Dag og Tid nr. 33 , laurdag 17. august, 2002

Kultur:
Legende gjestar Det Norske

– Ein skomakar kan ikkje vera forelska i skorne han lagar. Det same gjeld for meg og filmane mine, seier den tsjekkiske film- og teaterregissøren Jiri Menzel. Han gjestar for tida Det Norske Teatret i Oslo.


Cecilie N. Seiness
cecilie@dagogtid.no

Der skal han setja opp komedien Ekteskap. Basta! av italienske Carlo Goldini. Premieren er 31. august. Dei seinaste åra har Jiri Menzel arbeidd mest med teater, men han er for mange kjend som ein av dei sentrale aktørane i tsjekkisk film på 60-talet. Menzel fekk i 1968 Oscar for filmen Tog under oppsikt frå 1966. Lerker på en snor frå 1969 vart nekta synt i Tsjekkoslovakia, men dukka opp att og vann Gullbjørnen i Berlin i 1990. Andre kjende Menzel-filmar er Alle vil elske Maria og Lunefull sommer. Menzel har motteke kritikarprisar både i USA og Frankrike, og somme av filmane hans har kultstatus i heimlandet. På spørsmål om korleis i alle dagar Det Norske Teatret har fått tak i regissøren Jiri Menzel, svarar han:

– Dei tilbaud meg jobben, lova meg eit sømeleg honorar og eit godt teaterstykke. Det er første gongen eg arbeider i Norge, men eg har vore i landet tidlegare, seier Jiri Menzel.

Han likar seg på nynorskteatret og skryter av skodespelarane.

– Dei handsamar meg vennleg og imøtekomande, seier Menzel, som let seg intervjua med tolk. Også når han arbeider med skodespelarane, har han tolk med seg.

– Er det ikkje vanskeleg å arbeida med tolk?

– Nei, absolutt ikkje. Fordelen med å arbeida med tolk er at dersom eg seier noko dumt, reduserer tolken skaden.

Alvor vert latterleg

Menzel er kjend som humorist og humanist. Dei seinaste åra har han sett opp mange komediar.

– Når eg arbeider med komediar, kjedar eg meg ikkje. Det alvorlege synest eg ofte er altfor pretensiøst. Alt som er alvorleg, verkar latterleg etter at det har gått ei stund. Komediane toler at det går ei tid, på underleg vis held dei fram å vera samtidige. Alvoret verkar ofte kunstig.

Det er Det Norske Teatret som har valt Ekteskap. Basta!, men Menzel er oppglødd for Goldoni.

– Han skreiv for folk og var glad i figurane han skapte. Det likar eg ved han. Han er demokratisk. Han prøver ikkje å vera djupsindig.

– Men kva har ein komedie frå 1700-talet å seia oss i dag?

– Folk er dei same som den gongen. Me har dei same svake og sterke sidene.

I samband med at Menzel vitjar hovudstaden, vert tre av filmane hans synte fram på Cinemateket i Oslo. På spørsmål om kva forhold han har til desse tidlege suksessane, svarar han:

– Det som var, det var. Eg er glad for at eg fekk høve til å laga desse filmane. Det er yrket mitt. Ein skomakar evaluerer ikkje skorne han lager. Han er glad for at folk går med skorne hans, og at dei er solide og held lenge, men han kan ikkje vera forelska i skorne sine.

Tsjekkiske perler

– Kva meiner du om kvaliteten på tsjekkisk film i dag?

– Det er forunderleg nok ein god periode i tsjekkisk film, trass i dei økonomiske vanskane i landet. Av dei 15-20 filmane som vert laga per år, er ein fjerdedel av filmane gode. Eg vil nemna Jan Sverak og Jan Hrebejk, seier Menzel.

Sverak er særleg kjend for filmen Kolya, ein film som rørte ved hjartet til den tsjekkiske nasjonen. Den unge regissøren Jan Hrebejk har hausta mykje ros for filmen som har fått tittelen Divided we fall på engelsk, ei historie om eit barnlaust ektepar i ein liten tsjekkisk by under andre verdskrigen. Den filmen er framleis ikkje synt i Norge.

Norsk film kjenner Menzel ikkje til i det heile.

– Eg ser ikkje mykje film. Eg er mest glad i gamle filmar, og dei verkeleg gode filmane ser eg gjerne nokre år etter at dei er komne, etter at det gloriøse ved dei har dabba av. Dei fleste filmar overlever ikkje sjølv om det er mykje styr rundt dei. For tida likar eg filmane til regissør Robert Altman.

– Du hadde sjølv stor suksess med filmen
Tog under oppsikt i 1968. Korleis har det påverka karrieren etterpå?

– Då den russiske okkupasjonen kom i 1968, vart eg sett ned på jorda, så eg vil seia at utviklinga mi har vorte normal. Eg hadde mellom anna yrkesforbod med både film og teater fleire år etter okkupasjonen. Eg fekk verken laga film eller teater.

– Var det aldri aktuelt å forlata Tsjekkoslovakia?

– Då eg fekk lyst til å reisa, var eg fråteken passet og hadde ikkje sjanse. Seinare, då eg fekk høve til å arbeida heime, var eg ikkje interessert i å reisa derifrå. Eg kan ikkje laga gode filmar i utlandet. Teater er noko anna.

– Kvifor er det ein slik skilnad?

– Teater har ein liten tilskodarskare, ein liten krins eg snart kan verta kjend med. Forholdet mellom scene og publikum på teater er lettare å få tak på enn det som gjeld film. Film er langt meir komplisert. For å laga god film må ein kjenna røtene, historia, kulturen, forankringa til folket, alt som knyter folk saman.

Menzel er sjølvlærd i teaterfaget. Han lærtde å laga teater ved å sjå teater.

– Det eg visste om film frå filmhøgskolen, har vore ei stor hjelp for meg i arbeidet med teater. Eg har lært meg å vera sparsam med tid, eg kjenner verdien av kvart sekund. Eg kjenner òg verdien av kvar filmrute.

– Kjenner du deg trygg på at det norske publikumet vil le av oppsetjinga av
Ekteskap. Basta!?

– Eg skal prøva å få det til. Dersom eg får dei på scenen til å kjenna seg i slekt med dei som er i salen, kan resultatet verta godt, seier Jiri Menzel. Han sit ute på taket til Det Norske Teatret. Sola varmar. Samstundes fortel avisene om flaum i Europa, særleg i heimlandet til regissøren.

– Eg følgjer med på internettet og fjernsynet på det som skjer. Det er forferdeleg, men folk som er meg nære, er ikkje direkte truga. Då eg var her i første halvdel av juni, var det òg flaum i Sentral-Europa, medan sola skein her. No skjer det same. Eg byrjar å få ei kjensle av at vår Herre er glad i meg, seier Jiri Menzel.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |