Dag og Tid, nr 38, laurdag 21. september 2002
Nynazisme:
Nettkamp mot nynazisme
Vi kan ikkje forby politisk ekstreme nettsider. Det som trengst er meir motkunnskap, seier Juliane Wetzel ved Zentrum für Antisemitismusforchung i Berlin.
Roald Helgheim
roald@dagogtid.no
Senteret held til på Technische Universität, og vart skipa i 1982. Opphavleg var det ein teknisk høgskule, no er det eit fullverdig universitet. Det dekkjer eit vidstrekt område aust for Ernst-Reutzer-Platz og vart skipa i 1879.
Då universitetet vart gjenoppstarta i 1946, var det brei semje om at det skulle ha eit vidare grunnlag enn namnet tilseier, fordi den teknologiske utviklinga grip inn i så mange område, seier Wetzel, som sjølv arbeider med internett, der utviklinga av høgreekstremistisk og nynazistisk propaganda har vore eksplosiv dei siste åra.
Berre tyskspråklege nettsider er det over 1300 av, i eit land der nazistisk propaganda er forboden. Forbyr ein organisjonar, held dei likevel nettverket i live på internett, seier Wetzel, som meiner det offentlege må tenkje seg vel om før dei går til rettslege åtgjerder, i staden for å satse meir på informasjon og utdanning som gjer folk meir kritiske.
Styraren av senteret er professor Wolfgang Benz, som har publisert mange bøker om nynazisme og høgreekstremisme. Ein av titlane er Auf dem Weg zum Bürgerkrieg? Rechtsextremismus und Gewalt gegen Fremde in Deutschland. Til det tyske valet denne helga, har nær ein million nye landsmenn fått stemmerett, og då kjem det politiske frieri frå fleire kantar. Nokre gjer sine hoser grøne med å fri til muslimske veljarar med israelsk-fiendtslege fråsegner som grensar til antisemittisme, meiner Juliane Wetzel.
Senteret for antisemittismeforsking ligg i 9. etasje i ei av dei store universitsblokkene ved Ernst
Reuter-Platz. Det er ved enden av 17. juni-gata, gata i det gamle vest som fekk namnet sitt etter arbeidaroppstanden i aust i 1953. Skiljet mellom aust og vest pregar også den nynazistiske framveksten, då det «antifascistiske» DDR gjorde nazismen til eit vestleg problem og aldri gjorde opp med si eiga fortid. På oppslagstavla i 9. etasje heng eitt av mange avisoppslag der professor Benz gir ei ny tiltakspakke det glatte lag.
Korttenkt
Det er eit korttidstiltak av den typen styresmaktene tyr til kvar gong dei blir skaka av høgreekstremistiske valdshandlingar. Vi har i mange år prøvd å få støtte til eit Arbeitsstelle für Rechtsextremismus som skal arbeide meir langsiktig med spørsmålet, mellom anna gjennom å samarbeide med tilsette i sosialetaten. Vi fekk ikkje noko gehør for dette. No har vi fått økonomisk støtte frå lotto-inntekter.
Kor stort er det høgreekstremistiske problemet i Tyskland?
30-40.000 personar er aktive i miljøet. Styresmaktene prøver å forby det nasjonalistiske partiet NPD. Slike framlegg har ikkje vore fremja sidan 1950, då både kommunistpartiet og Sosialistische Reichspartei var i søkjelyset. Men røynslene viser at grupper som blir forbodne går under jorda og held kontakten gjennom såkalla Kameradenschaften, no mest gjennom internett. Forbyr du ein organisasjon, fjernar du ikkje det ideologiske grunnlaget. Dessutan har det vist seg problematisk å gripe inn mot grupper som folk frå overvakingspolitiet infiltrerer, seier Wetzel.
Høgreekstremisme og antisemittisme er ikkje berre eit nasjonalt problem, men eit internasjonalt problem. Radio Islam i Sverige står sentralt i dette, og anti-amerikanisme kopla med det som hender i Midt-Austen, har styrkt dette samarbeidet.
Meiner du at kritikk av Israel er det same som antisemittisme?
Nei, sjølvsagt er det ikkje det, men krigen blir brukt til å gjere jødar utanfor Israel ansvarleg for det som hender. Og det er det ikkje berre nynazistar og høgreekstremistar som gjer. Nestleiaren i det liberale partiet FDP, Jürgen Mölleman, gjekk til åtak på nestleiaren for det tyske jødesamfunnet, Michel Friedmann, og sa at krigføringa til Israel var årsak til antisemittismen i Tyskland. Dette viser også at vi ikkje berre må rette fokus mot ekstremistiske organisasjonar. Kimen til antisemittisme går gjennom eit breiare politisk spektrum.
Internett
Du har dei siste åra studert utviklinga på internett.
Eg har prøvd å følgje med dei siste tre åra. 1300 nynazistiske nettsider på tysk er ei firedobling frå 1999. Mange av dei brukar amerikanske servarar, men også russiske. Internettgiganten Yahoo tok dei ekstremistiske sidene bort frå nettet etter press, mens IBAY fungerer som ein auksjonsmarknad der du kan kjøpe kva du vil, seier Juliane Wetzel. «Aksjon Holocaust-barn» har lenge kjempa mot nynazisme og antisemittisme på nett. Nettsider som www.shoah.de, www.verfassungsschutzgegenrechtsextremismus.de, www.holocaust-education.de og andre gjer også ein viktig folkeopplysningsinnsats.
Det er naivt å tru at ein kan forby internett, seier Wetzel. Dessutan gir det ubehagelege assosiasjonar til totalitære regime også som også vil drive politisk sensur av internett. Det som trengst er meir opplysning og utdanning. Det kan vere vanskeleg å skilje høgreekstremistiske sider frå andre når ein søkjer på ord som Auschwitz, men det går også an å gjere noko med kva som kjem opp først når du brukar store søkjemotorar.
Tilfellet Schröder
Burkhard Schröder er ein journalist i Berlin som på heimesida har lagt ut rundt 100 lekkjer til dei viktigaste nynazistiske og rasistiske heimesidene i Europa. Det detaljerte oversynet han har, skal vere til stor nytte for folk som forskar i feltet. Schröder meiner at skal ein kjempe mot nynazistisk propaganda, må ein vite kvar han er.
Eg tykkjer ikkje det er ein god idé. Dei som verkeleg forskar i dette, greier å finne det dei leitar etter. Men eg ser ingen grunn til å gjere det lettare for folk flest, seier Wetzel.
Problemstillinga er den same når det gjeld kampen om retten til å lese Mein Kampf, som er forboden i Tyskland. Er det ikkje ein rett å lese ei så viktig bok?
Dei som vil, kan i dag skaffe seg både Mein Kampf og Sions vises protokollar. Difor trur eg heller ikkje på meir rettsforfølging. Det viktigaste er å endre utdanningssystemet og lære folk til å vere kritiske til all slags informasjon, seier Juliane Wetzel, som legg vekt på det internasjonale samarbeidet.
Kristhard Hoffmann, som no er ved universitetet i Bergen, var tidlegare ved instituttet i Berlin. Rundt 15 personar arbeider ved Zentrum für Antisemitismusforschung no.
Kva vil det kommande valet ha å seie for kampen mot rasisme og høgreekstremisme?
Dette er ikkje noko instituttet vårt uttalar seg offentleg om. Undersøkingar viser at folk stiller seg nokolunde likt til slike spørsmål i begge leirar. Men tilfellet Mölleman er alvorleg. Det er første gong ein velkjend politikar gir andre skulda for antisemittisme i Tyskland. Dei tidlegare leiarane for det liberale partiet som Gentscher og Scheel var genuint liberale, men signala dei nye leiarane sender ut etter overtrampet til Mölleman er illevarslande. Partileiar Giuido Westerwelle venta med å kritisere fråsegna til Mölleman til han måtte gjere det. Mölleman er framleis nestleiar i partiet. Vinn høgrekoalisjonen valet, blir leiaren for det nest største partiet utanriksminister, altså Westerwelle, seier Wetzel.
Ho trur meir på Fischers evner som fredsskapar. Den raudgrøne koalisjonen står fast mot ein ny krig i Det nære Austen, og Wetzel trur ein krig mot Irak vil splitte koalisjonen mot terrorisme.
Det er mitt personlege syn, seier ho.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|