Dag og Tid nr. 22-24, laurdag 15. juni 2002

Bøker:
Litteraturhistorie som pamflett – eit tysk eksempel

Tysk litteratur har hatt ein einaste fruktbar augneblink – frå 1770 til 1830. Tolv hundre år med tysk litteratur kan best skjønast som for- og etterhistoria til denne perioden, skriv den kjende tyske litteraturvitaren Heinz Schlaffer.
Pamfletten har vekt stor debatt i Tyskland.

Heinz Schlaffer:
Die kurze Geschichte der deutschen Literatur
Carl Hanser Verlag: München/Wien 2002

Litteraturhistorie har i dei siste tiåra gått frå å vera noko sjølvsagt til å verta noko mistenkjeleg. Det kan vera fleire grunnar til dette. For det første har vi teke til å tvila på førestellinga om den kulturelle danninga, som lenge var ei sjølvsagd oppgåve for litteraturhistoria å formidla. Dernest er vi vortne skeptiske til den nasjonale forankringa som kjenneteiknar langt dei fleste litteraturhistorier, i den grad dei tek for seg litteratur skrive på eit særskilt språk, for eksempel norsk. Sist, men ikkje minst har nokre tiår med nykritikk og dekonstruksjon gjort oss usikre på om litteraturen – altså den verkeleg litterære litteraturen – ikkje eigentleg motset seg å verta historisert, å verta innordna i ei kronologisk forteljing.

Mistru på alvor

For forleggjarar, redaktørar og forfattarar har dette til no hatt få følgjer. Litteraturhistorier blir skrivne og reviderte – nasjonalt og internasjonalt – langt på veg med same sjølvfølgje som før. Ofte blir det gode bøker av det, som her heime, med Per Thomas Andersens Norsk litteraturhistorie. Andersen prøver å ta noko av vår mistru overfor litteraturhistoria på alvor, men berre så langt som det er mogleg innanfor rammene til sjangeren. Så er det då kanskje også sjangeren sjølv som er problemet. Tyngd av kravet om representativitet, informativitet og pensumrelevans er det lite ei slik litteraturhistorie kan tillata seg av refleksjon eller innfallsrikdom. Spørsmålet er om ein også kan tenkja seg andre moglege sjangrar for å formidla litteraturhistoriske innsikter, som samstundes kunne gje plass for nokre tankar om opphavet og grunngjevinga til desse innsiktene.

Den korte historia

Ein freistnad i denne retninga ligg no føre på tysk, i form av ei lita bok på berre 158 sider, med den presise tittelen Die kurze Geschichte der deutschen Literatur («den korte historia om tysk litteratur»). Og då er det ikkje historia sjølv som har vorte kortare. Tvert om dekkjer boka heile den kronologiske perioden som ein til ein viss grad kan omtala som tysk litteraturhistorie, og som strekkjer seg frå 1100-talet og fram til i dag. Forfattaren, Heinz Schlaffer, er professor ved universitetet i Stuttgart og ein av Tysklands mest renommerte litteraturvitarar med ei rekkje tunge publikasjonar bak seg. Det som merkjer seg ut i Schlaffers bok, er likevel ikkje først og fremst det avgrensa omfanget, men at ho tilhøyrer ein annan sjanger enn det vi er vane med: Schlaffer skriv tysk litteraturhistorie som pamflett.

Det særeigne

Pamfletten er ein politisk og polemisk sjanger. Schlaffer har då også skrive ei politisk og polemisk bok. Dette viste seg ikkje minst i korleis boka vart motteken i tysk presse, som skulda professoren både for professoral arroganse og hjelpelaus fåkunne. Spørsmålet boka stiller, er like enkelt som det er alvorleg: Kva er det særeigne ved den tyske litteraturen? Det er i dag ikkje mogleg å spørja etter det særeigne tyske utan samstundes å spørja etter årsakene til Holocaust. Også litteraturhistoria går uunngåeleg inn i den fatale tyske Sonderweg. Samstundes vil Schlaffer hevda retten til litteraturhistoria som litteraturhistorie. Dette oppnår han ved hjelp av eit polemisk tilspissa omgrep om litterær kvalitet og verdi, som bryt opp førestellinga om ein heilskapleg og kontinuerleg tysk historie, anten ho står i danninga eller barbariet sitt teikn.

Utan publikum

Til kva tider vert den verkeleg gode tyske litteraturen skriven, som ein ikkje finn noko annan stad, og som framleis gjer krav på merksemda vår? Første del av Schlaffers pamflett er vigd det han kallar «byrjinga til dei mislukka». Med det karakteriserer han heile den litteraturhistoriske perioden før 1750. Noko av det som vert skrive på tysk i denne perioden, er i dag relativt kjent, som Wolframs Parzifal, Gottfrieds Tristan und Isolde eller seinare Grimmelshausens Simplicissimus. Men desse verka, slår Schlaffer fast, er likevel litteratur for spesialistar, for germanistar og litteraturhistorikarar, ikkje for lesarane. Det er verk som ikkje fann noko publikum den gongen dei vart skrivne, og heller ikkje har funne det i ettertid. Dersom ein med tysk litteratur, derimot, forstår «samanhengen av dei verk som framleis lever i det litterære minnet», startar historia først midt på 1700-talet. Dei mislukka oppstartane gjer no veg for ein som er vellukka. Sånn sett skriv også Schlaffer litteraturhistorie «etter minnet», og med referanse til eit minne som ikkje først og fremst er individuelt, men kollektivt.

Fruktbar augneblink

Schlaffer seier at tolv hundre år med tysk litteratur best kan skjønast som «for- og etterhistoria til ein einaste fruktbar augneblink» – som varde frå 1770 til 1830. Resten av 1800-talet gav lite anna enn stagnasjon, før ein forseinka modernisme skapte eit nytt høgdepunkt frå og med hundreårsskiftet. Likevel er det ikkje sjølve kanondanninga som står i sentrum for Schlaffers pamflett, slik han for eksempel gjorde det hjå Harold Bloom. Kva var det, spør Schlaffer, som skapte denne eine, fruktbare augneblinken? Kva var dei historiske føresetnadene? Og svaret kjem med full polemisk kraft: Tysk litteratur skuldar sitt særdrag eine og åleine tilhøvet til kristendomen. Alle diktarar som går inn i Schlaffers 60 år lange kanon – derimellom Wieland, Goethe, Schiller, Lenz, Hölderlin, brørne Schlegel osb. – var anten prestesøner eller hadde fått ei streng protestantisk oppseding. Dermed er formelen gjeven: Ingen romantisk subjektivitet utan pietistisk glød, inga lyrisk innleving utan salmesong og gudspåkalling, ikkje noko metafysisk kunstoppsyn utan den kristne tanken om frelse og evig liv.

Dette er sjølvsagt ei hårreisande forenkling. Men forenkling og forkorting, med polemisk føremål, høyrer då også til dei viktigaste og mest uunnverlege konvensjonar for det å skriva ein pamflett – på same måte som også litteraturhistorieskriving vert styrd av ein konvensjon om å vera fullstendig. Og sjå kva som skjedde! Plutseleg rykte litteraturhistoria inn i sentrum av den offentlege merksemda, som eit ettertrakta og omkjempa objekt – i det minste for ein einaste, fruktbar augneblink.

Helge Jordheim, litteraturvitar.
Han bur for tida i Berlin.


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |