Dag og Tid, nr 38, laurdag 21. september 2002
Herbjørn Sørebø:
Saknet av eit slott
Berlin har vore ein byggjeplass i år etter år. Byen vart hardt medfaren i den andre verdskrigen, og det har vore mange ruinar og bombekrater å fylle. Det er det framleis. Det er ingen annan europeisk storby som har så mange store, tomme plassar som Berlin. Dei blir tekne i bruk litt etter litt og forma av vår tids arkitektar. Futuristiske høghus skyt i veret der historiske paradegater vart sprengde bort i det infernoet som sluttoppgjeret med Det tredje riket var. Tomrom blir fylte av eit næringsliv med den kapitalen som trengst. Turistar flokkar seg nå ved Potsdamer Platz og ser framtida i byen forme seg. Eldre hugsar det gamle med vemod.
Midt i byen, i sjølve hjartet, er det ein plass som er eit vedvarande problem. Det er staden der keisarslottet i si tid låg i all si prakt. Slottet vart hardt skadd under krigen. I 1950 heldt partisekretæren i DDR, Walter Ulbricht, ein tale med den bodskapen at folket hadde bruk for ein stor plass dei kunne gå i tog til. Eit par månader seinare vart restane av keisarslottet sprengt bort. Då gjekk det med DDR-kommunistane som det brukar å gå med maktmenn som prøver å rydde bort ei historie dei ikkje vil ha minningar om. Pampane vart gripne av melankoli, og så bygde dei Palast der Republik for å fylle den tomme plassen og hylle den nye tida.
DDR-pampane tykte Palast der Republik vart eit imponerande bygg i bronsefarga glas som stod ferdig i 1976. Byggjearbeidet tok tre år. Det vart leidd av arkitekt Heinz Graffunder. Bygningen er 180 meter lang og 85 meter brei. Inne er det ein storsal med 5000 plassar, ein plenumssal for DDR-parlamentet, ei mengd restaurantar, barar og kafear, og det er jamvel plass til eit teater. I Palast der Republik heldt DDR-leiarane store talar, det var konsertar og kunstutstillingar der, og folk skulle gløyme at det ein gong hadde vore eit slott på denne staden. Kaiser Friedriechs Stadtpalatz vart likevel ikkje gløymt. I 500 år hadde dette barokkslottet vore samlingspunktet i byen.
Då muren fall var det også slutten for Palast der Republik. Det kom for dagen at bygningen var smekkfull av asbest. Ingeniørar oppdaga også ein umåteleg kolleksjon av sopp og mygl. På grunn av helsefaren vart dette minnet om DDR-tida stengt. Det store problemet har vore kva ein skal gjere med denne skamflekken. Det har lege føre fleire alternativ. Det eine var å fjerne bygningen og lage ein stor park der, det andre å setje bygningen i stand att og finne ut kva han kan brukast til, og det tredje er å føre opp ein ny bygning i same barokkstil i det ytre som slottet hadde, men moderne innreidd. Meiningane har vore delte både blant ekspertar og folk flest. I juli vedtok forbunds-dagen med stort fleirtal å byggja opp at den barokke slotts-
fasaden.
Finansiering har vore det største problemet. Å byggje nytt etter modell av slottet har vore kostnadsrekna til 668 millionar euro, og Berlin har ikkje hatt så mykje pengar å leggje på bordet. Spørsmålet er kor mykje sponsorar vil støtte prosjektet med. Byggjeteknisk er det ikkje noko problem. I fleire tyske byar er det ført opp heile kvartal etter teikningar av dei bygningane
som fall i grus under krigen. Resultatet er godt. Sjølv om ein kan sjå at bygningane er nye, så veit ein at med tida får dei alderens patina.
Det er ikkje med berre glede austberlinarane tenkjer på at Palast der Republik skal bli borte. Dei har mist så mykje, og nå skal dei misse dette også. Men også blant austberlinarane blømer nostalgien. Det var frå ein av slottsbalkongane Karl Liebknecht i 1918 ropa ut at monarkiet hadde falle og det sosialistiske Tyskland var fødd.
|