Dag og Tid nr. 51, laurdag 21. desember 2002

Industri:
Fiskeindustrien på sotteseng

Det går dårleg med norsk fiskeindustri. Situasjonen er så dramatisk at professor Terje Vassdal fryktar at det kan enda som med tekoindustrien:
– Norsk fiskeindustri kan verta utradert.

Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no

Tidlegare denne veka kom Terje Vassdal, professor i bedriftsøkonomi ved Norges fiskerihøgskole i Tromsø, med hard kritikk av Statens nærings- og distrikstutviklingsfond (SND). Han slo fast at satsinga på store fiskerikonsern var feilslått og fører til konkursar. Han viste til at anlegga vert for dyre i drift, og at dei er avhengige av store mengder råstoff. SND har tapt fleire hundre millionar kroner på å byggja opp store og ulønsame fiskerkonsern, og konserna slit med milliardgjeld.
Berre i år har 28 fiskebruk gått konkurs, fortalde NRK denne veka. På Sørøya utanfor Hammerfest har til dømes alle fiskeriverksemdene gått konkurs.

Mellomstore best

Professor Vassdal slår fast at det har vore naudsynt med ein viss konsentrasjon av verksemdene, men i nedgangstidene som no, har ikkje verksemdene vore lønsame.
– Kor store bør fiskeribedriftene vera for å greia seg?
– Det avheng av produksjonen, men det kan sjå ut til at bedrifter med kring 50 tilsette er store nok. Det er ikkje nokon fordel å vera liten i denne bransjen heller, og det ser også ut til at småbedrifter med 10-15 tilsette har store problem. Overlever dei, må dei ofte gå til permisjonar. Fleire av bedriftene som har gått konkurs, har hatt kring 150 tilsette, men dei kan inngå i større konsern med opptil tusen tilsette.
– Er alle dei 28 konkursane i år knytte til store verksemder?
– Nei, for i år er det nesten umogeleg å tena pengar både for stor og liten. Det er ulike årsaker til det. Det har vore lite og dyrt råstoff. Dessutan førte valutaendringa til ein ekstrakostnad på om lag ti prosent på eitt år. I tillegg har marknaden vore dårleg for frosenfisk på blokk, saltfisk og klippfisk. I augneblinken er ingen del av fiskeriverksemda lønsam.
– Er det lysare utsikter for den næraste framtida?
– Det ser ikkje så lyst ut for det første halve året. Det kan vera at frosenfiskindustrien som produserer billegprodukt, har sett sine beste dagar. Billegprodukt kan produserast i utlandet, basert på frose råstoff.
– Framtida er dyster for fiskeindustrien?
– Ein må vera budd på at det kan gå med fiskeindustrien som med tekoindustrien, og det bør politikarane vera budde på. I dag har ikkje Noreg nokon tekoindustri, og me har bestemt at me ikkje skal verna om den innanlandske industrien. Difor har me billege industrivarer her i landet.
– Du fryktar at fiskeindustrien skal forsvinna?
– Ja, dersom den lønsemda ein har i dag, varer i to år til, kan ein rekna med det. Då endar ein med eksport av ferskvare, men det treng ikkje vera negativt. Det er slik ein driv det på kontinentet. Fisken går stort sett som ferskvare til konsumentane, medan ein importerer frosenfisk frå Alaska.

Importert arbeidskraft

– Men i Nord-Noreg har ein vore oppteken av at fiskeforedlinga skal gje arbeidsplassar?
– Det er svært vanskeleg å greia det. Ein kan ikkje lata fiskeindustrien vera ansvarleg for å halda oppe sysselsetjinga i denne delen av landet. Fiskeindustrien har tapt svært mykje pengar dei to siste åra, truleg kring 700 millionar kroner, men fiskebåtane opplever brukande lønsemd på grunn av høge prisar. Frå 1997 er prisen dobla, og det gjer at mange fiskebåtar greier seg. Det finst dei som er viljuge
til å kjøpa fisk til høge prisar,
og somme kjøper for pakking til ferskvare, men dei som er avhengige av fisk til produksjon har vanskar.
– Kan politikarane gjera noko for å verna om fiskeindustrien?
– Spørsmålet er om dei bør gjera noko. Dei er bundne og kan ikkje gje så mykje direkte støtte. Det er marknaden som avgjer råstoffprisane. Politikarane kan gje subsidiar som kortvarig støtte, men dei er ikkje viljuge til det. Dei kan få ned renta, men det har med prisnivået generelt å gjera. Ofte gløymer ein at sysselsetjinga i somme fiskeindustribedrifter ikkje er baserte på lokal, men på importert arbeidskraft. Det gjeld spesielt i Finnmark. Ved somme anlegg i fylket er halvparten av arbeidsstokken tamilar.

SND-kritikken

Vassdal viser til at det er svært vanskeleg å få til trygge heilårsarbeidsplassar i fiskeindustrien.
– Det er om lag som å tryggja heilårs arbeidsplassar i potetbransjen i Noreg, seier professoren.
– Er russarfisken til hjelp?
– Det var knytt stor optimisme til russarfisken etter 1989, men russarane har bygd om ferskfisktrålarane til frysetrålarar. Dermed er dei ikkje avhengige av å levera kvar veke. På dei tre-fire siste åra har det vore ei dreiing mot å landa frose råstoff, og dermed kan heile landet delta i konkurransen om russarfisken. Dessutan byrja russarane med kvoteauksjonar. Tidlegare fekk russiske interessentar kvotane gratis. Slo dei seg saman med nordmenn, kunne dei båe verta rike. No må dei kjøpa kvotar, og då kostar det opptil sju kroner kiloet. Dermed vert det ein ekstrakostnad. Lønsemda ved å arbeida saman med russarane har vorte drastisk redusert på eit par år.

Ver varsam

Då SND satsa på store konsern og hjørnesteinsbedrifter på 90-talet, vart dei møtt med kritikk frå fleire forskarar.
– Men dei var ikkje interesserte i kunnskapen til akademikarane. I staden gjekk dei til konsulentar og andre synsarar.
Vassdal meiner at SND bør vera meir varsam med å driva industripolitikk, og heller venta på søknader som kjem frå folk med gode prosjekt.
– Vil du rå til at ein avviklar heile den norske fiskeindustrien?
– Nei, sjølv om det i augneblinken ser ut om det hadde vore det beste. Fiskeriindustrien er usikker, med store svingingar i lønsemda. Det er farleg for politikarane å basera seg på fiskeindustrien for å oppretthalda sysselsetjinga i dei mest sårbare utkantstroka.
– Kva råd vil du gje politikarane?
– Eg trur at marknaden kjem til å avgjera kva råstoffet skal gå til. Er det lønsamt å selja fisken fersk, kan dei la folk i fiskeindustrien driva med det. Dessutan må anlegga ha gode sjansar til omstilling, både på grunn av uvissa ved marknaden og råstofftilgangen.
– Kan ein like godt gje opp foredlinga av fisken?
– Eg trur ikkje at ein bør satsa så sterkt på foredlinga. I Austevoll har ein ikkje så mykje foredlingsindustri att, men det er den rikaste fiskarkommunen i landet. Eg reknar med at verdiskapinga i fiskeria kjem til å skje meir og meir på fiskebåtsida, ettersom det er der dei kan ta ut overskotet. Kanskje bør fiskerinæringa verta meir av ei haustingsnæring, og ikkje så mykje ei foredlingsnæring. Det er kynisk å seia det, men eg trur ikkje ein skal prøva å produsera noko som er svært vanskeleg å få lønsamt, berre av di ein vil oppretthalda sysselsetjinga.
– Du er ikkje samd med Thorbjørn Jaglands som argumenterer   for meir fiskeforedling?
– Han er politikar – med vyar. Eg kan vera kynikar, seier professor Terje Vassdal.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |