Dag og Tid nr. 33 , laurdag 17. august, 2002

Bøker:
Smerteskrik mot skuleforfallet
Alle dei som har opplevd forfallet i skulen, har no fått sitt kampskrift, skriv Bernt Hagtvet.

Jon Hustad:
Skolen som forsvann.
Eit essay om krisa i den norske skolen

Samlaget

Kvifor er det så mykje bråk i den norske skulen? Og kvifor må elevane læra så lite?
Med desse to enkle spørsmåla innleier Jon Hustad ein knyttneve av ei bok. Det er ein pamflett av den klassiske sorten, fyld av heilag harme, forvitneleg i det polemiske nedslaget – men også med eit underlag av dokumentasjon som gjer ho uavviseleg som innlegg i ein viktig debatt. Fell denne boka til jorda utan toreskrall, har vi ikkje noko debattrom att i dette landet. Eg vil oppmoda forlaget om å senda boka til heile Utdanningskomiteen i Stortinget og til noverande fagstatsråd.

Omsorgspedagogikk


For Hustad legg ikkje opp til ikkje noko mindre enn eit generaloppgjer med eit halvt hundreårs skulepolitikk i dette landet. Vil ein iføra seg stasklede, kunne det seiast at Hustad øver sivilisasjonskritikk mot heile den norske mentaliteten i skulespørsmål, det anti-intellektuelle harakiri som har prega heile etterkrigstida i norsk skule. Hustad legg ikkje skjul på at det største nedrivingsverket må skulestatsråd i Brundtland-regjeringa, Gudmund Hernes, svara for. Men han dreg linene lengre bakover. Dei største steinane kastar han mot det han kallar den progressive-romantiske norske pedagogikken som såg på borna som sarte sjeler som måtte vernast mot krav, og som insisterte på at pugg, krav og grensesetjing var skadeleg. På det viset braut skulepolitikarane i Arbeidarpartiet ned lærarautoriteten, og Hernes reduserte læraren til ein passiv utøvar av statlege forvaltningskrav.

Dilleskule

Slik vart det skapt ein klientskapande dilleskule med mellom anna mykje bruk av prosjektarbeid som i røynda mest vert utveksling av fåkunne. Å svekka klasseromsundervisinga, å innføra anti-autoritære arbeidsformer som gruppearbeid og prosjektarbeid, stutt sagt å introdusera eit fridomsomgrep som paradoksalt nok var tilpassa ungdom frå ressurssterke heimar der disiplin kom inn med morsmjølka, det leidde til, ja, som Mosse Jørgensen sa det: «ein stad å vera». Det var i følgje Hustad denne skulen som i sin tur tok frå dei skulesvake borna evna til å utvikla sjølvdisiplin og gje dei gode basiskunnskapar. Dei denne skulen skulle hjelpa, har han svikta. Det er tragedien for Hustad.

Dette er eit kjernepunkt. Det går ikkje nok ein gong å freista ufarleggjera denne kritikken gjennom bruk av billig retorikk om at alle skulekritikarar av Hustad si type er elitistar. Det er å gjera det særs lett for seg. Med eit omgrep frå maktutgreiinga til Gudmund Hernes ser vi her paradedømet på handlingane sine utilsikta følgjer. Det er presis dette paradokset som Hustad vil forklara.

Nedgåande kurve

Hustad sitt essay fell naturleg i tre bolkar. Fyrst diagnosen: sviket mot kvaliteten og alt det blår som vert kasta i augo til elevane. Dernest kjem årsaksforklaringane. Dei er av to slag: Den første er den tonesetjande pedagogikken, der namn som Eva Nordland, Edvard Befring, Mosse Jørgensen og Erling Lars Dale er målskiva i Noreg, medan namn som Rousseau, Freud, Dewey og Piaget frå den internasjonale scena også blir trekte fram.

Deretter rettar Hustad skytset mot Arbeidarpartiet og Gudmund Hernes sine 1990-tals reformer. Det er ein nedgåande kurve, i fylgje Hustad.

Den største steinen slyngjer han mot Arbeidarpartiet. Ved å erstatta folkeopplysningsskulen med ein omsorgs- og oppsedingsskule gjorde skulepolitikarane i dette partiet – med god hjelp frå andre parti – alle ei bjørneteneste, og frårøva ein heil generasjon ein skikkeleg skulegang. Det er her smerteskriket kjem klårast fram. Hustad skriv om korleis den akademisk utdanna lektoren meir og meir er blitt skvisa ut or skulen, erstatta av allmennlæraren som tok over ungdomsskulen frå adjunktane, med vitande og vilje frå Arbeidarpartiet sine skulepolitikarar. Om korleis løn og arbeidstilhøve allment har teke sikte på å fortelja lektorane at dei eigentleg ikkje høyrer heime i det som no heiter vidaregåande. Om korleis rop om fagleg forfall har møtt døve øyre. Om nedbrytinga av respekten for arbeid og kunnskap.

Skulen var ein lekk i eit historisk prosjekt frå arbeidarrørsla: å skape ein alternativ kultur, bort frå individualisme og konkurransementalitet. Litt fandenivaldsk kunne ein seia at det partiet ikkje fekk til i økonomien, eller gav opp der, skulle no skulen få unngjelda for. Alle reformene hadde eitt siktemål: vekk med differensiering og skilnader. Slike skilnader kalla Reiulf Steen for «apartheid». Kvalitetskrav vart ofte kalla «akademisk snobberi».

Utfallet var klårt: Der ein norsk artium for 30 år sidan gav fritak for to år i amerikansk college, er det no usikkert om artianarar (som ikkje heiter det lenger) i dag i det heile kan byrja som «freshmen». Det er skjedd eit katastrofalt fall. Og det er skjedd forunderleg støyfritt.

Råkar universiteta

For eigen del kan eg tilføya: Resultata ser vi også no på universiteta, der grunnkunnskapane er i fritt fall og der krona skal setjast på verket neste år i det som med ei fantastisk tildekkjande omskriving heiter «kvalitetsreforma». Det verste med mykje av den ungdomen som kjem til universiteta, er at dei intellektuelt er som kalka graver, utan driv, utan spørjelyst, utan arbeidsdisiplin. Dette er eit kulturproblem for Noreg. I reint sjølvforsvar bør universiteta no innføra opptaksprøver.

Men lat no denne triste sluttsteinen liggja. Lat det berre vere sagt at her er ein indre samanheng. Det gjer analysen til Hustad enda meir påtrengjande. Han burde laga eit nytt essay om universiteta. Kjem han til meg, skal vi lage eit godt daudebrygg saman!

Likevel: Det må seiast at Hustad i polemisk sinne ikkje går nok inn på det gode Arbeidarpartiet har fått til. Kostnadene har vore store, men at så mange fleire har fått eit visst mon av kjennskap til universitetsstudiar er ein klår sivilisasjonsvinst. I eit demokrati er det umogleg å halda store grupper av samfunnet ute frå høgare utdanning gjennom for høge krav. Hustad burde ha freista å ta for seg om denne demokratiseringa kunne ha vore gjennomførd med ein klårare kvalitetssans.

Visjonar til kva?

Sosiologen Gudmund Hernes sat som skulestatsråd i seks år, frå 1991 til 1997. Aldri har så mykje vorte endra i norsk skule på så kort tid av ein person. Gudmund Hernes hadde mål og handlekraft som få, det skal ingen ta frå han. Men, spør Hustad, visjonar til kva?

Det som set Hustad i gang, er det vindskeive tilhøvet mellom ressursar og resultat i den norske skulen. Noreg brukar enorme ressursar på skulen. Likevel er resultata yttarst middelmåtige. I fag etter fag – matematikk, grammatikk, norsk, historie, lesekunne – dokumenterer Hustad forfallet. Som overskrift set han eit sitat frå Kristin Halvorsen: «Skole er naturstridig». Det er symptomatisk for den norske haldninga til kunnskap og disiplin.

I ein internasjonal studie av lesekunne kjem til dømes Noreg på 13. plass av 31 land. Hustad siterer OECD-undersøkinga PISA som burde gjera reformpedagogane enda meir tenksame. Hustad siterer også sosiologiske undersøkingar som konkluderer med at hovudsiktemålet for Arbeidarpartiskulen, sosial utjamning, ikkje er nådd. Under ein femtedel av dei som har foreldre med låg inntekt, kjem til å få ei form for høgare utdanning. Effekten av kulturell kapital frå heimen ser ikkje ut til å ha minska. Hustad kommenterer ironisk: «Dette er altså det Gudmund Hernes fekk til. Sjeldan har ein mann gjort så mykje for så mange for så lite.»

Prügelknabe Hernes

Hustad peikar altså på reformene til Hernes som den hovudskuldige for dette forfallet. Dette viser på nytt at sjeldan har ein utdanningsstatsråd vore så kontroversiell og upopulær som Hernes vart. Kor rettferdig er det?

At Hernes gjennomførde reformene i lyntempo på 1990-talet, at han ofte vart skulda for autoritære haldningar og for å kutta hjørne i høyringsprosessane, er velkjent. Men dette kan like godt sjåast på som handlekraft – mange av reformene var overmogne, til dømes rasjonaliseringa av høgskulesystemet.

Og det som Hustad ikkje får så godt fram i polemikken sin, er at Gudmund Hernes ikkje kan klandrast for å stå for ein klam omsorgspedagogikk. Her braut han med mange rådande dogme innanfor sitt eige parti. Eg sat sjølv i Hernes-utvalet i 1987-88, og det er heilt klårt at Hernes såg kvaliteten i det norske utdanningssystemet som eit hovudproblem, derunder lærarutdanninga.

Her flyt Hernes sin kritikk av nivået i lærarutdanninga, tendensen hjå studentane til å velja bort arbeidskrevjande fag, dei store strykprosentane, synet på pedagogikk som primært omsorg osb. saman med kritikken hans av lærarorganisasjonane. Enno sit denne bitre kjensla att (jamfør Hustad-intervjuet med Hernes i siste Prosa, tidsskriftet til Norsk Faglitterær Forfattarforeining). Måtte denne konflikten koma?

Provoserande

Det store paradokset her er at Hernes la seg ut med kjernetroppane i prosjektet hans, dei som skulle leia reformene. At han her var meir umusikalsk enn naudsynleg, får Hustad godt fram. Lærarane vart rasande på tvisynet i reformene: På den eine sida dei gode orda om kvalitet og læraren som sivilisasjonsformidlar og læringsautoritet. På den andre sida den openberre tvilen på kompetansen deira, kontroll-lina, byråkratiseringa, den harde målstyringa og ovanfrå og ned-haldninga som gjorde ei sjølvstendig lærarrolle til ein parodi.

Men Hustad har eit problem her. For på den eine sida er han nådelaus i omtalen av kvaliteten i skulen – og der må jo lærarane ta sin del av ansvaret, sjølv om dei vart reduserte til byråkratar – og på den andre sida kritiserer han Hernes like nådelaust for haldninga hans til dei same lærarane for at dei var for dårlege fagleg. Eg meiner å sjå eit uavklåra punkt her som Hustad med dette vert oppmoda til å drøfta nærare.

Maktutgreiar og statsråd

I kapitlet «Så kom Gro» skriv Hustad ei rekkje interessante ting om tilhøvet mellom Hernes som maktutgreiar og Hernes som skulestatsråd. Hernes meinte at heile det norske politiske systemet hadde vorte pervertert gjennom organisasjonane, som stod der som bremseklossar og heile tida dekte seg med at dei hadde interessene til elevane for augo. Svaret var å sjalta mest mogleg av organisasjonane ut av skulen. Difor kom den auka politiske kontrollen med skulen, auka dokumentasjonsplikt, fleire administrative tilsette, i det heile det weberianske jarnburet og den teknokratiske grunnhaldninga. Spriket mellom godorda i læreplanane og dagleglivet i skulane vart oseanisk. Ser ein gjennom bakspegelen, må det vera lov å seia at sosiologen Hernes burde ha føresett dette.

Og til sist: Som Hernes sa det i Maktutgreiinga, er dei uføreseielege konsekvensane dei mest interessante. Den vekta Hernes positivt la på fridom i val av studieveg, leidde til ei rekkje perverterte effektar: Vel sju år etter Reform 94 mangla Noreg over 14.000 handverkarar, og rektor ved Sogn vidaregåande skule i Oslo fortel at han må leggja ned ei rekke yrkesførebuande liner fordi elevane heller vil gå på allmennfag eller estetiske fag. Hustad: «Alt dette på tvers av Hernes’ eigne ambisjonar og på tvers av sunn fornuft».

I den polemiske trakta til Hustad har alle skulekritikarane som har opplevd forfallet i den norske skulen, fått sitt skrift. Nokon endeleg dom av Hernes sin epoke kan ikkje koma før hovudpersonen sjølv skriv sine memoarar. Kan han lata vera etter dette?

Bernt Hagtvet, professor i statsvitskap, UiO

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |