Dag og Tid nr. 27, laurdag 6. juli 2002

Roald Helgheim:
Eit norsk monument

Norske styresmakter har enno ikkje granska, dokumentert og teke på seg ansvar for medverknaden til likvidasjon av jødane under krigen, endå det er det mørkaste kapitlet i norsk historie når det gjeld tilhøvet til etniske minoritetar i dette landet. Det skriv Joron Pihl, dosent i fleirkulturelle utdanningsstudiar ved Høgskulen i Oslo, i ein viktig artikkel i siste nummer av Nytt Norsk Tidsskrift. Den norske regjeringa har offentleg teke på seg ansvaret for handsaminga av taterane og bede om orsaking for «dei grove overgrepa romanifolket har vore utsett for av eller med aktiv støtte frå legale norske styresmakter» (St.meld nr. 15, 2000-2001). Samfunnet har på tilsvarande måte gjort opp for overgrep mot samane og borna deira i skulen. Oppgjeret for handsaminga av jødane har til no vore av økonomisk karakter, i form av erstatning for beslaglagd jødisk eigedom under krigen. Men, som mange peika på, gjekk erstatningssaka aldri til botn i det store problemet: Kva faktorar som medverka til at Norge etter folketalet var eit av dei verste landa i Europa når det gjaldt friviljug utlevering av norske jødar til gasskammera.

Ikkje før Per Ole Johansen i 1984 gav ut boka Oss selv nærmest byrja ein større del av den norske ålmenta å begripe kva det norske Holocaust handla om (sjølv om det også var dokumentert i Oscar Mendelsohns standardverk om jødane i Norge). Det er framleis det minst omtalte avsnittet i den elles så heltemodige norske krigshistoria. Forfattaren Espen Søbye har følgt spora etter ei 15 år gammal jødisk jente som vart deportert frå Fagerborg skule i Oslo, i ei bok som kjem ut i år. Han seier det er hans måte å reise eit minnesmerke over dei mest heroiske offera for fascismen i Norge (Dag og Tid, 10. november 2001). Joron Pihl vil også reise minnesmerke, men ho kallar det mot-monument til det monumentet som er det norske samfunnet og den norske vitskapspraksisen i høve til avgjerande historiske handlingar mot etniske minoritetar. Sporet er ikkje ulikt Søbyes. Ved inngangen til Møllergata skule i Oslo står ein plakett over fire jødiske elevar som vart førde til Tyskland under den andre jødetransporten hausten 1942 og utrydda. Vart dei arresterte i skulen? Vart dei arresterte heime? Kven førde dei til Tyskland? Var det nokon som sette seg mot? 45 prosent, eller 768, av dei norske jødane vart deportert. «Hva var det ved de etniske relasjonane i det norske samfunnet som gjorde det mulig å arresterte og deportere de norske jødene i et slikt omfang?», spør Joron Pihl.

Etter studiar av sakkunnige offentlege utgreiingar som gjeld minoritetselevar i Norge i perioden 1990-2000, gjorde ho tankevekkjande oppdagingar. Undersøkinga viste at intelligenstesting framleis er den viktigaste metoden, den metoden som det profesjonelle Norge brukte då fleirtalet av taterborn før krigen vart diagnostisert som åndsveike, og vegen låg open for inngrep mot familiar, utplassering på institusjonar og sterilisering. Aktørane gjorde det ikkje av vondskap. Dei hadde inga oppfatning av at den profesjonelle vurderinga hadde noko med dei etniske relasjonane mellom taterar og nordmenn å gjere. Dei såg på seg sjølv om «gode hjelpere». Men det var normalitetsbegrepet til den etniske majoriteten som låg til grunn, og etter funna i arkiva til den notidige institusjonen Pedagogisk-psykologisk tjeneste skriv Pihl: «Fremdeles bestemmer profesjonelle sakkyndige normalitet, avvik og seleksjon i skolen på grunn av intelligenstester som er normert ut fra den etniske majoritetens normer, standarder og diagnostiseringskategorier.» Det får avgjerande konsekvensar for både undervisning og andre prosessar.

Om jødane, taterane og dei nye etniske minoritetane har ei ulik soge, er det samanhengane som interesserer. Når det gjeld taterane, har det norske samfunnet lært. Når det gjeld dei nye etniske minoritetane, er det enno ikkje for seint å lære, men kva har samfunnet lært av det norske Holocaust? Det norske statspolitiet, som både styresmaktene og motstandsrørsla ønskte skulle fungere som «normalt» under krigen, gjorde i 1942 lydig jobben då dei norske jødane vart sende til gasskammera. Lensmenn og politikammer landet rundt var med. I den andre aksjonen 26. november deltok til dømes 210 polititenestemenn, og med hjelp frå hirden, Germanske SS Norge, var 300 nordmenn med. 100 drosjesjåførar var med på transporten til kaia i Oslo, og den norske jernbanen var med på å frakte jødiske fangar til Oslo, noko dei fekk oppgjer for.

I all moderne historieskriving om Hitlers tredje rike blir vi innprenta at Holocaust ikkje hadde vore mogleg utan ein grobotn for det i folket, men heller ikkje utan at skruane og mutterane i heile den sivile infrastrukturen hadde medverka (Odd-Bjørn Fure sin store artikkel Tilintetgjørelsen av det europeiske jødene i same nummer av tidsskriftet handlar om det). I Norge er det best kjent at politiembetsmannen som leidde aksjonane i Oslo (og personleg overleverte jødane på Oslo hamn), etter krigen vart frikjend i ei oppsiktsvekkjande rettssak. «De handlinger som isloert sett kan sees som bistanbdshandlinger var nødvendige for at han kunne utføre det annet meget mer betydelsfulle motstandsarbeid», sa dommen. Dei «isolerte bistandshandlingane», ansvaret for den deportasjonen av norske jødar som domstolen i 1946 visste utfallet av, var rettferdige handlingar målt mot omfanget av eit «motstandsarbeid» nasjonen aldri retteleg fekk vite omfanget av, sjølv om folk frå Heimefronten vitna for han i retten. Retten braut ikkje berre med grunnleggjande norske rettsprinsipp, men også med dei grunnleggjande prinsippa til Nürnberg-domstolen. Men det verste er at det offisielle Norge har slått seg til ro. «Til denne dag har det norske politiet og norske myndigheter ikke påtatt seg sin del av ansvaret for utryddelsen av de norske jødene under andre verdenskrig», skriv Joron Pihl.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |