokalavisa. Eg byrja på den 500 sider lange boka, ein murstein med bokmeldingar og essay om bøker. Alt låg til rette for den verste julekvelden nokon gong. Det vart eit fyrverkeri.
Og fire dagar, eller rettare sagt netter, seinare var ho utlesen. For ei bok. For ein stil. For eit engasjement for bøker. For ein introduksjon til engelsk og amerikansk samtidslitteratur. For ein mann!

Amen

Mannen er Martin Amis. Ein framifrå litteraturkritikar som verkar på begge sider av Atlanteren og som har gitt ut femten bøker både i fiksjon- og sakprosasjangeren. Han har ei melding til oss i forordet, eg tek ho til meg og sluker ho rått. Høyr her:
«Quotation is the reviewer’s only hard evidence. Or semi-hard evidence... To idealize: all writing is a campaign against cliché... When I dispraise, I am usually quoting clichés. When I praise, I am usually quoting the opposed qualities of freshness, energy, and reverberation of voice.»
Amen. Og om der er nokre heretikarar der ute som er usamde i dette, så skal eg personleg lysa dei i bann og forvisa dei ut i kiosklitteraturens yttarste mørke. Eg melder meg som stridande i denne krigen mot klisjear, væpna med blyant, penn, tastatur og sitat. Og boka til Amis er det perfekte kart inn i teigen. Ein ser både høgdekurvene og dei djupe dalane i bøker skrivne dei siste tretti åra. Mest fiksjon, noko sakprosa og nokre herlege essay under tittelen «Great Books». Her er dei: Don Quixote (Cervantes), Pride and Prejudice (Austen), Ulysses (Joyce), The Adventures of Augie March (Bellow) og til slutt Lolita (Nabokov).

Tom

Det beste til slutt altså, men då har ein alt lese seg gjennom 400 sider med kortare meldingar som er så bra at ein ynskjer at ein slapp å sova mellom øktene. Det er sjølvsagt mogleg å nyta boka i mindre bolkar òg, men for meg var det umogleg, eg måtte vidare, utan å bry meg om kva sidetalet var. Og når ein er ferdig med boka er ein like tom som Knut Asle Arvesen var i Tour de France. For ein er nett ferdig med ein tour sjølv, ikkje de France, men de force.
Når ein så kjem til hektene igjen har ein lært noko. Lærdommen er som følgjer: Skrivekunst, kjærleik til bøker, kva som har skjedd i litteraturen til den engelskspråklege verda dei siste 30 åra, og at Amis skreiv utruleg bra i 1971, men at han skriv endå betre no. Og til slutt at me som melder bøker har ein misjon, me er i krig mot klisjear. Denne boka bør vera den fyrste du kjøper i 2003; etter du har lese den, vert den norske vinteren ein lys affære.
Asgeir Ueland

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |