Dag og Tid nr. 51, laurdag 21. desember 2002

Klok på bok 595:
Ein annan Jo
«Eg måtte lesa om igjen forteljinga om det nokså triste livet til Gly i ‘Historien om Gly’ av Lars Saabye Christensen. Gly synest ikkje leva heilt med i det verkelege livet. Han blir for meg (som lesar) ståande ‘utanfor’, der han sit ved senga på hybelen sin og høyrer fru Monsen stulle i rommet ved sida av, eller han hamnar i fyllearresten etter innblanding i bråk på byen. Til slutt held han da heller ikkje ut dette ‘liksom-livet’. Hans ‘Efterlatte dikt’ blir òg ein dokumentasjon: ‘Jeg er trett/ av rundetider/ Jeg er trett/ av hat og kjærlighet.’ Det går mot fest og feiring, Paula, og eg ynskjer deg ei triveleg jul og takkar for mange artige tekstbitar i år», skriv han Karl Johan Grønning frå Baksteplassen på Rykkinn.

«Kjære lyrikkvenner og andre i Dag og Tid. Fint at dere trekker frem Lars Saabye Christensen som lyriker! Husker ham helt fra han som ganske ung og grønn idealist solgte dikt på gaten. Hans berømmelse med ‘Beatles’ og ‘Halvbroren’ er vel fortjent, men han er ingen dårlig lyriker! Selv er jeg svak for ‘Hvor er det blitt av alle gutta’. I denne samlinga står dagens dikt ‘På biblioteket’. Pussig nok har både salig Andreas Munch og Nordahl Grieg skrevet fine dikt for biblioteket», skriv Maj Voss i Oslo.

«Bruker man stikkordene ‘på biblioteket’ i Deichmanske diktregister, får man treff for Grøhn, Munch, Soltvedt og Øyehaug. De har brukt ordene som åpning eller tittel. Men bare Lars Saabye Christensen får full klaff på førstelinja, som han hadde med i diktet ‘Biblioteket’ fra samlingen ‘Historien om Gly’ (1976). Det fineste diktet jeg vet om bøker, gir forresten ingen treff i diktbasen. Diktet er skrevet av polakken Milosz, og slutter slik i min versjon: ‘Fortsatt vil bøkene være der på hyllene, velskapte, utgått fra mennesker, men også fra stråleglans, høyder’
», skriv han Thor Henriksen i Oslo.

«Klok på bok 593-spora peika på Lars Saabye Christensen, men debuterte han i 1976 da? I Rottems litteraturhistorie står det om bøker som kom i 72, 73 og 74, og om debutromanen frå 1977! ‘Historien om Gly’ kom rett nok ut i 76, og i diktantologien ‘Sølvalder’ frå Lyrikklubben er Lars Saabye Christensen årets debutant så er det rart ein stakkar blir både hautulla og likvis? Vesaas-pris og Nordisk Råd-pris, halvbrørne som eg berre kom halvvegs igjennom høver bra på hinta. Elles har han eit suverent dikt om mobiltelefonar, det skulle vore pensum for alle
», skriv ho Elen Maria Todal frå Hellandsjøen.

Eg stussa òg, Elen Maria, men i den nye utgåva av Historia om Gly som kom ut i fjor, skriv forlaget: «Når vi velger å markere tjuefem års samarbeid med å gjenutsende hans debutbok, er det likevel ikke bare et uttrykk for takknemlighet. Det er også i erkjennesle av at diktene om Gly fortjener å bli lest på nytt.»

«Eit fint dikt om ein mann det er von for! Han byrjar sikkert å lesa ein vakker dag. Diktet er frå ‘Historien om Gly’ av Lars Saabye Christensen. Somme tider kjenner eg meg sjølv som denne karen. Det er når eg er på antikvariat eller loppemarknad, der eg finn og handlar inn mange bøker som eg meiner er interessante for meg, men som eg med meg sjølv veit eg truleg aldri vil lesa
», skriv han Ragnar Jenssen på Opphaug.

Ho Kathrine Kloppen Gladyszak i Bergen svarar rett og spør om ho kan få sende ei helsing til Olav Molven: «Takk for julekortet og velkommen til oss etter jul, Olav

«‘Biblioteket’ er eit herleg dikt, det minner meg om mange av dei som gjesta det gamle folkebiblioteket i Trondheim der både stolane, borda og golva knirka så ingen kunne røra seg lydlaust. Avisene var festa til lange stokkar og det vart eit underleg fekteri når gjestene etter kvart duppa av og rykte til att når haka fall heilt ned på brystet. Heller ikkje dei pla låna bøker, men aviser las dei. Eg undrar meg, kvar er dei no? Vart det nye biblioteket med marmorgolv for fint for dei som ikkje har lånekort? Lars Saabye Christensen har i alle fall skrive eit flott dikt om ein variant av oss bibliotekgjester
», helsar ho Rut Andrea Nervik i Trondheim.

Takk for ei mengd rette svar! Han Gunnar Bæra, bibliotekar på Løten, har fått premie i posten – om ikkje posten svikta.

Skeisebibliotekarane i LASK ynskjer god helg, lukke til med hjortetakksaltet og lurer på om vi verkeleg har S-lag med oransje logo. Nei, vi har ikkje det, men det er rart med det. Eg får meg ikkje til å kalle det noko anna enn samvirkelaget. Apropos ærendet mitt på buda, så heldt eg på å få hjarteattakk alt då eg såg han Jo-Jo. Han har klypt av seg den fine luggen!

– Kva har dei gjort med deg, datt det ut av meg.
Ikkje det at eg har noko med det, men han kunne ha spurt først! Jaja. Sånn kan det gå.

Klok på bok 595
Jeg heter Jo. En dag fløtta muttern og jeg til Provinsen.

Forfattaren debuterte under psevdonym i 1976 med det  som Kjartan Fløgstad kallar ein daningsroman i ein tekst i boka om forfattaren som kom i haust. Forfattaren vart berre 56 år gammal. Kven vil eg fram til?
Svar Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.
no eller faks 22 41 42 10 før måndag 6. januar. God jul!
Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |