Dag og Tid nr. 26, laurdag 29. juni 2002

Bøker:
Det fotballmessige ved fotball
Hundre år etter at Norges Fotballforbund vart skipa, gjekk norske elitespelarar til streik. Om ikkje pionerane har snudd seg i gravene før, så må dei har gjort det no.

Matti Goksøyr og Finn Olstad:
Fotball!
Norges Fotballforbund 100 år

Norges Fotballforbund

I 1920 stod Finn Berstad ved straffesparkmerket på Brann Stadion under ein kamp mellom Brann og svenske Djurgården. Som alle fotball-interesserte har sett også under dette VM, kan det setje nervane på høgkant hos dei beste, som då Irland kjempa seg til straffekonkurranse mot Spania, og brende tre av dei. Men på Brann Stadion stod den 19 år gamle Brann-spelaren andsynes eit moralsk problem. Dommaravgjerda var omstridd, svenskane protesterte kraftig, og presset mot unge Berstad vart ikkje mindre då svenskane gjorde sitt neste trekk: Djurgården-keeperen forlet målet. For Berstad var det berre å dytte ballen sikkert mellom stengene. Men som det står i boka som Finn Olstad og Matti Goksøyr har skrive til hundreårsjubileet for Norsk Fotballforbund, Fotball!: «Han kunne bare trille ballen inn. Men hva var den riktige handlingen, rent fotballmessig? Berstad tok fart, traff ballen rent og hardt – og satte ballen solid til side for det tomme buret. Den unge Brannspilleren måtte ha kommet til at dette var den høfligste måten å løse det dilemmaet han ulykkeligvis var havnet oppe i. ‘Det var ikke kjækt at vinde en kamp på straffespark’ var en holdning som var levende også blant dem som i ettertid skulle kritisere Finn Berstad.»

Det er kapittel som dette som gjer praktverket Fotball! til noko ekstra. I vår tid er det maksimale uttrykket for «fair play» at eit lag som spelar ballen over sidelina når nokon er skadd, får ballen attende frå motstandaren etterpå. Kven hadde med vilje brend ein omstridd straffe? Fem år seinare var Berstad i sentrum for ein liknande episode, då dommaren dømde ein omstridd straffe mot Lyn. Berstad tok rennefart, men sende av garde ein slapp ball som keeperen lett kunne ta. Berstad vart utvist! Det som fem år før vart godtatt som eit uttrykk for danning, var no ein trussel mot dommarautoriteten. «I tiden som fulgte ble slike gester mindre vanlige, og det lett aristokratiske gentlemannsidealet, som i visse miljøer hadde dominert fotballspillet, var i ferd med å bli plassert på sidelinjen – for godt.»

Litterært er straffesparket best skildra av Dag Solstad, i den første VM-boka han skreiv saman med Jon Michelet i 1982. Men det moralske dilemmaet på Brann Stadion i 1920 handla om meir enn ein straffe. I eit essay om romankunsten skriv Solstad om «det romanmessige ved ein roman». Berstad spør seg sjølv kva som er rett, «rent fotballmessig». Kva er «det fotballmessige ved fotball»? Kapittelet heiter «Disiplinering, dannelse og kontroll». Og som forfattarane skriv i epilogen, oppstod ikkje fotballen i Noreg som ein folkeleg idrett for alle, men i ei borgarleg verd der også idretten måtte underkaste seg kravet om borgarleg danning. Då Norges Fotballforbund vart skipa i 1902, var det med utgangspunkt i Oslo-klubbane Grane (på Nordstrand), Spring og Lyn. Det borgarlege danningsidealet var ikkje noko særskilt for fotballen. Skisporten var i Fritjof Nansens idéverd ikkje berre ein arena for den ypparste idretten i verda, men ein del av sjølve nasjonsbyggjinga. Det var aldri fotballen, som dessutan var importert frå England. Men sjølv då fotballen frå tjuetalet av byrja å bli meir folkeleg «med bevisst front mot en selvbestaltet kulturell elite som opplevde fotballens estetikk som vulgær og rå», var han framleis elitedominert. Borgarskapet sat i styreromma, og om idretten meir og meir skulle spele ei rolle som ein fellesarena for høg og låg, er det konservatismen i den øvste leiinga av fotballen i Noreg som spring ein i augo heilt opp til vår tid. At den organiserte idretten ikkje akkurat har stått på barrikadane for likestilling mellom kjønna, er ikkje noko nytt. Likevel kom det ekstremt til uttrykk då kvinnefotballen trengde seg fram på syttitalet. Fotballforbundet var frå starten ein konservativ organisasjon både når det gjaldt kven som kunne bli med, og korleis idretten skulle bli utøvd. Diskusjonen om trebacksystemet (centerhalfen var gjort til bakspelar mellom bekkane), som truga den eldgamle 2-3-5-oppstillinga på banen, er eit større høgdepunkt i boka enn systemdiskusjonane i etterkrigstida.

Men det er ein konklusjon som spring denne lesaren ekstra sterkt i augo: Når alt kjem til alt, er Noreg «fotballmessig» ein lilleputtnasjon. Det er rekna ut at det norske landslaget i perioden 1929-38 var nummer sju i Europa. I glansperioden til bronselaget var vi mellom dei beste amatørane på kontinentet. Dette var også i stordomstida til Asbjørn Halvorsen, pott og panne i norsk fotball før epoken til Nikolai «Nikken» Johansen. Ein gong i Drillo-perioden figurerte vi også høgt oppe på FIFA-rankinga, og forfattarane kallar Olsen vår tids motstykke til Halvorsen. Men no er vi liksom attende der vi høyrer heime, som det dårlege europeiske laget som i det meste av etterkrigstida har tapt dei fleste av kampane mot Sverige og Danmark, som var jambyrdige med Finland, og som i historiske glimt kunne slå eit lag som den middelmåtige engelske 1981-årgangen. (Det er ein kamp vi hugsar best på grunn av Bjørge Lilleliens herostratiske radiomonolog etterpå. Men Lillelien var sjølv ein elev av Peder Chr. Andersen, med referatet hans frå pausen før ekstraomgongane, då Noreg spela mot Italia i Marseilles i 1938, som personleg favoritt: «Og nu hører jeg også at guttene skal få appelsiner!») I 1998-VM slo vi Brasil jonsokkvelden. Jonsokaftan i år starta norske elitespelarar ein to dagars uforståeleg streik, midt under eit VM vi ikkje greidde å kvalifisere oss til. VM-heltane frå Sør-Korea kjem trass i alt frå eit land med ti gonger fleire menneske enn Noreg, og var etter det Drillo sa, det best trena laget under heile VM.

Det er slike tankar som også melder seg når ein les om kommersialiseringa og den framveksande stormannsgalskapen i fotballen. I boka høyrer dette også til dei meir uforløyste kapitla, i ei uvisse om kva veg det ber. Som jubileumsverk for det norske fotballforbundet er Fotball! både organisasjonshistorie, sosial historie og ei reise i norsk geografi. Det er i dei sosiale bolkane, og i møtet med profilane til ein som hugsar både Arne Kotte, Thorbjørn Svenssen, Asbjørn Hansen og Kniksen, at denne lesaren likar seg best. Og i geografien. Ikkje før i 1979 vart Fotball-Noreg samla til eitt rike, etter at diskrimineringa av Nord-Noreg var oppheva. I Sør-Noreg var Sogn og Fjordane det siste fylket som fekk eigen fotballkrins. Men kva var vilkåra for å spele fotball i dette ferjefylket så seint som i 1962? Då skulle Årdal-laget Tornado, som i årevis var best i fylket før Sogndal, spele kamp ute mot havet mot Måløy, i det motsette hjørnet av fylket. Då nytta dei også høve til å spele mot Nordfjordeid, og reiserapporten (trykt i faksimile i boka) skildrar ei reise som starta i Årdal i Sogn fredag klokka 14.00. Natt til laurdag nådde dei hotellet på Nordfjordeid, derifrå drog dei til Måløy dagen etter for å spele første kampen, attende til Nordfjordeid med overnatting til den andre kampen søndag, for så å kome heim til Årdal natt til måndag. Likevel blir det blåbær mot avstandane i nord, og vi lever enno i eit land som er lengre enn avstanden mellom Oslo og Roma. Men i dette landet, der vogga til fotballen stod i fylka rundt Oslofjorden, er det no mest ingen Oslo-folk på landslaget. I 1990-åra hadde lag frå Sogn og Fjordane (les: Sogndal) «flere opptredener i tippeligaen enn lag fra fotballfylket Østfold». I 1990-åra hadde også Nord-Noreg fleire lag i toppserien enn område som Trøndelag og Oslo, for ikkje å snakke om dei gamle fotballfylka Østfold, Vestfold og Telemark.

Finst det ein norsk måte å spele fotball på? Jørgen Juve, journalisten og forfattaren på bronselaget, meinte ja, og knytta spelet til førestellinga om nordmenn sine eigenskapar. Han meinte noko tilsvarande gjaldt for andre nasjonalitetar. Men dei tekniske ferdigheitene på trettitalet var endå dårlege, og legenden Jeja Gundersen vart i 1958, førti år eter at han spela på landslaget, framleis omtalt som «hodespiller nr. 1» i Norge. Egil Olsen tok utgangspunkt i at nordmenn ikkje var brasilianarar. Det gjaldt å finne eit system som var effektivt, tilpassa nivået. Men der Juve knytte stilen til nasjonalkarakteren, kom Olsen konsekvent med rasjonelle argument for spelemåten, skriv forfattarane.

Hugsar du sesongen 1987, då det vart innført ei prøveordning med obligatorisk straffe etter uavgjorte kampar? Det må vere eit av dei mest gløymde norske fotballkapitla som denne boka minner oss om. Og når amatørfotballen endeleg vart avskaffa på åttitalet, vart også det gjort på ein gjennomført amatøristisk og klønete måte. Difor høver det å avslutte med eit sitat av Reidar Dahl, fotballpresidenten som i 1954 åtvara mot ei varsamt framlegg om økonomisk godtgjersle for spelande trenarar:

«Den dag vi faller på kne for at det skal gis erstatning i penger for at en spiller er med og trener sine kamerater, den dag da idrettsgleden, klubbånden og kameratskapet skal virke som et materielt gode i kampen om lumpne pengestykker, den dagen da idretten mister sitt idéinnhold og blir et middel i økonomisk vinning, den dag er ikke sporten verd en sur sild.»
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |