Dag og Tid nr. 46, laurdag 16. november 2002

Roald Helgheim:
Når blodtåka har letta


Først gjekk det meg hus forbi. Så oppdaga eg at saka mot den berykta asyladvokaten har runne ut i sanden. Du hugsar han, Terje Tune som til TV2s løynde kamera tilbaud seg å komponere ei truverdig historie for ein asylsøkjande tv-provokatør av ein russar? Statsadvokaten la vekk saka fordi «intet straffbart forhold ansees bevist». Den juridiske avgjerda er inga etisk kvitvasking av advokaten, men politiet meiner TV2 utsette Tune for ein provokasjon, og at han dermed ikkje har gjort noko straffbart. At han mista jobben i advokatfirmaet, kan han sikkert ikkje gjere noko med. Men då saka kokte som verst, var det ikkje måte på kor mykje oppvask det skulle bli, ikkje minst frå UDI som saman med Oslo politidistrikt melde han. Men etter det Aftenposten skreiv 18. oktober, var ein hemmeleg UDI-rapport om saka i røynda ei reinvasking. Han kan ha påverka asylsøkjarane i 11 av 206 asylsaker, men det er ikkje funne prov for det. Berre ein av klientane gav ei ny forklaring som kunne endre avgjerda, og advokaten til Tune kallar dette ei reinvasking. Som tidlegare UDI-tilsett veit Tune kva som kvalifiserer til opphald, og kvifor skulle han komme med råd som det ikkje var hjelp i?

Om det resonnementet held, kan ein diskutere, men dømet illustrerer det som held på å bli ein gjengangar: at det offentlege oppstyret i kjølvatnet av slike dramatiske saker, som særleg gjeld innvandrar- og asylspørsmål, som regel ikkje fører til anna enn å skaffe media feite oppslag. Nokon ligg skadeskotne att på slagmarka. Når blodtåka har letta og sjølve saka har kokt bort i kålen, blir det knapt registrert.

Til Dagsavisen måndag seier tre personar som arbeider i feltet, at Norge har ein streng innvandringspolitikk, men ingen integreringspolitikk. Utgangspunktet er den pågåande ankesaka etter Holmlia-drapet, eit rasistisk mord som sjokkerte nasjonen heilt opp til statsministerens kontor, før 11. september og æresdrapet i Sverige kom og snudde alt på hovudet. Integreringsrådgjevar Loveleen Rihel Brenna, Olaf Thommessen i Annette Thommesens Minnefond og Nadeem Butt ved Antirasistisk Senter seier at alle integreringstiltak som vart lova, har dunsta bort. Alt kom i skuggen av alle panikkframlegga retta mot minoritetar. Det er typisk at kravet om norskkunnskap no blir knytt til statsborgarskap og trugsmål om utvisning, i staden for å skape sosiale arenaer der norskkunnskapane kan brukast. Krav om norsk burde knytast til arbeid. Det ville hatt noko å seie for deltaking i samfunnet, seier dei.

Blodtåka senka seg over politikarar og media før æresdrapet, og før 11. september. I Norge kan knapt noko måle seg med ramaskriket etter «Kadra-saka». Med løynt TV2-kamera avslørte ungjenta Kadra i «Rikets tilstand» at fire religiøse leiarar i Oslo tilrådde omskjering av jenter. Laurdag for ei veke sidan spurde journalist Inger Anne Olsen i ein tankevekkjande artikkel i Aftenposten: «Var rikets tilstand sånn som vi trodde?». Med utgangspunkt i ei semesteroppgåve i journalistikk av Shanti Gylseth, og det bakgrunnsmaterialet TV2 sjølv la ut om saka på nett, viser ho at ein av dei fire, den gambiske imamen Ebrahim Saidy, først rådde Kadra frå omskjering. Kadra gir seg ikkje, lenger ute i samtalen seier ho: «Nei. Jeg skal ha en ordentlig. Mamma sier jeg skal en ordentlig, somalisk omskjæring». Då får vi det svaret vi høyrer på TV, at dersom mor vil, er det best å gjere det. «I denne situasjonen er det best at du adlyder dine foreldre». Også seinare i opptaket går imamen mot omskjering, men seier så at ein må lyde foreldra.

Slik Inger Anne Olsen framstiller det, er programmet klipt og redigert for å nå eit journalistisk mål. Kari Vogt kallar det «å klippe hæl og skjære tå». Journalist Olsen gjengir sjølv eit intervju ho gjorde med ein av dei «avslørte», Kebab Secka, etter programmet, men som ikkje vart brukt fordi ho såg på det som ei bortforklaring. Han seier: «Jeg var forvirret over samtalen med henne, for munnen hennes sa en ting, kroppen noe annet. Kommunikasjon er ikke bare ord. Jeg ba henne følge morens vilje for å framtvinge en reaksjon. Få henne til å komme ut. Men reaksjonen kom ikke. Da var jeg helt sikker på at dette ikke handlet om omskjæring».

Eit medlem av Pressens Faglige Utvalg vedgår til Aftenposten at utvalet si handsaming av ei klage mot programmet (som PFU avviste), var prega av den oppheta situasjonen.

I ettertid kan alle slå fast at dei religiøse leiarane uansett skulle frårådd omskjering, men med utgangspunkt i provokasjonen som journalistisk metode er det grunnleggjande spørsmålet: Til kva formål vart programmet laga? I TV2-programmet Tabloid etter Kadra-avsløringa hadde Ebrahim Saidy ikkje ein sjanse mot ein overhøvlande programleiar. Karita Bekkemellem Orheim sa han måtte be det norske folk om orsaking, noko han gjorde for ope kamera. Ho ville dessutan melde saka, og justisminister Dørum sa at meiner ein slikt, «må man rett og slett dra», altså reise frå Norge. To år seinare har Dørum ikkje gjort noko, Bekkemellem Orheim melde aldri saka, og Riksadvokaten såg aldri nokon grunn til å gripe inn.

Men programmakarane har sitt på det tørre. Det var ei god sak. «I kveld skal vi avsløre løgn, svik og grov barnemishandling». Slik introduserte Gerhard Helskog «Rikets tilstand» denne kvelden. Eg trur meir på han som sa: «Da var jeg helt sikker på at dette ikke handlet om omskjæring».


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |