Dag og Tid, nr 38, laurdag 21. september 2002
Musikk:
Då verda heldt fest i Berlin
Når Radio Multikulti fyller år, vert menneske frå 184 nasjonar inviterte til musikalsk fødselsdagsfeiring.
Noralv Pedersen
noralv@dagogtid.no
Erinnerst du?
Ho seier det diskret og ser med forgyllande augo opp på mannen sin. I ein vid fargerik kjole, kjem den velkledde kvinna gåande saman med ein byråkratkall med måne og mage og press i bukse og blazer. Arm i arm spradar paret, midt i førtiåra, frå konsert til konsert, smiler overberande til kvarandre når dei passerer dei unge og studentane som struttar med berre navlar, piercing og korte skjørt. Og seier:
Erinnerst du?
Gløymd integrering
Verdsmusikken byrjar å trekkja på åra. Paret minnest vel tida på slutten av 1980-talet då både dei og verdsmusikken var unge og coole. Men denne laurdagskvelden har altså den berlinske mellomklassen late seg lokka ut frå velutstyrte stover. Verdsmusikken feirar nemleg seg sjølv. Den unike radiostasjonen Radio Multikulti fyller åtte år og har invitert til Völkerball i Haus der Kulturen der Welt i Berlin.
I ein metropol med 3,4 millionar innbyggjarar, der 13 prosent av desse ikkje har tysk opphav, er det god grunn til å halda fest for ein radiostasjon som sender musikk frå heile verda 24 timar kvart einaste døgn, sendingar som vert kringkasta på 18 ulike språk.
Politikarane må vakna, seier Johannes Theurer og legg frå seg øyreklokkene. Theurer er redaktør i
Radio Multikulti og leier det direktsende programmet frå fødselsdagsfesten.
I Berlin bur menneske frå 184 nasjonar. Etter den tyske samlinga i 1989, har spørsmål om integrasjon vorte skubba i bakgrunnen. Politikarane diskuterer berre rasistisk-motivert vald og flyktningar, og gløymer ei særs viktig oppgåve, å sameina. Ved å spreia kunnskap om dei ulike folkegruppene i byen, prøver Radio Multikulti å integrera, seier Theurer.
Musikar utan publikum
Dei som lyttar på Radio Multikulti snakkar tysk, men altså også albansk og zulu. Dei feirar jul, pessach eller asiatiske sukkerfestar, og dei dansar til hitane frå tyrkisk popmusikk, til samba eller sørafrikansk kwaito.
I kveld er dei alle på fødselsdagsfesten: Dei tyske mellomaldrande, fallerte hippiar, globetrottarar, studentar, Die Grünen-veljarar, japanarar med striper i håret, algeriarar med tre skjorteknappar opne, store kongolesarbamsar med blendande muskelspel under tettsitjande, raude singletar og mørke latinske kvinner med yppige kjolar, klare for salsa.
Men dei latinohungrige må stå i ro ei stund til. Fyrst ut skal soukous-bandet Universel Grand-Lokito frå Kongo. Vokalist Ruffin Nkoy Loola har
nettopp vorte intervjua av Johannes Theurer og kjem hoppande ned frå det provisoriske radiostudioet. Loola har budd i Berlin i 14 år, men er framleis skuffa over at musikken hans aldri når ut til andre enn lyttarane av Radio Multikulti.
Det er håplaust å få konsertoppdrag for tyskarar flest. Me spelar oftast for andre afrikanarar og den afrikanske foreininga i byen. Utan Radio Multikulti hadde det vorte endå vanskelegare å etablera seg i den tyske musikkmarknaden, får Loola sagt før han vert jaga ut på scena.
Verdsmusikken i Berlin er annleis enn i metropolar som London, Amsterdam og Paris som har store grupper frå dei tidlegare koloniane, fortel Theurer.
Artistane i Tyskland kan ikkje livnæra seg av å spela for immigrantar frå heimlanda sine, slik til dømes algeriarane kan i Paris eller indarar i London. Her må dei forholda seg til eit breitt publikum av tyskarar og ymse innvandrargrupper. Det fører til at dei ikkje kan reindyrka tradisjonane frå heimlandet, men må eksperimentera, blanda stilar og vera kreative for å nå ut, seier Theurer.
Eit typisk band i så måte er Inward Journey, eit ensemble som miksar indiske
rytmar med modaljazz, ein stil etter Miles Davis der musikaren improvi-
serer med utgangspunkt i ein eller få akkordar.
Midt i det opne musikalske landskapet sit den virtuose indiske tablaspelaren og driv musikken framover ved å by den andre trommespelaren opp til perkusivt kappspel. Den eine slengjer ut ein rytmefrase som den andre hermar. Dei tergar, tøyser, ertar og morar kvarandre. Dei to øser seg opp og dreg bandet med seg. Musikken aukar i kraft til dei to rytmemakarane filtrar seg inn i kvarandre, til ein kompleks vev av synkopar, triolar og kaskadar av trommekvervlar.
Fascistmusikk
Før Andre verdskrigen var Berlin ein smeltedigel av austeuropearar. Også dei mange jødane som budde i byen på 1930-talet, skapte eit rikt musikkmiljø. Det gjekk tapt med holocaust.
Etter delinga av Berlin orienterte Aust-Berlin seg mot Aust-Europa. Men tyskarane likte ikkje det austlege. Då muren fall i 1989, vart folk glade for at dei slapp unna den påtvungne kulturelle venskapen med Aust-Europa. På 1990-talet har det difor berre vore få som har villa høyrt på austeuropeisk musikk.
Det er Christoph Borkowsky Akbar som fortel. Direktøren for det største tyske plateselskapet for verdsmusikk, Piranha Records, peikar også på eit anna særtysk forhold:
Fascistane brukte tysk folkemusikk for å eggja tilhengjarane til ideologisk kamp. Dei fleste tyskarar har difor teke avstand til tradisjonsmusikken. Dette er årsaka til at ein ikkje har hatt ei folkemusikalsk oppattvekking slik dei har hatt i Skandinavia og på dei britiske øyane, seier Borkowsky Akbar, som dei ti siste åra har skipa til det store fleirkulturelle karnevalet i Berlin-gatene.
I år var det over ein million vitjarar. Akbar er også mannen bak Heimat-
klänge, den årlege verdsmusikkfestivalen i Berlin, og Womex, den største internasjonale handelsmessa for verdsmusikk.
Eldfull salsa i øyro
Om tyskarane ikkje kjenner seg heime i sin eigen folkemusikk, skulle det vera nok av tradisjonar frå andre nasjonar å søkja musikalsk husrom i. På 1960-talet henta tysk industri titusenvis av kontraktsarbeidarar frå landa ved Middelhavet, og særleg frå Tyrkia. Det bur om lag 150.000 tyrkarar berre i Berlin.
Me kan takka dei vakre blonde tyske jentene for at det har kome så mange dyktige musikarar også utanfor Søraust-Europa til Berlin, seier Theurer med eit skeivt smil.
Nokre av desse finn ein kanskje i det cubanske bandet Sonido Tres, som set fyr på dei latinofrelste. Dei har stått lenge å venta no, men endeleg får salsaen rytmeføter å gå på når banden med blide cubanarar entrar scena. Det blenkjer i mjølk og sukker frå smila, det glimar forfengeleg i strykekantane på kvite silkeskjorter, og det strålar fest og speleglede i augo deira.
Par etter par får luft under kjolar og skosolar. Kvinnene svingar seg på høge hælar med pengane trygt i bh-en. Ein gamal sølvrev er mest oppteken av å få festa den eine handa på rumpa til kona. Den andre har han i fast grep om pipa. Det går sakte, utslaga i hoftene er små, og ebbar ut med den cubanske sonmusikken.
Tørst viftar kvinna med ein fuktig 10 euro-setel over bardisken. Ho tømmer glaset før ho på nytt forsvinn inn i armane hans og glir mage mot mage,
hofte mot hofte, tett og ømt over den mørkebrune parketten med eldfull salsa i øyro.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|