Dag og Tid nr 34, 24. august 2002

Skule:
– Skulekritikken til Hustad er naiv

Påstandane til skulekritikar Jon Hustad held ikkje mål, meiner pedagogen Edvard Befring. Skulen må bli enda friare, meiner Eva Nordland.


Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no

Sist veke trykte Dag og Tid ei melding av Jon Hustad si bok Skolen som forsvann. Her blir det lagt fram ein krass kritikk av utviklinga i den norske skulen. Hustad hevdar mellom anna at kunnskapsnivået blant norske elevar fell i fleire sentrale fag, mellom anna norsk og matematikk, og at særleg dei svakaste elevane blir skadelidande for pedagogiske tiltak som er meinte å hjelpe dei. Skulda for utviklinga legg forfattaren mest på skulepolitikken til Arbeidarpartiet, dels på ideane til sentrale, norske pedagogar dei siste tiåra. Ein av pedagogane som blir trekte fram, er Edvard Befring, professor ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo. Sjølv tek han ikkje kritikken frå Hustad særleg alvorleg.

– Held ikkje mål

– Det er nesten rørande å få slik merksemd som dette. Eg ser på påstandane til denne forfattaren som meiningsytringar, som ikkje held fagleg mål. Han plukkar sitat i hytt og vêr for å det til å passe med sitt eige bilete. Men han står sjølvsagt heilt fritt til å skrive det han vil, seier Edvard Befring.

– Om denne forfattaren framstiller det som om særskilde politiske parti eller norske forskarar har forma den norske skulen, er det feil. Det er for naivt å tru at nokre spreidde synspunkt frå pedagogiske forskarar har særleg innverknad. Det er meir langsiktige grunnkrefter som har gjeve oss den skulen vi har.

Etter Befring sitt syn har den norske skulen verken blitt særleg verre eller betre dei siste tiåra. Slik han ser det, er skulen framleis prega av tankar frå den tyske 1800-talspedagogen Johann F. Herbart, og i nyare tid av det Befring kallar det dogmatiske skulekonseptet til industrisamfunnet, sterkt inspirert frå USA.

– Dette konseptet slo gjennom på 50- og 60-talet, og byggjer på stram inndeling av elevane etter aldersgruppe. Opplæringa er standardisert, og særskilde skulefag skal føre an. Paradoksalt nok er det ikkje vektlagt å gje elevane tid og rom til å bli det vi kallar operasjonelle i livet. Det krev særleg fokus på å lære å lese, tale, skrive og rekne, få sjølvtillit og lære samarbeid, seier Befring.

– Læringa i skulen er lagd opp til å påverke korttidsminnet. Elevane hugsar til skuledagen er slutt, så er det borte som dogg for sola.

Uinteressant

– Men trass i idear frå nyare pedagogikk, er det fleire undersøkingar som tyder på at norske elevar har blitt dårlegare i viktige dugleikar som lesing og matematikk?

– Mange har påpeika at desse undersøkingane ikkje held mål vitskapleg. Det er mange feilfaktorar. Eg legg ikkje særleg vekt på slike undersøkingar, dei er relativt uinteressante i den store samanhengen. Tankegangen bak desse undersøkingane er prega av skulekonseptet til industrisamfunnet.

– Noreg låg tidlegare i verdstoppen når det gjeld lesekunne blant elevar, medan vi no er midt på treet blant vestlege land. Er ikkje det viktig?

– Det er mange problem med desse samanlikningane. I Noreg går stort sett alle elevar i den vanlege skulen. I andre land blir mange av dei svakaste elevane sorterte ut og plasserte i andre institusjonar. Det gjev sjølvsagt utslag på slike undersøkingar. Men slik eg har skjønt det, kjem ikkje Noreg så verst ut på desse undersøkingane.

– I dette nummeret av Dag og Tid hevdar leiaren i Landslaget for norskundervisning at norske elevar les saktare enn tidlegare.

– Ja, det finst så mange slike meiningsytringar ein kan registrere. Men problemet er at skulekonseptet til industrisamfunnet ikkje gjev rom for variasjonen blant elevane. Læring er ein individuell prosess, som har sine uransakelege vegar.

Audmjuka

Svært mange elevar blir audmjuka av skuleverket, meiner Befring.

– Dei 20-30 prosentane av elevane som lærer minst, tek det tungt personleg. Mange elevar ligg vakne om natta fordi dei frykta nye audmjukingar. Det er eit grotesk uttrykk for ein uforsvarleg skulepolitikk.

I tidlegare intervju har Edvard Befring gått inn for at matematikkfaget slik vi kjenner det i dag, bør avskaffast. Dette blir av Hustad halde fram som eit felt der Befring har hatt gjennomslag, sidan algebra er nedprioritert i Reform 94 og Læreplan 97.

– Eg meiner at praktisk rekning bør stå sentralt i skulen. Det er like viktig som å lese og skrive. Men å få avskaffa matematikken er no like viktig som det i si tid var å få avskaffa latinen som skulefag. Den abstrakte matematikken, mellom anna i algebra, skaper for dei fleste lite kunnskap og mykje motløyse. Når det ikkje blir plassert skikkeleg i ein kontekst, passar dette stoffet dårleg med normale, menneskelege læringsprosessar, seier Befring.

– Kjenner du sjølv at du har hatt gjennomslag for ideane dine i utforminga av den norske skulen?

– Nei, det kan eg vel ikkje seie. Eg har ikkje eigentleg tenkt over det. Skulepolitikken har eg ikkje hatt ambisjonar om å ha direkte påverknad på.

– I
Skolen som forsvann hevdar Jon Hustad at satsinga på elevautonomi og prosjektarbeid er feilslått, fordi elevane ikkje er mogne for slik læring.

– Ja, han får meine kva han vil. Men sjølvdisiplin og kreativitet er noko som må lærast. Det må inngå i læringsprosessen, seier Edvard Befring.

Ein friare skule

Eva Nordland, professor emeritus ved Universitetet i Oslo, er ein annan av dei sentrale pedagogane som får kritikk i Skolen som forsvann. Ho har hatt fleire sentrale, utdanningspolitiske verv, mellom anna som rådgjevar i det gamle Kyrkje- og undervisningsdepartementet, og har skrive ei lang rekke bøker om pedagogikk og psykologi.

Heller ikkje Nordland er samd i den kritikken Hustad reiser. Ho kan vere med på at mykje er gale i skulen, men ikkje på grunn av for lite struktur og disiplin og for små krav til elevane – snarare tvert imot. Nordland ønskjer seg ein skule med friare opplegg, der interessene til elevane får prege læringa meir enn i dag.

– Om elevane får arbeide med ting dei er engasjerte i, om dei har lærelyst og motivasjon, lærer dei også betre. Om ein må pugge noko, gløymer ein det lett att. Så mistar ein kanskje trua på at ein kan lære på eiga hand.

– Men dei siste tiåra har vel skulen gått eit stykke i den retninga du vil. Likevel sakkar norske elevar akterut i mange fag, samanlikna med elevar i andre land?

– Desse samanlikningane kan vere farlege, og dei gjev oss ikkje nokon løysingar. Omgrepet vårt om kva skule er, må gjerast rikare. Skulen skal først og fremst vere menneskevenleg, og skape gagns menneske. Skulen skal hjelpe alle barn til å respektere seg sjølve og andre.

Konkurransesamfunn

Eva Nordland ville helst sett heile karaktersystemet fjerna, og erstatta med ein annan type dokumentasjon på det elevane har lært.

– På eksamen får alle same oppgåver, same kor ulike dei der. Det er ein frykteleg ting å gjere. Gjennom høyring, karakterar og rangering blir nokre taparar, medan andre blir stolte fordi dei er flinke. Dermed får vi konkurransesamfunnet til å halde fram som i dag, seier Nordland.

– Det er veldig farleg å tvinge barn og ungdom til å lære det vi har bestemt at dei skal lære, i staden for å late dei lære det dei er interesserte i.

– Men er barn i grunnskulen sjølve dei rette til å vurdere kva dei treng å lære?

– Nei, vaksne må vurdere det, og fortelje barna kva det er absolutt naudsynt å kunne. Oppgåva er å gjere dei interesserte i det dei skal lære, og overtyde dei om at det er nyttig og viktig å kunne det, anten det er skriving, geografi eller historie. Når elevar har lært seg å lære, blir dei ivrige, og vil gjerne gå opp til prøvar sjølve når det passar dei.

Kva er kunnskap?


Nordland går ikkje utan vidare med på at kunnskapsnivået til norske elevar har blitt dårlegare.

– Ein må spørje seg: Kva er kunnskap? Det det handlar om, er å lære måtar å leite etter kunnskap og ta imot kunnskap. Om ein pugga alle oppskriftene i kokeboka, kunne ein ikkje lage kake for det. Difor er det viktig å få samarbeide i prosjekt og gjere ting ein opplever som nyttig.

– Men å lese og rekne er praktisk kunnskap, og også der har norske elevar blitt mindre dyktige?

– Det kan kanskje vere rett, eg har ikkje sett desse undersøkingane. Men samfunnet vårt no oppmuntrar ikkje elevane til å lese og skrive. Det byd på så mykje underhaldning som barna blir lurte til å bruke tida på. Her treng barna hjelp, gjennom dialog med vaksne.

– Kan ein da heilt kome unna at det ofte er slit og ubehag involvert når ein skal lære noko?

– Neida. Sjølvdisiplin er veldig viktig. Når ein elev tek på seg ei oppgåve, og kjem på skulen og ikkje har gjort oppgåva, må ein snakke alvorleg med eleven. Sjølvdisiplin er også noko ein må lære på skulen.

– Over 40 prosent av norske ungdomsskuleelevar er plaga av bråk og uro i dei fleste timane, syner ei undersøking. Tyder ikkje det på at noko er gale?

– Disiplin er til beste for alle. Men eg trur det å halde disiplinen er mykje lettare om skulen gjev meir fridom til elevane i læringa. Om elevane får velje meir sjølve, og til dømes lage eigne oppgåver i samsvar med eigne interesser, trur eg òg det blir lettare å få til disiplin, seier Eva Nordland.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |