Bøker:
God, men ikkje stor roman
Med Korrigeringer har Jonathan Franzen laga ei svært underhaldande bok. Men det er ingen grunn til å samanlikne han med Tolstoj.

Jonathan Franzen:
Korrigeringer
Omsett av Jorunn og Arne-Carsten Carlsen.
Cappelen

Korrigeringer
av Jonathan Franzen er anten ei familiekrønike eller parodi på ei slik. Som forfattarar i hopetal før han, skildrar Franzen ein familie i heile sitt mangfald, men kaldare og meir nådelaust enn det ein som regel ser. Boka er på mange måtar lik ein farse, men denne lesaren let seg ikkje ofte freiste til å le; komikken liknar for mye på komikken ein er vitne til når ein står framfor eit akvarium og ser fiskane eta einannan. Karakterane er ikkje framstilte med så mye eigen vilje at det gjer noe; dei er offer for einannan, for slump og innfall eller for forventningar og krav frå samfunnet omkring dei.

Det er nok mora i familien, Enid Lambert, som er den mest sentrale karakteren i boka, akkurat som ho er det i familien. Ungane hennar er vaksne, mannen som har tyrannisert ho i 48 år, er råka av Parkinson, demens og ein inkontinens som blir utførleg skildra i romanen, og i nåtida i forteljinga nærmar det seg jul. Da er det sjølvsagt viktig for mor å få samla familien. Eldstesonen Gary, økonomisk vellukka og med eit ekteskap som vaklar bak ein flekkfri fasade, må arbeide hardt, men nyttelaust for å få med seg kone og ungar til barndomsheimen.

Son nummer to, Chip, er innblanda i lyssky business og har store problem med å kome seg av garde til feiringa, medan Denise, den einaste dottera, tek på seg den tradisjonelle dotterrolla noen dagar, ettersom det er jul. At ho slit både profesjonelt og privat fordi ho har vondt for å skilje mellom yrkesliv og kjønnsliv, kan leggjast til side ei lita stund.

Med juleførebuingane som ramme blir vi kjende med så vel historia til familien som nåtida til dei ulike medlemene. Det handlar sjølvsagt om kjærleik, motsetnader og maktkamp, og mest om dei to siste ingrediensane. Franzen er ein nådelaus skildrar av kjenslefattigdom, sjalusi, svik og frustrasjon; han er frodig og presis på same tid, men han klarer også å skape ein illusjon av at familien Lambert er ein ekte familie, truleg fordi det her og der er gløtt av ømheit og kjærleik.

Mye skryt
Korrigeringer er boren over det store havet på ei bølgje av lovord frå amerikanske litteratar. Romanen har blitt lagt merke til av aviser her heime, og både forfattar og bok har fått raust med spalteplass. Så anten må denne boka vera ekstra god, eller så har marknadsavdelinga i forlaget gjort ein ekstra innsats. Eller begge delar.

Korrigeringer
er i alle fall svært underhaldande og velskriven. Komposisjonen er framifrå, og Franzen er svært dyktig til å skildre både miljø og dramatiske opptrinn, som det er mange av i boka. Dialog og personteikning skal han også ha all ære av, og omsetjarane Jorunn og Arne-Carsten Carlsen har gjort ein god jobb med å gjera boka tilgjengeleg for norske lesarar. Ho er omfangsrik – vel 600 sider – med mange fallgruver for omsetjarane, og dei har unngått nesten alle.

Men er Korrigeringer ein stor roman? Gir det meining å samanlikne med Tolstoj og Thomas Mann? Er det ein litterær versjon av det nordamerikanske samfunnet i vårt hundreår som kan samanliknast med USA av John Dos Passos? Sjølvsagt skal korkje kritikarar eller andre lesarar leggja for mye vekt på kva forlaget skriv på smussomslaget til ei bok; det er alltid noen som er klar til å utrope ein forfattar til geni, ikkje minst når han har fått ein pris eller to.

Friske formuleringar
Eg trur likevel at når Franzen får dei ovasjonane han får, er det fordi det blir sett meir og meir pris på friske formuleringar, mens original litteratur ikkje står like høgt i kurs. Evna forfattarar har til å underhalde, blir framheva framfor evna deira til å skrive litteratur som gir innsikt. Det er den same tendensen som gjer seg gjeldande når bokmeldarar i ulike aviser kan få ein til å tru at den beste litteraturen som blir skriven i landet vårt, er kriminalromanar.

Jonathan Franzen har liten respekt for karakterane sine, og det treng sjølvsagt ikkje ein forfattar ha. Men når ein, som denne forfattaren, fyller ein roman med folk som har så mange fellestrekk med klisjebiletet av den kvite amerikanaren, blir det lite utfordrande for lesarane når han trekkjer dei fram slik at forfattar og lesar kan le av dei i fellesskap.

Ein stor roman må utfordre intellektet eller kjenslene hos lesaren, helst begge delar, og det kan ikkje eg sjå at Korrigeringer gjer. Eg avslutta lesinga med ei kjensle av at eg hadde nytta tida betre enn om eg hadde sete framfor fjernsynet og sett på seriar. Men eg ville fått meir igjen for å lesa Tolstoj, Thomas Mann eller John Dos Passos.
Steinar Lillehaug

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |