Dag og Tid nr. 51, laurdag 21. desember 2002

Bøker:
Sanninga om Paal Brekke?
Biografien om Paal Brekke er eit steg i rett retning når det gjeld mottakinga og foredlinga av mannen og dei bøkene han utgav nær sagt i alle sjangrar, skriv Atle Christiansen.

BIOGRAFI
Toril Brekke:
Paal Brekke.
En kunstner. Et liv
Aschehoug forlag

Eg veit ikkje om det er rett å seie at forfattarskapen til Toril Brekke er opp- eller nedskrytt, eller om ho har fått passeleg omtale for det ho har skrive. Ho debuterte med ein roman i 1976, og sidan har ho skrive både romanar og noveller. Eg kjenner novellene hennar, og dei har eg lenge hatt lyst til å skryte av (det er kanskje derfor eg lurer på dette med opp- og nedskryting av Toril Brekke, er det bare eg som kjenner trong til å skryte av henne?) Novellene hennar er avmålte og kjølige, nesten uttenkte utan at dei er blodfattige, og dei er som regel alltid tufta på ein god idé. Dei går ikkje på lyrisk tomgang, men på noe vi kanskje kan kalle den ibuande eller nødvendige framdrifta i historia som driv novella. Nå har den røynde forfattaren skrive ein biografi, og den biografien handlar om far hennar, blant litteraturfolket også kalla for «modernismens far» i Norge. Han heiter Paal Brekke, og blei fødd året etter at T.S Eliot gav ut The Waste Land (1922). Eliot var viktig for Brekke, og i 1949 gav han ut ei vektig omsetjing av det klassisk modernistiske verket frå 1922.

Sjeldan forfattartype

Paal Brekke er ein sjeldan forfattartype som neppe har sin make i Norge, og da tenkjer eg ikkje bare på at han skreiv framifrå og banebrytande lyrikk, men at han også var ein omtykt og dyktig omsetjar, samtidig som han var ein klok, ivrig og produktiv kritikar og introdusør av norske og utanlandske forfattarar. I motsetning til andre forfattarar som har vore entusiastiske i sitt arbeid med å presentere andre forfattarar, var Paal Brekke langt meir open for folk som skreiv ut frå andre teoretiske og personlege horisontar enn han sjølv gjorde, jamvel om Paal Brekke også såg det som si oppgåve, kanskje han også såg det som sitt program til tider, å seie frå om at det gjekk an å skrive poesi utan rim og rytme. Sjølv forlèt forresten Brekke aldri verken rimet eller rytmen, han meistra rimkunsten til fulle, og han skreiv formfullendte sonettar, men gjennom eit langt forfattarliv utforska han også andre skrivemåtar.

Gjennombrotet

Paal Brekke debuterte allereie som flyktning i Sverige under den andre verdskrigen. Sitt gjennombrot fekk han i 1949, og det er eit merkeår i norsk poesihistorie. Paal Brekke gir dette året ut to bøker, ei bok med eigne dikt, Skyggefektning og ei omsetjing av T.S. Eliots The Waste Land. Dermed var modernismen komen til Norge for alvor. Paal Brekke skulle bli ein markant personlegdom på den litterære arenaen i åra som kom, både som forfattar av eigne bøker, som omsetjar og som kritikar. Han stod som skyteskive i tungetaledebatten mot Arnulf Øverland og kom seg heilberga igjennom. Da dei langt mindre skolerte profilistane slo seg fram på 1960-talet, klarte dei ikkje heilt å bane seg til topps utan å rakke ned på Paal Brekke. Sjefideolog, sjefklagar og sjefsutrar den gongen som nå om dagen, var Jan Erik Vold. Med minimalt med teoretisk ballast og maksimalt med ungdommeleg pågangsmot valsa Jan Erik Vold omkring med si verbale hagle og skaut på Peter R. Holm, Stein Mehren og Paal Brekke. Historia om Jan Erik Volds feilskriving av norsk poesihistorie er ennå ikkje skriven, men også Toril Brekkes biografi om Paal Brekke blir eit dokument å studere når forskarar endeleg finn seg tid til å utforske den saka.

Eit livsløp

Eit livsløp startar med fødselen og held fram med veksten og forfallet og sluttar med døden. Og slik er gjerne ein biografi bygd opp også. Fordelen for biografen er at han kjem i etterkant av livet og dermed kan forstå baklengs det som folk må leve forlengs. Toril Brekke har delt inn si bok og farens livsløp i fem kapittel: «Opphav og barndom», «Okkupasjon og eksil. Litterær debut», «Etterkrigstidens utfordringer og seire», «Fallet» og «Gjenreisningen».
Eg tar meg stadig i å tenkje på Toril Brekkes biografi som ein roman, ein lang slektsroman som tar til på Røros ein gong på 1800-talet. Biografien byrjar rett nok med å slå fast at «Vår historie begynner den 17. september 1923.» Denne dagen og dette året er fødselsdagen til Paal Brekke, men heile det første kapittelet er i lange parti eit tilbakeblikk på tida lenge før 1923. Her blir lesarane presenterte for slekta til Paal Brekke. Størstedelen av slektshistoria er vigd foreldra til Paal Brekke, faren Egil som blei prest, og mora Elinor som skulle ha blitt meir enn husmor. Johan Falkberget er på vitjing hos presten på Røros og drøftar moral og litteratur.
Egil Brekke verkar å vere ein seriøs prest, altfor seriøs kanskje, i alle fall lærer vi gjennom biografien å kjenne han som ein fråverande far som stadig hadde ei oppgåve å utføre på kontoret. Det er liten grunn til å tru at Egil Brekke var særleg annleis enn andre menn på den tida. Elinor blir den som tar seg av heimefronten og lærer dei fire barna å te seg som folk, og på den tida for den slags folk vi her snakkar om, betydde det å vere gode eksempel og i det heile tatt føre eit sømmeleg og gudfryktig liv. Av og til blir det uklart om det er Elinor eller Egil som er den største handhevaren av det sømmelege livet, men det er Elinor som styrer til kvardags, slik står det i alle fall i boka. Det viktige å få med seg her er at familien Brekke er gudfryktige, og det blir tungt for Elinor å oppleve at den eine etter den andre av dei fire barna i løpet av få år vender gud og kristenlivet ryggen. Og den bortkomne faderen blir sjølvsagt eit etisk problem av dimensjonar for modernistane, også for Paal Brekke som skulle dikte nytt i ei ny tid da gamle gudebilde ikkje lenger skinte så klart som før.

Omfangsrik biografi

Toril Brekke er neppe innom alle kapitla i det mangfaldige livet som Paal Brekke har levd som son, bror, ung mann, eldre mann, ektemann, far og forfattar. Biografien har likevel blitt ein omfangsrik affære på 327 sider. Sjølvsagt teiknar ho eit sympatisk bilde av far sin, noe anna ville ha vore både ufint og uventa. Ho har derimot ikkje utelate mindre flatterande sider ved farens karakter og levemåte, til dømes hans alkoholisme og det som alkoholmisbruket førde med seg.
Som dotter av modernismens far, har ho følgt han på svært nært hald. Alt det nære har ho sjølvsagt ikkje skrive om, men ho skriv om meir enn nok av det personlege i livet til Paal Brekke til at denne biografien i tillegg til å vere eit verdifullt kulturhistorisk dokument også er blitt ei vart, sårt og klart portrett av ein far og forfattar. Vel, det er forfattaren ho skal skrive om, og det klarer ho ypparleg, men det er ikkje til å unngå at vi av og til ikkje bare ser biografen i det som står skrive, men også ser dottera. Og det skulle bare mangle, og i grunnen skulle det ha vore enda meir personlege utleggingar i denne biografien. Men høfleg som ho er, har Toril Brekke ønskt å halde «biografens nødvendige distanse», som ho seier i forordet. Det er greitt. Eg forstår henne. Eg forstår også dei andre atterhalda hennar, slik opnar ho forordet: «Det er ikke lett å skulle portrettere sin far. Vi sto hverandre svært nær. Det kan være en fordel. Det kan gjøre det vanskeligere. Men noen bør skrive denne boken. Han spilte en viktig rolle i sin tid, innen sitt felt.»
Ja, noen burde skrive denne boka, og så var det dottera som måtte gjere det. Nå skal ikkje eg leggje særleg mye til eller frå denne opninga til Toril Brekke, men la meg seie det slik at det så langt eg veit, utelukkande har kome ut éi bok om Paal Brekke før årets biografi, den førre var artikkel- og essaysamlinga Lenkede fugler som evig letter – Om Paal Brekkes forfatterskap, Ole Karlsen (red.), Oslo 2001. Av dette kan vi anten slutte at Paal Brekke er ein uinteressant norsk poet og kritikar eller at monografiar og biografiar over norske lyrikarar ikkje er noen særleg utbreidd sport blant litteratane.

Kunsten

Kva var det så som betydde noe for Paal Brekke? Det var sjølvsagt kunsten, i tillegg til det private var det kunsten, det var gjennom den han prøvde å forstå seg sjølv og si tid. På eit tidspunkt da han kanskje ikkje skulle ha gjort det, heldt han eit glødande foredrag om kunsten. «Skjønner han selv hvor han plasserer seg, til forskjell fra de unge? Han stiller seg frem som en kunstens forsvarer, den som skaper verden om igjen», skriv Toril Brekke om ei tid da kunstnarane gjerne såg seg sjølve som kulturarbeidarar heller enn kunstnarar.
Biografien om Paal Brekke er eit steg i riktig retning når det gjeld mottakinga og foredlinga av mannen og dei bøkene han gav ut i nær sagt alle sjangrar. Boka er lærerik på fleire nivå, her er gode tidsbilde frå alminneleg folke- og familieliv frå 1800-talet og fram til vår tid, og her er kunnskapsrike skildringar av litteratur- og kulturhistoria i den same perioden. Og så lærer vi ein del om Paal Brekke også. Men sanninga om Paal Brekke fekk vi neppe, vi fekk ein bit frå ein haug med brotne bilde.
Atle Christiansen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |