Dag og Tid nr. 44, laurdag 2. november 2002

Roald helgheim:
Vitne til sjølvmord

Då prins Carl etter to og eit halvt års førebuing skulle ta opptaksprøva til Sjøofficersskulen i København, vart han desidert sistemann. Offisielt var han nummer to, men det var fordi han kom inn på «Prinsepladsen», ein kongeleg friplass «som hevet den minst lærde kongssønn opp over borgerlighetens og lavadelens hardt tilkjempede poengsummer», som Tor Bomann-Larsen skriv. Den suverene vinnaren var Kai Simonsen, yngste son til kammersongar ved Det Kongelige Theater, Niels Juel Simonsen. To år etter, den 17. oktober 1891, tok kadett Simonsen sitt eige liv. Han sette pistolen mot tinningen og skaut seg gjennom hovudet, rett framfor augo til arveprinsen, som var det einaste vitnet. Ramma var ein fuktig avskilsfest for to av lærarane på skulen, Carl hadde nett følgt ein sliten kadett til rommet hans, mens Simonsen rett før hadde hatt ein krangel med ein inspiserande kvartermeister som slo kadetten til naseblods.

Med sans for drama kan Tor Bomann-Larsen i boka Kongstanken – den første i biografien om Haakon VII og Maud – fortelje at kammersongar Simonsen same kveld song hovudrolla i Rossinis opera Wilhelm Tell, om republikanaren som på grunn av ei majestetsfornærming vart dømd til å skyte eit eple plassert på hovudet til sonen. Men dramaet på kadettskulen hadde fleire akter. Kommandør William August Carstensen hadde, gjennom klagebrev utanfrå til marineministeren, fått kvass kritikk for regimet både på kadettskulen og det tilhøyrande skipet Dagmar. Men etter at kadetten brått døydde, var det også røyster som heva seg mot den «tidsånden» som fekk næring på teaterscena, der både Ejlert Løvborg og Hedda Gabler tok livet av seg i «en død i Skønhed». Henrik Ibsen, som gjennom sine samtidsdrama var ein meister i å ta pulsen på samtida, fekk faktisk indirekte skulda for sjølvmordet gjennom ei medisinsk «betenkning» Carstensen bestilte frå skipslegen, som tok utgangspunkt i kadett Simonsens interesse for teatralske sjølvmord. Men pressa var meir kritisk enn som så, og då Carstensen til slutt måtte søkje avskjed som sjef, hadde ein eigen kommisjon peika på skrekkregimet hans som sjølve årsaka til sjølvmordet. Det einaste som likna på ein Ibsen-replikk, var det siste ordet frå kadetten før han skaut seg: «Nu har jeg det rigtig godt».

Soga er ein flik i Bomann-Larsens stort anlagte, første bind om den europeiske dynastibygginga, som bakteppe for giftarmålet mellom kongsemnet Carl og dronningemnet Maud som boka byggjer opp til. Men det er både flikar og trådar som dette som gjer boka til å halde ut, for ein som rett som det er går i surr i dei dynastiske slektstavlene som er stammen i verket. At sjølvmordet i einerommet til den kommande norske kongen ikkje fekk eit einaste tabloid uttrykk dagen etter boklanseringa (draumetittel: «VITNE TIL SELVMORD!»), skuldast kan hende meir sløv lesing enn kollisjon med gisseldramaet i Moskva. At vesleprinsen elles fekk ein låk oppvekst under husregimet til kronprinsesse Louise, veit vi no. At den kommande sjøoffiseren vart spådd ute av stand til å føre eit skip, har vi også fått med gjennom avisene. Men det er dei verkeleg skjelsetjande drama som er denne boka sin nerve, og det gjeld også dei teatralske.

Dei både teatralske, litterære og politiske slagsmåla mellom tidsåndene Bjørnson og Ibsen (med vesle-Ibsen Sigurd som politisk puddel) går som ein tråd gjennom heile bindet. Og Bomann-Larsen hadde ikkje vore den nasjonale krønikeskrivaren vi kjenner, om han ikkje hadde sett eit drama av ein høgare orden utspele seg, nord om alle dynasti. Når Fridtjof Nansen avsluttar første bolken i boka med å gå skituren over Grønland heilt til London og København, før han gifter seg i Kristiania, så er det berre byrjinga. Boka Kongstanken sluttar ikkje med brudebildet som prydar framsida, men med det vikingtoktet nord om den 86. breiddegraden som Nansen fullførde med eit triumftog gjennom Kristiania 9. september 1896.

Dagen før hadde den vaklande bernadotten Oscar II køyrt til Slottet gjennom gater som var under pynting for ein større konge, ein norsk viking. Men sjølv om dynastiet Glücksborg er i konstant strid med huset Bernadotte om det skandinaviske og europeiske hegemoniet, skal også den kommande norske kongen få ei reim av det svenske dynastiet som tapte i 1905. Kong Karl XV fekk ingen son (difor vart broren konge, Oscar II). Han fekk berre ei dotter, Lovisa, som med namnet Louise skulle bli Danmarks dronning. Mens ho var kronprinsesse fekk ho i 1872 dei siste formaningar frå dødsleiet til Kong Karl, om Norge. Då hadde ho nett fødd prins Carl, den kommande kong Haakon VII.

Men slik måtte det altså bli i hus der den kongelege innavlen får dagens debatt om nært slektsgifte til å bleikne, og der brikkene vart utplassert på eit europakart teikna av kongelege dynasti. Det danske kongeparet av 1863, Christian IV og den første dronning Louise, fekk tre av borna sine gifte inn på først den engelske, så den greske og den russiske trona. Den første (Fredrik III) vart konge av Danmark, mens dei to siste måtte ta til takke med ein kronprins av Hannover og ei prinsesse av Orleans (mindre enn ei vesletå inn i Frankrike). Gjennom Alexandra blir huset Glücksborg kryssa med huset Windsor, som under dronning Victoria greinar seg ut over resten av Europa. Difor var Maud og Haakon VII som kjent også syskenborn, forlova på ein sykkeltur i parken, ja, eit ekte kjærleikspar om vi skal tru alle breva forfattaren har lese. Og vi ventar på neste bind.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |