Dag og Tid nr. 51, laurdag 21. desember 2002


Roald Helgheim:
Ei mappe til jul
Ein gong skreiv eg i ein ironisk kommentar i ei anna avis at eg ikkje ville sjå mappa mi. Eg var liksom redd for å oppdage at eg aldri var nokon trussel mot det beståande, at det vi ein gong kalla Sipo (det kling mykje styggare og betre enn Pot og Pst) ikkje ein gong fann det bryet verd å registrere meg, endå eg arbeidde ein mannsalder i ei revolusjonær avis, og var like lenge med i eit revolusjonært parti. Mange har klaga til den gamle avisa om at mappa deira var så lita. Denne veka fekk vi vite at mappa til mappe-jegeren Erling Folkvord var tom. Alle forstår då at nokon har stua henne vekk under eit eller anna påskot, med mindre dei har sett på overvakinga som lovleg og inga mappe verd, så grotesk det høyrest ut. Lundkommisjonen har stadfesta at den gamle arbeidsplassen min ei tid vart telefonavlytta. Fekk eg mappe av det? Same kva som hender, så nærmar tidsfristen seg for å søkje om innsyn. Når du les dette, er søknaden sendt.

Eg har sett kameratar få mappa si. Ein kunne lese sine eigne, intime og private brev der. Nokon hadde site på postkontoret og sikla etter løyve frå Sipo. Ein annan fekk vite at arbeidsgivaren bad Sipo om mappa hans før tilsetjing, og fekk henne. Om hopehavet mellom overvaking og arbeidsgivarar har vi etter kvart fått dokumentert mykje. Difor er ikkje noko av dette «sjokkerande» nytt i og for seg. Men forteljingane byrjar å bli mange. Dei gamle kommunistane kan fortelje soger som får andre til å bleikne. Sjølv har eg ikkje lidd personleg overlast.

Vi treng ikkje ta den store diskusjonen om det naudsynte i å ha ei overvaking heller. Ein kan vanskeleg bli moralsk forarga over at eit parti som ville styrte det beståande, blir overvaka, at det vart tatt på alvor. Iver Frigaard i Overvakinga sa at det ville vere ei fornærming mot AKP å ikkje gjere det. Men ikkje berre Lundkommisjonen, men også Den hemmelige krigen av Trond Bergh og Knut Einar Eriksen, skildrar organiseringa av eit norsk angivarsamfunn av det eg vil kalle DDR-liknande type. «En innträngande och detaljerad bild av det man kallar Övervakingssverige», kalla riksmarskalk Gunnar Brodin den svenske rapporten, som viste at titusentals svenskar var overvaka utan lov, at anklagarar, domstolar, justisombod og andre «brast i sin demokratiska kontroll». Som i Norge vart ti-tusenvis overvaka på ein måte og eit grunnlag styresmaktene sjølve definerte som ulovleg, og som dei systematisk blånekta for fann stad. Etter tretti år bekreftar den svenske kommisjonen det journalistane Peter Bratt og Jan Guillou avslørte, opprettinga av ein eigen ulovleg etterretningsorganisasjon (IB) utan politisk kontroll. For det måtte dei to journalistane sitje eit år i fengsel. Kva politikarar eller embetsmenn har blitt straffa for ulovlege handlingar og systematisk løgn i embetet? I Norge kosta Berge Furre-skandalen jobben til ein Siposjef og ein statsråd. Dei har ikkje lide særleg naud etterpå, men statsråden var eit bondeoffer for nokon høgare oppe.

Ettersom fristen for å søkje innsyn nærmar seg, har nokon reist kravet om forlenging av retten til innsyn. I byråkratspråket seier eit stortingsfleirtal då at dei «ser det ikke som påkrevd» at fristen blir forlenga. Berre eit mindretal med mappe har enno søkt om innsyn, og endå færre har fått det. Arbeidet tar tid, folk som søkjer, no får vite at det vil ta to år berre å fatte ei avgjerd. Forlenging av fristen krev ny lovendring. Kva seier justisminister Odd Einar Dørum gjennom statssekretæren sin då? «Vi kan ikke se at er noen grunn til å forlenge loven. Det er et svært apparat å holde det i gang, medlemmene av Innsynsutvalet ønsker å gå av». Eg har utheva det siste for å vere viss på at du får det med. Kor stort apparat vart halde i gang for å overvake dei minst 43.000 politisk registrerte personane i Norge? (I Sverige reknar ein med 100.000 registrerte). Kor mange millionar dagsverk og kroner gjekk med til så nitid og tidkrevjande overvaking som Lund-kommisjonen har fortalt oss om?

Vi må minne justisministeren og sekretæren hans om kva som er den nye sitsen. Dei politiske styresmaktene i dette landet er avslørte for kriminelle politiske handlingar dei systematisk og løgnaktig nekta for. Den tida er forbi då Peder Martin Lysestøl med tekniske bevis å slå i bordet med, likevel kunne bli handsama på den mest arrogante og audmjukande måten. Det er ikkje dei overvaka som er under moralsk tiltale, men det samfunnet som overvaka dei. Det er ikkje dei overvaka som skal stå med lua i handa. Rollene er bytta om. Difor må alle sleppe å høyre den tomme byråkratretorikkens «vi kan ikke se at det er noen grunn», eller «vi ser det ikke som påkrevd». Då ser dei ikkje det dei er sette til å sjå. Dei må skaffe seg nye briller. Dei siste åra har justisministeren vist at det ikkje kjem til stå på pengar når det gjeld å overvake og registrere det som blir sett på som den nye trusselen. Det stod ikkje på pengane under Aksjon Advent. Det kjem ikkje til å stå på pengar når det gjeld å brennemerke, registrere og jage den nye faren.

Før jul for fire år sidan, i 1998, skreiv eg om mappa til Frank Sinatra. Han vart overvaka av FBI i 30 år, og på nettet hadde dei nettopp lagt ut mappa hans, med 1340 sider likt og ulikt, samanraska av FBI etter at han som ung innvandrarson av italienske foreldre var med i filmen The House That I Live In og song om eit samfunn der alle var like. Det var reinspikka kommunistpropaganda. Han fekk aldri sjå mappa si. Eg vil sjå mappa mi. God jul.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |