Dag og Tid nr. 27, laurdag 6. juli 2002

Utanriks:
Afghanistan vandrar på knivseggen
Freden i Afghanistan er uhyre skjør. Norske Afghanistan-kjennarar fryktar ein retur til den kaotiske borgarkrigstilstanden frå 1990-talet.

Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no

Det har snart gått åtte månader sidan Nordalliansen erobra Kabul frå Taliban, og vestlege medium kunne bringe gladhistorier om frigjering, barn som leika med drakar, og kvinner som kasta burkhaen. Men problema til Afghanistan er på ingen måte over. Framleis er det kampar mellom den USA-leidde koalisjonen og restane av Taliban og Al-Qaida, og framleis kjem flya frå USA i skade for å bombe sivile mål. Seinast skjedde det natt til måndag, da kring 40 menneske vart drepne under feiringa av eit bryllaup i landsbyen Deh Rwaud.

Lovløyse
Slike tragediar er likevel av dei mindre problema for afghanarane. Verre er det at lovlause tilstandar rår i store delar av landet. Makta til sentralregjeringa og president Hamid Karzai strekkjer seg knapt utanfor bygrensa til Kabul, og der stoggar òg mandatet for fredsstyrken til FN.

Dei siste Afghanistan-rapportane frå organisasjonen Human Rights Watch tek særleg for seg situasjonen nord i landet, der lokale krigsherrar rår grunnen. Det er skremmande lesnad:
– Valden mot sivile er utbreidd og aukande.
– Valdtekter av både kvinner og unge gutar er vanleg.
– Sivilbefolkninga er utsett for vilkårleg fengsling, utpressing og plyndring.
– Pashtunane, som er ein minoritet i nord, er særleg utsette for overgrep.
– Hjelpearbeidarar i området har blitt rana og skotne på. Ein utanlandsk hjelpearbeidar vart offer for ei gruppevaldtekt i juni.

Alvorleg situasjon
– Det har vore mange stygge hendingar nord i landet. Dei væpna gruppene trugar både sivilbefolkninga og arbeidet til hjelpeorganisasjonane, stadfestar Geir Valle på telefon frå Kabul. Han er leiar for Kirkens Nødhjelp sitt engasjement i Afghanistan.
– Denne situasjonen er noko ein må ta alvorleg, for det kan bli mykje styggare. Krigsherrane stridast seg imellom, og det kan bryte ut borgarkrigsliknande tilstandar både her og der.

I nord er det særleg krigsherrane Abdul Rashid Dostum og Atta Mohammad striden står mellom. Dei to er usamde om fordelinga av territorium, og styrkane deira har hatt fleire trefningar tidlegare i år. I desse områda har Hamid Karzai lite han skulle ha sagt.

– Regjeringa har ingen eigentleg kontroll ut over Kabul. Karzai driv eit vanskeleg spel: Han prøver å halde ein balanse, og ikkje skaffe seg fleire fiendar enn naudsynt. Vona er at han skal bli meir offensiv etter kvart. Karzai er dyktig, men mange meiner at han alt har gjeve for mange konsesjonar til tidlegare krigsforbrytarar, seier Valle. Mellom anna har fleire av krigsherrane fått plass både i Loya Jirga-rådet – og i regjeringa.

Fryktar ny borgarkrig
Skal regjeringa i Kabul utvide makta si, treng ho maktmiddel. Men den nasjonale hæren og politiet i Afghanistan er framleis berre i si spede byrjing. Geir Valle meiner det kjem til å ta minst eit halvt år før han tek til å likne ein slagkraftig hær. Spørsmålet er kva som kan skje før regjeringa eventuelt får kontroll. Det verste scenariet er ein retur til den kaotiske, nådelause borgarkrigen tidleg på 1990-talet.

– Det er vanskeleg å seie kor stor faren er, men han er reell. Det er ein veldig skjør balanse i Afghanistan, og det kan rakne når som helst, seier Geir Valle.
Han får støtte av Afghanistan-kjennaren Arne Strand, som er forskar ved Chr. Michelsens institutt i Bergen.
– Det er eit urovekkjande bilete som teiknar seg, som minner om situasjonen da eg arbeidde i Afghanistan på 90-talet. Dei gamle krigsherrane frå borgarkrigen sit no i posisjonane sine igjen. Eg er redd det er veldig store sjansar for at Afghanistan kan hamne i same uføre som på 90-talet, seier Strand.

– Sjølv om den mest spende situasjonen er i nord, har det òg vore kampar mellom krigsherrar vest i landet. Kva som skjer i sør, veit vi lite om, fordi det stadig er kamp mellom USA-koalisjonen og fiendtlege styrkar der.
For regjeringa er det eit stort problem at krigsherrane rår over grenseområda, og dermed det meste av inntektene frå handel med nabolanda. Skatten går ikkje til regjeringa, men til rivalane hennar, påpeikar Strand.

Tvilsame allierte
Både Geir Valle og Arne Strand er kritiske til samarbeidet dei USA-leidde styrkane har med ulike krigsherrar rundt i Afghanistan.
– USA samarbeider med lokale krigsherrar fordi dei er nyttige i kampen mot restane av Taliban og Al-Quaeda. Men dermed byggjer dei opp krigsherrane moralsk og militært. Det er ein kortsiktig politikk, for i neste omgang kan desse bli enda verre å hanskast med for Karzai. Dei er nyttige no, men ingen veit kva dei gjer om to år. Opprustinga av Mujahedin som Vesten stod for under den sovjetiske okkupasjonen, la mykje av grunnlaget for borgarkrigen her på 90-talet, seier Geir Valle.

Arne Strand spør seg dessutan om ikkje den vedvarande krigføringa til USA-koalisjonen kan vere i ferd med å verke mot føremålet sitt.
– Afghanarar flest var glade for at USA knekte Taliban. Men feilbombingane blir stadig fleire, og stemninga kan vere i ferd med å snu seg mot styrkane til USA. Truleg er det å få til utvikling i Afghanistan ein betre måte å kjempe mot restane av Taliban og Al-Quaeda på, seier Strand.

Treng fredsstyrkar
Trass i alle problema Afghanistan strir med, er håpet langt større blant afghanarane enn på lenge, meiner Geir Valle.
– Det er kanskje eit desperat håp, men under Taliban var det heilt håplaust her. Dersom det berre kan kome i gang ei positiv utvikling, kan vi får sjå mirakel her ute. Afghanarane er eit driftig folk, og regjeringa til Karzai prøvar faktisk å ta grep og gjere noko.

Men ein føresetnad for å få utviklinga i gang, er å skape noko som liknar tryggleik rundt i landet. Og kva ønska er i Afghanistan, er det ikkje tvil om, meiner Valle: Afghanarar flest ønskjer seg fleire fredsstyrkar i regionane. President Karzai etterlyser fleire fredsstyrkar, og dei internasjonale hjelpeorganisasjonane ønskjer fleire fredsstyrkar.

Lite tyder så langt på at dei får det: Ingen av dei tonegjevande landa har kome med slike signal. Noreg kan vere ein pådrivar for å endre dette, vonar Geir Valle.
– Noreg kan spele ei viktig rolle, gjennom formannskapet i gjevargruppa for Afghanistan og som medlem i Tryggingsrådet. Vi får inga verkeleg utvikling i Afghanistan utan betre tryggleik.

- Det finst grenser
Men når Dag og Tid ringjer Utanriksdepartementet, er det lite som tyder på at Noreg skal leve opp til håpet til Geir Valle.
– Det er ikkje gjeve at det vil tene saka med eit større internasjonalt, militært nærvær rundt i Afghanistan. Det er det heller ingen andre land som støttar, seier Karsten Klepsvik, pressetalsmann i UD.
– Vi ser det derimot som særs viktig å setje afghanarane sjølve i stand til å ta ansvar for fred og tryggleik gjennom å byggje opp ein nasjonal hær, politi og rettsvesen.

– Men den oppbygginga tek tid, og hjelpeorganisasjonane etterlyser større tryggleik no?
– Det blir jobba kontinuerleg med tryggleiken. Men om det er område der organisasjonane ikkje kan operere trygt, må dei ta konsekvensen av det. Det er ein enorm internasjonal operasjon i gang i Afghanistan, og det er grenser for kor mykje ein kan stille opp, seier Karsten Klepsvik.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |