Dag og Tid nr. 40, laurdag 5. oktober 2002

Herbjørn Sørebø:
Den første og største

Det er merkeleg at det ikkje har vorte skrive ein biografi om Lise Lindbæk – den første og største norske krigsreporteren – før Sigrun Slapgard nå har gjort det. 56 år gammal valde stjernejournalisten å gjere slutt på livet ved å hoppe frå ei kai i Kiel. Lise Lindbæk var ei legende i levande live. Skildringane hennar i Dagbladet frå fronten i den spanske borgarkrigen er pressehistorie. Det var ein verdssensasjon då ho i lag med Nordahl Grieg tok seg inn i Teruel i ein tank og avslørte at byen ikkje var hærteken av fascistane, slik dei hevda. Ho sat midt i kuleregnet og rapporterte med livet som innsats. Samstundes skriv ho boka om bataljon Thälman. Under den andre verdskrigen var ho i USA og skreiv boka Tusen norske skip, eit sterkt vitnemål om den innsatsen norske sjøfolk gjorde.

Med eit vinnande smil hadde Lise Lindbæk lett for å få kontakt med folk på alle nivå. Ho snakka sju språk og stod aldri i beit slik. Ho hadde ei uvanleg sterk utstråling. Inntrykk frå nokre personlege møte med henne sist i 50-åra er lette å kalle fram. Augo hennar var djupe som tjørner, av og til drøymande, oftast kvikke av nyfikne, og så kunne dei lyne når ho høyrde noko ho ikkje likte. Sigrun Slapgard teiknar eit bilete av henne som gjer at ein kjenner henne att for det indre augo når ein les. Det er ein godt underbygd og velskriven, medrivande biografi Lise Lindbæk har fått.

Gjennombrotet som journalist her heime fekk Lise Lindbæk med reportasjane ho skreiv om Roald Amundsen og Umberto Nobile under arbeidet med luftskip. Internasjonalt vart ho eit stort namn i den spanske borgarkrigen, men ho var vide kjent før det. I Italia såg ho fascismen vekse fram, så nazismen i Tyskland. Ho gjekk ut av riksdagsbygningen i Berlin berre nokre minuttar før brannen. Det var berre eit slumpetreff, men ho var ein journalist som måtte sjå alt med eigne augo. Dei åtvarande artiklane hennar mot fascismen og nazismen vart det lagt merke til, og dei vekte folk.

Skrivelysten låg i slekta. Mor hennar, Sofie Aubert Lindbæk, sleit trappene i mange redaksjonar, og det var skrivande kvinner bak henne. Den danske faren var historikar, men vart kalla til utanriksredaktør i Berlingske Tidende. Han rapporterte frå skyttargravene i den første verdskrigen. Også han måtte sjå alt med eigne augo. Han mana dottera til sjølvstende. «Du skal alltid gjøre det du selv syns er riktig og ikke rette deg etter andres omdømme», sa han til henne.
Og sjølvstendig vart ho. Eit kort ekteskap med ein svensk arkeolog som ho fekk eit barn med grunnstøytte fordi dei politisk valde skilde vegar. Dottera Janka, som ho med advokathjelp fekk ansvaret for, såg lite til mor si, for ho var over alt der det var brennande jord. Biografien er også forteljinga om dei vanskane ei åleinemor har.

På den internasjonale arenaen førte Lise Lindbæk seg sjølvsikkert. Ho knytte vennskap med mange framståande menneske, blant dei Ernest Hemingway, som ho jamvel fekk ei gåve av. Biografien stikk ikkje under stol at det var mange menn i livet hennar. Ukjent til nå er det at statsråd Sven Oftedal var ein av dei. Han ville berge henne frå alkoholen som til slutt knekte henne. Dei to var så tiltrekte av kvarandre at det kunne ha enda med at statsråden skilde seg og gjorde skandale, men så døydde han før det kom så langt.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |