Dag og Tid nr. 27, laurdag 6. juli 2002

Klok på bok 571:
Børsnotat

«Kjære Paula. Nå sit eg på Aasenbiblioteket og har funne svaret på Kpb 569. Først måtte ein høg bibliotekar opp på ein stol for å nå opp på øvste hylle til Dag og Tid førsteeksemplaret frå 1962. Redaktøren var då Olav Rytter. Faren hans heitte Henrik Rytter. Han var forfattar og debuterte med skodespelet ‘Dømde’ (1907). Etterordet skrive av sonen begynner med orda: ‘Henrik Rytter var ein av dei merkelegaste menn eg har kjent. Og eg har kjent mange og møtt endå fleire. Det kan kanskje synast underleg at ein son kan skrive slik om sin eigen far.’ Nei, eg synest ikkje det er underleg. Eg trur mange søner kan skrive dette om faren sin. Diktet me skal fram til har tittelen ‘Smilen’. Henrik Rytter har tunge tankar, for smilen er kald som sno og er som spott og bleike gru. Men der er òg eit dikt med tittelen ‘Eg elskar deg –’ og her er det elskhugen som ‘yngjest opp i solbrand sumarboren’. Nå må eg finne ut meir om diktaren i solnedgangen, og eg kan ikkje vere på ein finare stad enn her for å bli klok på bok
», helsar ho Ingrid på Aasentunet (les Nesoddtangen).

Vi held oss i traktene:
«Hei Paula! Denne oppgåva var litt spesiell for meg. Eg er nemleg fødd og oppvaksen i ‘Dølabu’, som vart bygd av Olav Aasmundstad i 1905, og som Henrik Rytter m/huslyd leigde 1912-13 (siste året han var lærar ved Møre folkehøgskule i Ørsta), og min bestefar kjøpte i 1915. I etterordet i den posthume ‘Dikt i samling’ frå 1962 har sonen Olav Rytter mellom anna skrive: ‘Men det var også peisestova på ‘Dølabu’ som vi leigde etter Olav Aasmundstad. Her rådde diktinga og kunsten grunnen. Her kunne Anders Hovden koma brasande inn som ein fullriggar med alle segl sette: No Henrik, farr. Dikta’ du? (...) Sjå no til å pjaske ihop ei diktsamling av det du har. (...) Eller Karl Straume, som far av ein eller annan grunn kalla ‘Dartanjang’. Han kunne sitja ved peisen og fortelje så øyro mine stod på stilkar, om Kristiania og Christian Krohg og akademiet i sjølvaste Paris. Eller Anders Vassbotn kom på innstig. Han måtte no vera den klokaste mann i verda, tykte eg.’ Han nemner òg eit besøk av Edvard Bræin og Tore Ørjasæter. Eg er stolt av å ha vakse opp i eit slikt kultursenter! Diktet i oppgåva heiter ‘Smilen’, og stod i samlinga ‘Jordsonen’ frå 1926», helsar vinnaren denne veka: han Kåre Opsahl, Voldavegen 12 i Ørsta.

«Mot snelandets kyster,/ fra solstrandens kratt,/ rider en rytter/ hver eneste natt.// Å det trur æ mått vårrå’n Henrik Rytter, hainn som spord: Kvi smiler du?
», skriv han Kaare Stegavik i Trondheim.

«Henrik Rytter var fødd i Bjørnør, det nørdste prestegjeldet her på Fosen – så dette blir kanskje den ‘nærmeste’ besvarelsen. Diktet er fra ‘Vokune’, 1927. Rytter var ‘forfattar og skulemann’, som det står i Norsk Biografisk Leksikon og Olav Midttun skriver òg at ‘R. var gild og morosam å vera i lag med, livfull og spirituell og fengslande, med ein barnegod smil. Der var alltid ordskifte der han var med, for han var eggjande og ideane olla i han’
», siterer han Morten Haugen på Brekstad.

«No endeleg ei oppgåve som eg greidde å finne ut av! For oss halvgamle som lever i fortida og har ein slags kjennskap til litteraturen berre fram til 1950-åra, var dette greitt, peikepinnane var gode nok. Det var Henrik Rytter (1877-1950) som var meister for diktet ‘Smilen’ frå samlinga ‘Jordsonen’ (1925-26). For somme av oss – framleis halvgamle – står Henrik Rytter som ein hag Shakespeare-omsetjar. Andre vil nok påstå at han i desse omsetjingane har eit stivt og gamaldags språk med mange vanskelege ord, men grunnlaget for nynorsk som eit moderne og rikt skriftspråk
», helsar han Stein Sæbø i Ås.

Eg fekk mange svar denne veka, og takkar for det.
Då står det berre att å ynskje dykk alle ein god sommar. Sjølv tek eg lang ferie i år. Eg har blitt ei sur, gammal kjerring, og det trivst eg dårleg med. Så er det òg aldeles for gale at gamle, gode naboar som han Oskar og eg, skal drive på som Tuppen og Lillemor, godt vaksne som vi er, båe to.

Han Peder kom forresten forbi på motorsykkelen i går. Han lurte på om vi ikkje skulle ta oss ein lang tur saman slik som i fjor. Eg forklarte han at eg ikkje er i elskovshumør, og sa at han kunne vikariere for meg viss han ynskjer meg alt godt. Eg veit ikkje kva han kjem til å gjere. Då eg tok trillebagen og gjekk ned mot busshaldeplassen, stod han med skjegget i postkassa.

Klok på bok 571

Før var det enkelt:
kvar mann sin hest
Slik fekk kvar kvinne sin mann
med hest

No må det heile tre ord til,    men før
var det berre å vekse opp,
skaffe tre geiter
lage ost av mjølka
klede av skinna
ha ein fest på resten
døy sjølv, mett
av dage, geiter, kvinner.

Forfattaren skriv i fleire sjangrar: for barn, for vaksne, for film, for teater. Ho har ein fot i aust og ein i vest, og ho debuterte med dikt og prosaskisser i 1979.
Kven vil eg fram til? Svar Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10, ventar svar innan fredag 12. juli.
Paula på ferie

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |