Dag og Tid nr. 27, laurdag 6. juli 2002
Bøker:
Drøvtygging eller pionerverk?
Den første norske lyrikkhistoria innfrir forventningane på godt og vondt.
Ivar Havnevik:
Dikt i Norge. Lyrikkhistorie 200-2000
Pax 2002
Ivar Havnevik er vel mest kjend som redaktør av bokklubbantologien Lyrikkboken, som kom ut første gong for 30 år sidan, og som nyleg har blitt utvida til Den store lyrikkboken. Dette er ei bok som har seld mykje, og som har hatt stor innverknad på forståinga av poesi i Noreg. Ikkje minst fordi denne tjukke og billege boka er ei slags uoffisiell pensumbok for dei som studerer nordisk, dei som er og har vore komande norsklærarar.
Nå er Havnevik ute med den første norske lyrikkhistoria, Dikt i Norge. Og det er vel vanskeleg å ta meir feil enn Ingunn Økland i Aftenposten gjorde, då ho i si melding konstaterte at boka «vil neppe skape rabalder». For rabalder har det blitt. I alle fall litt. Fredrik Wandrup har slakta stort sett heile boka i Dagbladet. Og Jan Erik Vold er heller ikkje nådig. I ein artikkel i siste nummeret av Samtiden er Havnevik ein av tre litteraturhistorikar som får gjennomgå for sine presentasjonar av samtidspoesien. Men det har òg vore positive omtalar. «Hurra for stort pionerverk!» skriv Gunhild Ramm Reistad i Drammens Tidende. Og ho legg til: «Dette er en kjærlighetsbok, og de som ikke forstår det kan bare gå hjem og legge seg.» Derfor er nok Jørgen Alnæs si overskrift i Dagsavisen, «Omstridt lyrikkhistorie», meir treffande.
Fordommar?
Min kjennskap til Havnevik avgrensa seg til Lyrikkboken. Eg kjende utvalet, eg kjende forfattaromtalane, og gjennom det kjende eg òg meir eller mindre måten Havnevik vurderer lyrikk på. Derfor hadde eg visse tankar om kva eg kunne venta meg av lyrikkhistoria hans:
At Stein Mehren er idealet, og at Havnevik leitar rundt i historia for å finna dikt eller dikt-sekvensar som minner om Stein Mehren. Eller rettare sagt om den tidlause eksistensproblematikken som kjenneteiknar Mehrens dikt, noko ein vagt kan omtala som «modernistisk sentrallyrikk» eller liknande.
At den norske litteraturen blir studert isolert, utan særleg blikk for det som hender og har hendt internasjonalt.
At ein mann som har skaffa seg og sementert ei lyrikkforståing for meir enn 30 år sidan, ikkje har føresetnader for å forstå den nyare lyrikken, frå 1980- og 1990-talet.
Men kor feil kan ein ikkje ta! Ganske mykje, sikkert. Men ikkje denne gongen. Dikt i Norge er akkurat slik eg hadde venta meg. Det handlar om å sjå etter svar på evige, menneskelege spørsmål. Formidlinga av tendensar i internasjonal litteratur er ikkje djupare enn det snart sagt kven som helst veit frå før. Og gjennomgangen av ny lyrikk kan ein bare gløyma. Her har dei yngste forfattarane debutert for 20 år sidan, og dét er jo ikkje godt nok.
Dessutan, og dette er vel den sterkaste innvendinga: Når ein først får ei sjangerhistorie som denne, så ventar ein seg jo at forfattaren skal sjå vekk ifrå dei etablerte epokeinndelingane og skape nye, baserte på dei endringane som skjer innanfor lyrikken. Dette har det vore terpa på i det langsamelege, at me treng ei eiga lyrikkhistorie fordi dei konvensjonelle litteraturhistoriene går igjennom litteraturen på prosaen sine premiss. Lyrikken kjem inn i lausrivne, pliktskyldige blokker her og der, utan at dei eigentleg finn nokon plass i framstillinga. Men Havnevik går ikkje inn og finn nye epokeinndelingar. Ikkje i det heile tatt.
Etablert lyrikksyn
Så alt ligg eigentleg vel til rette for å ta fram den store slaktekniven, då? Ja. Men eg kvir meg litt for å gjera det. Havnevik skriv på ein sympatisk måte. Han set ikkje fram sterke hypotesar, men nøyer seg stort sett med å formilda synspunkt andre har teikna opp før han. Og derfor kan ein seia at det er det etablerte synet på norsk lyrikk han formidlar.
Personleg hadde eg mest utbytte av dei første delane, som handlar om lyrikken frå vikingtida fram til 1814. Dette visste eg lite om frå før. Romantikken går òg bra. Meir problematisk er det at han om perioden frå 1905 til 1940 fell ned på det gamle synet om at dette er ein periode då dei norske forfattarane vende seg tilbake til tradisjonen, og at den kontinentale avantgarden ikkje slo igjennom. Dette er som sagt eit gammalt syn. Og i ei bok som er dominert av fagtradisjonen, er ikkje dette så merkeleg. Men ein må jo, med det «postkoloniale» gjennombrotet i bakhovudet, kunna innvenda at det ikkje er nok å sjå seg blind på storbytematikken til avantgarden, og på mangelen av slik tematikk i dei norske utgjevingane. Særleg for den nynorske lyrikken, som har sitt utgangspunkt i landsbygda, er det klart at dette ikkje vil gå.
Manglar oversikt
Her manglar Havnevik etter mitt syn oversikt: Han poengterer, heilt korrekt, at Uppdal skriv seg inn i den ekspresjonistiske tradisjonen. Ekspresjonismen er ein del av den modernistiske rørsla, men legg hovudvekt på dei positive, sterke kreftene i mennesket. Det er ikkje framandgjering det handlar om der. Men han knyter ikkje dei forfattarane han omtalar som vitalistar, til dømes Aslaug Vaa, til dette prosjektet, sjølv om vitalismen og ekspresjonismen har det same utgangspunktet i Nietzsche sine tankar om dei primitive livskreftene. Og han ser heller ikkje sambandet mellom dette og dei forfattarane han nemner som inspirerte av Rudolf Steiner sin antroposofi (kanskje fordi han ikkje veit at Steiner var Nietzsche-elev). Derfor har han ikkje noko blikk for at fleire av lyrikarane frå denne perioden, «ekspresjonistane», «vitalistane» og «antroposofane», knyter seg til den same rørsla som me i Noreg vel først og
fremst kjenner frå Edvard Munch sine bilete, og som definitivt er ei retning innanfor modernismen.
På grunn av den manglande forståinga for det progressive i denne søkinga mot det primitive, fell Havnevik ned på den gamle forståinga om «det modernistiske etterslepet» i norsk mellomkrigslyrikk. Han gjer, kort sagt, forfattarane meir provinsielle enn nødvendig. Han forstår ikkje at den kontakten med romantikken han finn i denne perioden, har å gjera med at modernistane går i dialog med romantikken for å avvisa han nemleg.
Irriterande
Denne boka vil irritera 68-arar fordi ho pressar litteraturen vekk frå det spesifikke. Denne formuleringa om «Desembermånen 1969» av Olav H. Hauge er typisk i så måte: «...når årstallet 1969 nevnes i tittelen, peker bildet mot Vietnam-krigen. Men koplingen av krig, blod, fordekthet og død gir metaforen et utvidet virkefelt, mot alle kriger og alle påskudd til å føre krig». Dette, vil ein kunna hevda, reduserer diktet frå politisk ytring til Hakkebakkeskogen: «Man spiser hverandre, og så ferdig med det. Slik har det vært bestandig.»
Boka vil irritera yngre lesarar, rett og slett fordi ho ikkje handlar om dei siste 20 åra.
Men for dei som likar lyrikk på gamlemåten, og dei som likar å forstå lyrikk på gamlemåten, vil denne boka fungera godt. Ho er som sagt skriven på ein sympatisk måte, og ho fører så mykje som mogleg av den norske lyrikken inn i desse velkjende banane: død, hav, kjærleik. Eller med andre ord: evige livsvilkår, metafysisk forløysing, kjenslevare subjekt.
Derfor klarar eg ikkje heilt å bestemma meg. Er det berre rørande og hyggjeleg at det er folk som søkjer dette å-så-poetiske? Kan dei ikkje få halda på med det dei vil? Kan dei ikkje til og med provosera fram tankar og formulerte hypotesar, slik at dei skaper ein positiv motreaksjon? Eller er det synd og skam at dei får stadfesta seg, at plassen for norsk lyrikkhistorie blir fylt opp av ei bok som kunne vore skriven for 30 år sidan? Er det til og med direkte skadeleg at ei slik bok vil bli ståande som ein autoritet for komande norsklærarar, slik at lyrikkforståinga blir ståande stille medan jorda held fram med å snurra rundt, heilt til ingen lenger forstår kven det var som sløkte lyset?
Ja, sei det.
Hadle Oftedal Andersen
|