Dag og Tid nr. 28, laurdag 13. juli 2002

Lyrikk:
Landskap
Ein kjapp gjennomgang av lyrikkåret så langt. Og litt om framtida.

Tor Ulven:
Dikt i samling
Gyldendal

Rune Christiansen:
Om trær som vokser seg skakke i trange skyggefulle hager, men som likevel (eller nettopp derfor) gjør inntrykk og som man husker livet ut
Oktober

Gunnar Wærness:
Takk
Oktober

Marte Huke:
Delta
Tiden

Yngve Pedersen:
Lysning Forelder
Oktober

Tone Lie Bøttinger:
Hoggormens hjerte er et bringebær
Aschehoug

Rainer Maria Rilke:
Duino-elegiane
Omsett av Åsmund Bjørnstad
Aschehoug

Georg Trakl:
Dødens nærhet
Omsett av Arild Vange
Aschehoug

Brit Bildøen, Christian Refsum og Marit Borkenhagen (red.):
Poesi nå – årets beste 2001
Den norske lyrikklubben

William Shakespeare:
Sonettar og songar
Omsett av Per Olav Kaldestad
Samlaget

Horats:
Epoder
Omsett av Johann Grip
Tiden

Landskap er for det første tittelen på Sigmund Mjelve si debutsamling, frå 1978. Det er for det andre eit ord som ofte blir nytta om ein del av samfunnet, i klisjear som: «Kva er det som rører seg i det poetiske landskapet for tida?»

I denne vesle artikkelen har eg tenkt å sjå nærmare på dei 12 lyrikkbøkene som har komme ut så langt i år, originalsamlingar så vel som omsettingar. Det blir med andre ord ein rundtur i dette landskapet. Samstundes vil me, som du etter kvart vil sjå, òg møta landskapet i ei anna og meir konkret tyding av ordet.

Ulven
Tor Ulvens dikt i samling er ute i pocketutgåve. Ulven (1953-1995) er den viktigaste lyrikaren i Noreg dei siste 25 åra. Og ein av dei aller beste. Monomant oppteken av død og forsvinning, utan å bli keisam, og langt meir tilgjengeleg for yngre lesarar enn dei som hugsar 80-talet likar å forestilla seg.

Christiansen
Eg har alt meldt årets samling frå Rune Christiansen (f. 1963), boka med ein så lang og umogleg tittel at det bare står Dikt og meditasjoner på ryggen. I denne boka held han fram den nitide undersøkinga si av området, eller den avgrensa flata om ein vil, og sambandet mellom dette og vår forståing av spenninga mellom eksistens og forsvinning. For boka er ein stor og heilskapleg refleksjon kring farens død, og korleis ein kan sjå dette i høve til tinga me har rundt oss. Ein kan seia at Christiansen på mange måtar held fram der Ulven slapp. Og han blir betre og betre for kvar bok.

Wærness
Å, nei! tenkte eg då eg opna Takk av Gunnar Wærness (f. 1971). Debuten Kongesplint var strålande. Men i den nye samlinga skriv han slike dikt der det er store mellomrom inni linene. Visse av mellomromma mellom orda er større enn andre. Og sjølv om opningane er meint å peika mot eit gap, mot ein overgang lesaren sjølv må fylla ut, er det oftast ikkje anna enn hol som opnar seg. Men det er hos andre forfattarar. For Wærness kan kunsten.

Pedersen og Huke
I den nye boka skriv Wærness seg opp mot dei same tankane kring flate, kropp og oppløysing som eg var inne på i samband med Christiansen. Og det gjer òg årets to første debutantar, Yngve Pedersen (f. 1972) og Marte Huke (f. 1974). Begge skriv prosalyrikk, og begge altså om flater. Men derifrå og ut skil dei seg frå kvarandre. Huke nærmar seg lærebokteksten i sine korte, tørre utleggingar om elvedeltaet. Spenninga ligg i dei små, menneskeleggjerande orda som kiler seg inn. Pedersen på si side siterer Ivar Mortensson-Egnund, alias Saval-guten i Kolbotnbrev, og går som Egnund inn i den spastisk oppjaga profettonen Fedraheim-redaktøren hadde lært av Nietzsche. Her er det altså tvert imot snakk om mennesket som legg landskapet under seg, i ei rørsle «der en skygge som legges, legges på ingen.»

Bøttinger
Tone Lie Bøttinger (f. 1966) skriv òg om område. Men i Hoggormens hjerte er et bringebær ser det ut til at hagen først og fremst er den som fører ordet sitt indre, eller noko slikt. På sitt beste er dette tindrande kjærleikspoesi. På sitt verste berre pubertale moralitetar.

Rilke
Apropos Nietzsche, så har Åsmund Bjørnstad omsett Duino-elegiane av Rainer Maria Rilke (1875-1926). Her forsøker Rilke å skriva fram ei menneskeleg overskriding av den splittinga som Nietzsche hevdar har oppstått fordi me har mista blikket for at det guddomlege («engelen» hos Rilke) og det instinktive («dyret» hos Rilke) er dei to balansepunkta i menneskelivet sjølv. Mørkt, gåtefullt – og altså i høg elegistil.

Trakl
Også Georg Trakl (1887-1914) står i gjeld til Nietzsche. Og til Rimbaud. I Dødens nærhet har Arild Vange set om alle dei dikta han skreiv som ikkje har rim og metrisk rytme. Og på ny og på ny ser me korleis Trakl skisserer område (oftast ein «hage») der Rimbauds oppleving av å vera framand i høve til seg sjølv blir spelt ut mot opplevingar knytt til Nietzsches primitivistiske eitt-med-verda.

Poesi nå
Den norske lyrikklubben er ute med Poesi nå – årets beste 2001. Som tittelen indikerer, er dette redaktørane sitt bod på kva som var det beste som kom ut av norsk lyrikk i fjor. 87 dikt fordelt på 11 gode poetar, fødde mellom 1933 og 1966. Særleg plass har dei naturleg nok gjeve til den yngste av dei, Øyvind Rimbereid, som fekk Lyrikklubbens pris for samlinga Trådreiser. Dei gjev att heile det 37 sider lange «St. Petersburg-vatn». Og eg treng vel knapt nemna at dette gigantdiktet har med landskap å gjera.

I går, i dag, i morgon
Eg har skrive annanstads at det er kroppslyrikken frå 1980-talet som etter kvart har utvikla seg til landskapslyrikk. Kroppen, nærmare bestemt døden, sette grensene for menneskelivet. Og det var desse grensene ein skreiv om. Så utvida ein dette, og sette den dødelege kroppen inn i eit landskap. Før ein tok vekk kroppen og stod att med eit landskap utan menneske, men prega av død og oppløysing. Der er mykje av lyrikken i dag.

Men no ser det ut til at ein er på veg til å ta eit steg vidare. Det er ikkje lenger berre dødsmedvit i landskapa, men òg vitalitet, erotikk, ekspansiv livsglede.Og det skulle ikkje forundra meg mykje om me dei næraste åra vil få sjå ei oppblomstring av primitivistisk og ekspresjonistisk litteratur i Noreg.

Litt til
Og med denne spådommen har eg eigentleg sagt det eg har å seia i denne omgangen. Eller ikkje heilt, for det er tre bøker eg ikkje har nemnt: Per Olav Kaldestad er ute med ei bok med omsettingar av eit breitt utval av sonettar og songar av William Shakespeare (1564-1616). Kaldestad har tidlegare vist at han har godt lag med metriske dikt, og han skuffar ikkje denne gongen heller.

I Johann Grips attdiktingar av Horats (65 f. Kr – 8 f. Kr.) sine Epoder er det dessverre noko som skurrar. Det er ord som ikkje fell på plass slik dei skal. Nei, då er nok Johannes Gjerdåkers Horats-omsettingar frå i fjor ei betre investering.

Og så har Arthur O. Sandved omsett utdrag av Geoffrey Chaucers (1340-1400) Canterbury-fortellingene. Men det er den einaste av årets lyrikkbøker eg ikkje har hatt tid til å lesa. Om det er ei lyrikkbok i det heile, då.
Hadle Oftedal Andersen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |