Dag og Tid nr. 27, laurdag 6. juli 2002
Musikk:
Geisp
Er Oasis det mest overvurderte bandet i nyare rockehistorie?
Oasis
Heathen Chemistry
Sony
Vi veit det er ei ny Oasis-plate på veg når dei to brørne som har vore sentrale i bandet i dei om lag ti åra det har eksistert, Liam og Noel Gallagher, er ute og bråkar i media igjen. Då slår gjerne Liam ned ein og annan fotograf og skjeller ut liten og stor, og vi kan lese alt om det. Oasis har vorte eit band som er avhengig av dei spekulasjonane og sensasjonane dei til ei kvar tid klarer å skape i underhaldningsverda. Det sjølvskapte ryktet som skandaleband skal hjelpe på platesalet. Ikkje noko er for idiotisk til at vokalisten Liam kan seie det i intervju i vekene før ei ny utgjeving eller ein turné, og ikkje noko av det vaset han kjem med er for uinteressant til at sladderkåte delar av massemedia finn det for godt å trykkje det.
Nok om det. Det er musikk det dreier seg om, eller det burde i alle fall vere det. Og korleis høyrest Oasis ut i 2002? Lyden av Oasis er lyden av det oppskrytte: på Heathen Chemistry får vi servert streite rockelåtar som pretenderer å vere noko meir, og som flatar ut i det svulstige, banale, og til og med det karikerte, side om side med låtar som berre er inkjeseiande og keisame.
Nye keisarklede
På debuten Definitely Maybe (1994) ei glitrande og rå rockeplate som står seg godt, og den einaste verkeleg gode plata frå Oasis høyrde vi songar bandet laga i kjellarlokalet dei øvde i medan dei drøymde om å erobre verda. Det gjorde dei, og no har det gått åtte år. Noko har gått tapt på vegen, og allereie på overvurderte Whats the Story Morning Glory (1995) byrja det å gå nedover.
Når ein høyrer på den nye Noel-komposisjonen «Stop Crying Your Heart Out» er det tydeleg at songen er laga for å toppe lister og fylle stadion, med skreddarsydd allsongrefreng eigna til å få det til å klø i lighterfingeren på konsert. Ein svulmande produksjon pakkar ein gjennomsnittleg song med eit brukbart refreng inn så godt som det lar seg gjere. Det vert vel sukkersøtt og pusete. Det skin gjennom at Noel har vorte fetert, og for nøgd med ei låt på det jamne, og det heile vert ikkje betre av at songen er mellom dei få brukbare innslaga på «Heathen Chemistry».
Uengasjerande svada
Noel er den einaste i Oasis som kan å lage rockelåtar, og når han ikkje får det til på dei fem andre songane sine, er det lite att å gle seg over. «Hindu Times» held for så vidt mål, men overvurderer krafta i gitarriffet som definerer låta. «Force of Nature» er ei djupt uengasjerande låt, trampande og seig, med ein preglaus vokal av Noel sjølv. «Little By Little», igjen med vokal av Noel, blandar politisk svada og påtatt eksistensiell angst med ein middels melodi, og når Noel hyler «Why am I really here», vert utfallet at lyttaren smiler av den utilsikta ironien.
«(Probably) All in the Mind» er kvasi-beatles, med Revolver-inspirert produksjon, og kan by på eitt lyspunkt med ein fin gitarsolo frå ingen ringare enn Johnny Marr, dei tretti beste sekunda på Heathen Chemistry. Men dei sekunda forhindrar ikkje låten frå å utelatande minne oss om dei kvalitetane som The Beatles hadde, og som Oasis alltid vil mangle, trass i at dei sjølve trur noko anna. «She is Love» er lettvint og småfengjande pop. Kvar har tørsten og råskapen frå Definetely Maybe teke vegen?
Oppskrytt
På den plata skreiv Noel alt sjølv, men no har han demokratisert bandprosessen, og det tyder at lillebror Liam og andre delar av bandet får sleppe meir til. Det vert kanskje Oasis eit meir harmonisk band av, men platene vert endå dårlegare. Gem Archers «Hung in a Bad Place» utmerkjer seg ved å vere endå meir forgløymeleg enn resten av songane her, med sin tøvete tekst og monotone ikkje-melodi, sjølv om Liam tilfører låten eit lite spark i refrenget. Andy Bells instrumental «A Quick Peep» klarer å interessere lyttaren vagt i det vel eine minuttet han varer. Og då står vi att med Liam sine tre songar. I «Better Man» syng han at han ønskjer å verte ein betre mann, og det er vel og bra, men vi kunne klart oss utan denne beint fram svake songen. «Songbird» er småfin, nynnbar akustisk pop, men igjen utan særpreg. «Born on a Different Cloud»
er endå ein patetisk Beatles-kopi, der Liam prøver å syngje som Lennon, og det er vel ikkje berre eg som vrir meg i smerte når Liam spyttar ut tankelause klisjear og omskrivne Lennon-liner ispedd drøvtygd psykedelia i ein latterleg overdimensjonert produksjon.
Av dei rådande britbanda frå nittitalet eg tenkjer på band som Oasis, Blur, Pulp, Suede og Radiohead har Oasis kome klart dårlegare ut dei siste åra, og dei to førre platene har som fortent gått i gløymeboka. «Heathen Chemistry» forsterkar dette inntrykket.
I det «Heathen Chemistry» tonar ut, med det obligatoriske siste skjulte instrumentalsporet plata kunne ha klart seg utan, vert ein sitjande att med ei sterk kjensle av at Oasis kanskje er det mest overvurderte bandet i nyare rockehistorie.
Øyvind Vågnes
|