Dag og Tid, nr 38, laurdag 21. september 2002
Klok på bok:
Fallet
«Klok på bok smakar det Laila Stien av! Hugsar at ho las eigne tekstar, mellom anna gode og artige dikt, på ei bokhelg i Mo i Rana for nokså mange år sidan. Meiner òg at novellene hennar er vel så bra som både den eine og den andre sine, men ho er ikkje av dei det blir hauka høgast om. Kan det vere fordi ho er kvinne og frå stróka nordafor? Fysj, det var stygt tenkt og sagt. Tek sjølkritikk saman med dei aller aller siste raude ripsa (med vaniljesaus på!)», helsar Elen Maria Todal, og fristar med jordbær på kort frå Hellandsjøen.
«Deinn her dama ha æ læst litt tå fra før, ein antologi som hette Ildstedene synger, så det herre tok æ nesten på heil volley. Hu e ranværing, frå Hemnes, nærmere bestæmt Bjerka, men hu ha åsså bodd mang år i Masi, å hu favne over både norsk og samisk litteratur. Hu ha fer æksæmpel gjendikta både Rauni Magga Lukkari ån Aslak Valkeapää. Det herre va ein novelle som hette Sånt som skjer, deinn står på side 92 i samlinga med såmmå tittel. The one and only Laila Stien», helsar han Kaare Stegavik frå Trondheim.
Ho Ingrid er vel heime på Nesoddtangen etter veker på kanadisk jord, og ho har fått noko å spekulere på: «Eg har tenkt litt på det med eigne kodar og å vere ekskluderande. No må eg lure på om eg skriv i kodar? Men so gjer eg det utan å kjenne nokon av dei som skriv i Klok på bok. Denne gongen skal eg vere kort utan sidesprang. Novella du siterer i Klok på bok 580 er skriven av Laila Stien (46) med tittelen Spiller ingen rolle. Ho står i Noveller i utvalg (96) og kjem frå Sånt som skjer. Eg skal ikkje skrive om mammaguten Niels og åtteukerskurs eller hyttetur for det kunne lett ende i kodar. Men at omslagsfotoet på boka kunne vere telefonboksen eg brukte å ringje frå då eg budde på Sandane i Nordfjord, det kan einkvan sikkert sjå!»
Eg må ta deg i ein feil, Ingrid, novella «Sånt som skjer».
Han Gunder Runde i Ulsteinvik er glad for å sjå at Laila Stien blir trekt fram: «Dagens forfattar er etter mi meining ei av dei minst påakta i forhold til kvaliteten på det ho skriv. Eg synest at samlinga Gjennom glass, som kom i 1999, plasserer henne i toppsjiktet blant nyare norske novellistar. Og omsettingane hennar frå samisk, særleg dei av Nils Aslak Valkeapää, er framifrå. Det er altså Laila Stien det er snakk om», skriv han Gunder Runde.
Ho Halldis Bjørkum sender som vanleg kort og rett svar frå Rubbestadneset. Han Kåre Opsahl i Ørsta og ho Ranveig Lundquist i Orkanger gjer det på same måten.
Han Nils-Aksel Danbolt Mjøs kvalifiserer til å bli noregsmeister i utanomsnakk, men hamnar til slutt på rett svar etter tippemetoden. Han skriv mellom mykje anna: «USA Today er i blant til sals hos Narvesen i turisttida, men Ny Tid today er inkjevetta», helsar han.
Ho Torill Strøm på Myre svarar rett, og legg med nokre lovord: «God novellekunst frå ein framifrå novellekunstnar, barnebokforfattar og oversettar av samisk litteratur. Eg les alt som kjem ut av ho Laila Stien.»
Han Tore Aschim skriv slik: «Eg kunne ikkje dy meg. Eg måtte stikke dette sitatet i min gode ven Niels (og kona hans). Eg veit eg er seint ute, men posten var fleire dagar for seint ute med siste nummeret av Dag og Tid.»
På vegner av Sherrysøstrene i Odda har mellomsøster bede bror sin om hjelp til å løyse oppgåva: «Jo, du har rett; det er Laila Stien. Novella heter Sånt som skjer og står i en samling fra 1996. Fikk jeg den boka av deg, tro?»
Han Olav Molven skriv frå Bergen at eg vil fram til Laila Stien og novella «Sånt som skjer». Det har han heilt rett i, og legg til: «Eg har lese gjennom omtalen av Laila Stien i Rottem si boksoge om Vår eiga tid, og den førte til at eg lånte novellesamlinga frå 1966. No skal det lesast, frå perm til perm. Den nordnorske kvardagsrealisten verkar interessant», skriv han.
«Her var det lagt ut så mange biografiske spor at vi på Helgeland knapt var nøydde om å trekkje pusten. Fødd straks sør om polarsirkelen, og har studert samisk, ja, det er jo sjølvsagt ho Laila Stien det. Ho har gjennom åra komme med mange råkande skildringar av helgelendingane sin favorittsyssel nr 1 om sommaren: Campingtur til Bottniska Viken. Men å hugsa kva novelle det var, og kva samling ho stod i, er ikkje slikt ein tek på ståande fot. Derfor er det godt at biblioteket har teke til med vinteropningstider att. Paula fann altså novella i samlinga Noveller i utvalg frå 1996. Novella heiter Sånt som skjer, og kom for første gong i bokform i 1988 i samlinga med same tittel», helsar han Gunnar Hagen og får premie sendt til Andfiskå.
Dag og Tid-redaktøren har gitt meg beskjed om å velje ei bok frå eitt spesielt europeisk land denne veka. Gudane må vite kvifor, men eg torer ikkje anna enn å gjere som han seier:
Klok på bok 582
Vi på arkivet kalte ham Fonty; nei, mange sa når de støtte på ham: «Jasså, Fonty, post fra Friedlaender nå igjen? Hvordan går det forresten med den unge frøkenen? Overalt og ikke bare på Prenzlberg ryktes det at Metes bryllup er nær forestående. Har det noe for seg, Fonty?
Slik byrjar ein roman som dekkjer eit breitt felt. Han tek utgangspunkt i løysinga etter ein langvarig konflikt. Forfattaren er verdskjend, og romanen kom ut i heimlandet i 1995.
Kven vil eg fram til og kva heiter romanen? Svar Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 innan fredag 27. 9.
Paula på posta
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|