Dag og Tid, nr 38, laurdag 21. september 2002

Forfattar:
Vi har ikkje demonstrert, det var for kaldt

– Vi er første generasjonen som møter det pessimistiske verdisynet til sekstiåttarane med eit optimistisk syn på oss sjølve, seier Florian Illies.

Svein Gjerdåker
svein@dagogtid.no

– Boka «Generation Golf» har vore på Der Spiegel si bestseljarliste i over eit år og selt i 590.000 eksemplar. Boka har skapt stor debatt i Tyskland. Kva meiner du med tittelen «Generation Golf», Florian Illies,  kulturredaktør for Berlin-kontoret til avisa Frankfurter Allgemeine?

– Golf-generasjonen var eit slagord som Volkswagen brukte i reklamen sin. Eg har freista å skriva boka om dette slagordet. Ein generasjon som vår, som vart fødd mellom 1965 og 1975 og som vart prega av fjernsynsreklamen, har fortent eit namn frå reklameverda.

– Kva er det du vil fortelja med boka?
– Eg er oppteken av denne pragmatiske generasjonen som er utan ein ideologi, den første generasjonen etter utopiane sin tidsalder. Tanken min var å visa korleis denne generasjonen er på jakt etter minne, av di han engstar seg for framtida. Difor inneheld boka mi utførlege skildringar av skuletida, klasseturar og køyreskulen – fordi identifikasjon fungerer best i høve til det kollektive minnet.

– Men er denne generasjonen så ulik tidlegare generasjonar?
– Ja. Golf-generasjonen skil seg frå til dømes 68-generasjonen ved det at han ikkje set likskapsteikn mellom liv og moral. Vi er den første generasjonen som møter det pessimistiske verdisynet til sekstiåttarane med eit optimistisk syn på oss sjølve og ei kjensle av at verda ikkje er noko å uroa seg for. Det var sjølvsagt svært naivt, men i mange år klarte vi å halde røyndomen ute frå liva våre.

– No slår sekstiåttarane attende. Representerte ved folk som Joschka Fischer og Gerhard Schröder nektar dei å forsvinne, og enno i fire år vil dei halde Golf-generasjonen langt unna makta.

– Men det er vel til pass åt dei, politikk har vel ikkje akkurat vore deira store fritidssyssel?
– Nei. «Loveparade» er Golf-generasjonen sin einaste demonstrasjon, manifestert i ei dyrking av kroppar, som framleis av reint nostalgiske årsaker vert kalla «demonstrasjon».

Den eldre generasjonen demonstrerte – mot atomkraftverk, mot Pershing II-rakettar, mot amerikanarane. Vi har ikkje demonstrert – det var for kaldt for oss, som vår store fjernsynsguru, Harald Schmidt, sa det.

– Er Golf-generasjonen tolerant overfor personar med anna hudfarge og tenkesett?
– Ja, men han orkar ikkje å framheva det. Toleransen har vorte sjølvsagd. Denne generasjonen er kanskje den første ekte europeiske generasjonen. Men reklamen til «United Colors of Benetton», om at unge menneske frå Afrika, Kina og Europa elskar kvarandre fordi dei brukar den same T-skjorta, er for naiv og pedagogisk for denne generasjonen.

– Kva er den største utfordringa for dei?
– Å verta far og mor er den største utfordringa for vår generasjon. Det tvingar oss til å kvitte oss med dei latterlege små problema vi var opptekne av før. Og av di vi ikkje kan koma unna det å formidla verdiar til ungane våre, vert vi tvinga til å verta medvitne om våre eigne verdiar. Diverre er det mange som først då oppdagar at dei aldri har gjort seg nokre tankar om kva verdiar er.

– Er vi vitne til ei aukande generasjonskonflikt?
– Eg trur at den store konflikten oppstår først om ti-tjue år, når Tyskland vert det landet i Europa som har den høgste gjennomsnittsalderen, og om gubbeveldet framleis held fram.
- Eg vonar at den nye generasjonen, dei yngre, vil tvinga Golf-generasjonen til å skaffa seg haldningar, samstundes som dei er takksame for at vår generasjon har overvunne ideologiane sin tidsalder. Og at dei med kraft vil stille oss spørsmålet: Ja, kva er det eigentleg som ligg framfor oss?

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |