Dag og Tid nr. 17, laurdag 27. april 2002

Midtausten:
73 år gamle Ariel Sharon og 72 år gamle Yasser Arafat har vore rivalar  i over 50 år, men dei historiske banda mellom dei er mange og tette.


Sharon utan nåde

Ariel Sharon er ein typisk herskar i Midtausten, kynisk og konsekvent. Han har i alle år omhyggjeleg forfølgd det politiske prosjektet sitt, eit Stor-Israel utan palestinarar.

Noralv Pedersen
noralv@dagogtid.no

Ariel Sharon vart fødd i 1928 i Kfar Maalal, ein kommunal gard i det vestlege Palestina. Foreldra var russiske innvandrarar og var sterke sympatisørar av sionismen, ein ideologi som går ut på å tryggja og styrkja den jødiske nasjonalstaten Israel. Allereie i 1942 slutta 14-åringen Sharon seg til den jødiske paramilitære organisasjonen Haganah, og i 1948 var han blant dei fyrste på slagmarka då krigen mellom israelarar og arabarar braut ut. Han viste seg fort som eit militært talent, gjorde stor lukke både som soldat og leiar.

Kong Arik

Sharon vert vurdert som ein eineståande dyktig general, i den klassiske settlar-kolonialistiske tradisjonen. Han var ortodoks og opprørsk, men vart forguda av soldatane som gav han namnet «Kong Arik av Israel». At Sharon dei siste vekene har ignorert til og med USA sine oppmodingar om å trekkja seg ut frå dei gjenokkuperte byane på Vestbreidda, bør ikkje overraska nokon. Han og Israel har systematisk ignorert og gått imot alle FN-resolusjonar som har gått i Israel sin disfavør.

Under Seksdagarskrigen i juni 1967 og Yom Kippur-krigen i oktober 1973 stod han fram han som ein ubøyeleg general som ikkje var oppteken av kommandolinjer og juridiske avgrensingar.

5. juni 1967 gjekk Israel til åtak mot alle arabiske troppar langs nabogrensa og tok Sinai-halvøya frå Egypt, Golanhøgda frå Syria, Vestbreidda og Gamlebyen i Jerusalem frå Jordan.

Sharon leidde dei israelske styrkane til Suezkanalen etter kraftige slag. Han gjekk hardhendt fram; tusenvis av heimar i flyktningleirar vart jamna med jorda for å gje rom til nye vegar. Hundrevis av palestinarar vart deporterte til Libanon og Jordan, palestinske leiarar måtte i eksil i Sinai. Dit vart også 600 slektningar, kvinner og born av mistenkte soldatar sende, til kummerlege leirar.

6. oktober 1973 utførte Syria og Egypt eit overraskande åtak på israelsk-okkupert land. Etter at Israel fyrst tapte landområde, enda konflikten med at Israel gjenerobra alt dei hadde okkupert etter Seksdagarskrigen. Måten Sharon leidde åtaka på dei arabiske troppane i Sinai på, er pensum for militærskulestudentar i dag.

Kibya-massakren

Generalen Sharon var altså ein konsekvent, nådelaus og dyktig taktikar. Han har aldri gått av vegen for omsynslause og brutale aksjonsformer i namnet åt terroren. Det israelske åtaket på flyktningleiren i Jenin er slett ikkje eineståande i Sharon si militære og politiske historie.

I 1953 bad statsminister David Ben-Gurion han om å leia raid inn i Jordan for å slå ned på palestinsk terror. Det Israel såg på som terror, var åtak frå palestinske flyktningar mot israelske nybyggjarar i områda rundt Jerusalem. Sharon skipa ein spesialstyrke som gjekk under namnet Kommando 101. Etter at tre jødiske sivile vart drepne i oktober 1953, gjekk Kommando 101 under leiing av Sharon til åtak mot den palestinske landsbyen Kibya på Vestbreidda. Spesialstyrken drap 69 innbyggjarar, halvparten kvinner og born, og øydelagde 45 hus fullstendig. FN og det internasjonale samfunnet fordømde den overdrivne valdsbruken. Sharon forsvara seg med at han ikkje visste at byen ikkje hadde vorte fullstendig evakuert. Kibya-massakren førde til ei opptrapping av konflikten og leidde fram mot Suez-krisa i 1956.

Sabra og Shatila

Tretti år seinare vart Sharon innblanda i ein ny massakre på palestinske sivile. Flyktningane i Sabra og Shatila hadde ikkje ein sjanse då Falangen, den «kristne» høgremilitsten som stod under israelsk kommando, kom inn i leirane. Richard Falk, professor ved Princeton-universitetet, hevda i Dag og Tid 12. juni i fjor at dåverande forsvarsminister Ariel Sharon gav ordrane som leidde til at minst 800 kvinner, born og eldre vart massakrerte hausten 1982.

Den israelske granskingskommisjonen heldt Sharon indirekte ansvarleg for blodbadet. Massakren pågjekk over fleire døgn, og Sharon fekk meldingar om at noko frykteleg var i kjømda, men han stogga ikkje militsen. Sharon er stadig under etterforsking av ein domstol i Belgia, skulda for krigsbrotsverk, brotsverk mot menneska og folkemord. Han har aldri vedgått eit indirekte ansvar for ugjerningane.

Invasjonen i Libanon

Sharon var ein av grunnleggjarane av det høgreorienterte Likud-partiet i 1973. Etter at partifelle Menachem Begin kom attende som statsminister etter valet i 1981, peikte han ut Sharon som forsvarsminister. Sharon starta då planlegginga for invasjonen i Libanon i 1982, ein konflikt som skulle koma til å vara i nesten 20 år, og som kosta tusenvis av menneske livet.

Bakgrunnen for krigen var at PLO i løpet av 1970-talet hadde bygd opp ein palestinsk administrasjon med departement, økonomiske institusjonar, militærvesen og eit omfattande diplomati i Sør-Libanon, eit område som var dominert av palestinske flyktningar. Palestinarane fekk vist omverda at dei hadde kapasitet til å byggja opp ein eigen stat. Begin og Sharon såg med stor uro på dette, også fordi det som skjedde i Libanon inspirerte folk på Vestbreidda og Gaza. For å kvela den palestinske mobiliseringa i dei okkuperte områda, var det naudsynt å knusa PLO i Libanon.

Då som no er det ikkje ekstremistane og terroristane på palestinsk side Sharon ottast. Dei palestinske sjølvmordsbombarane gjev Sharon berre høve til å gå til harde militære aksjonar, med ei viss støtte i grupper i USA og elles i det internasjonale samfunnet. Det er dei moderate intellektuelle som er villige til å inngå kompromiss, som trugar Sharon. Dei skapar ein opinion som tvingar han til forhandlingsbordet. Men Sharon vil ikkje setja seg ved forhandlingsbordet, for han har ingenting å forhandla med palestinarane om.

Stor-Israel

Og no er me framme ved Sharon sitt militære og politiske prosjekt, eit Stor-Israel. Sharon har fleire gonger sagt at palestinarane alltid vil vera fiendar av Israel, og at israelarar og palestinarar aldri kan leva fredeleg saman. For han er Gaza, Vestbreidda, Golanhøgda og Jerusalem Israel sine landområde; Israel skal ikkje gje frå seg så mykje som ein millimeter land.

For å sikra at dei omdiskuterte landområda kjem på israelske hender, er Sharon den ivrigaste talsmannen for jødiske nybyggjarar. Han følgjer i dag den same strategien som då han utvikla den nye settlarstrategien som landbruksminister i 1973. Planen går ut på at jødiske nybyggjarar skal byggja hus rundt dei palestinske byane, omringa dei og knyta settlarområda saman med vegar som berre jødar kan bruka.

No bur det i alt over 200.000 jødiske nybyggjarar på Vestbreidda og i Gaza og 200.000 i ein ring rundt Jerusalem. Sharon vil skapa ein så vanskeleg situasjon for palestinarane at dei ikkje lenger orkar å bu der og flyttar derifrå sjølv, helst til Jordan, for å destabilisera kongedømet. Jordan er Palestina, uttalte Sharon då Golfkrigen herja.

Sharon vil kvela kommunikasjonen mellom palestinarane, slik at økonomien bryt saman, og slik at palestinske institusjonar vert isolerte. Dei oppstykka palestinske områda, slik ein ser dei i dag, blokkerer for å etablera ein palestinsk stat, noko som er i tråd med Sharon sitt mål.

Massiv støtte i folket

Den polariserte atmosfæra i Midtausten fremjar Sharon sin ytterleggåande politikk. Det er haukane som rår i Knesset. Den moderate opposisjonen i Israel er heilt marginalisert, på same måte som dei er marginaliserte på palestinsk side. 70 prosent av det israelske folket støttar militæraksjonane som har vorte førde dei siste vekene. Utanom desse meiner mange at Sharon ikkje har gått langt nok. Annankvar israelar vil fordriva palestinarane.

Ariel Sharon har difor folket i ryggen når han no krigar sin livs kamp for eit Stor-Israel.


Kjelder: Nils A. Butenschøn, Hilde Henriksen Waage, Avi Shlaim:
The Iron Wall (2000) og ymse artiklar i Aftenposten, Dag og Tid, ABC News og Med Israel for fred



Autoritære Arafat

Yasser Arafat har leidde den palestinske frigjeringa frå terror til forhandlingsbordet. Han har samstundes bygd opp eit brutalt og korrupt palestinsk sjølvstyre.


Noralv Pedersen
noralv@dagogtid.no

Når og kvar Yasser Arafat vart fødd er omdiskutert. Arafat sjølv hevdar han kom til verda 4. august 1929 i Jerusalem, men i fødselsattesten står det 24. august 1929 i Kairo. Han var ein av sju born til ein velståande handelsmann. Mora døydde då Arafat var fire år, og faren sende han til ein gift onkel i Jerusalem. Arafat vart som tenåring involvert i den palestinske frigjeringsrørsla på 1940-talet. Før israelarane slo arabarane i krigen i 1948, leidde Arafat dei palestinske forsøka på å smugla inn våpen.

Massakren i München

Etter krigen reiste Arafat i 1952 til Kairo for å studera til sivilingeniør. I studietida leidde han Den palestinske studentunionen. Etter å ha gjort militærteneste under Suez-krigen i 1956, flytta han til Kuwait der han i 1958 skipa Al Fatah, som tyder «væpna kamp». Fatah var ei militant undergrunnsrørsle som hadde som mål å frigjera Palestina frå den israelske okkupasjonen. Fatah tok etter Seksdagarskrigen i 1967 kontrollen over PLO. Året etter vart Arafat leiar for den palestinske frigjeringsorganisasjonen.

I dei to tiåra som følgde stod PLO ansvarleg for ei rekkje blodige åtak på Israel, og Arafat fekk rykte på seg for å vere ein hjartelaus terrorist. Sjølv om etterforskarar ikkje har greidd å kopla Arafat direkte til dei mange terrorhandlingane som ulike palestinske frigjeringsgrupper har stått bak, gjorde Arafat på 1970-talet som PLO-leiar lite eller ingenting for å stogga ugjerningane.

I 1972 stod til dømes palestinske terrorgrupper som Svart september og PFLP (Popular Front for the Liberation of Palestine) bak ei rekkje flykapringar og aksjonar mot uskuldige sivile i og utanfor Midtausten. Israel svara med å drepa to av leiarane for PFLP. Valdsspiralen det året toppa seg 5. september då München-massakren fann stad. Under dei olympiske leikane i den bayerske hovudstaden drap Svart september 11 israelske idrettsutøvarar etter eit 23-timar langt kidnappardrama. Bileta av dei maskerte og væpna mennene vart visteverda over. Dei vart dei maskerte frontfigurane for den palestinske frigjeringskampen, og gav andlet til den palestinske terroren.

Mål: Palestina

Utover 1970-talet dreia Arafat gradvis metodane i den palestinske frigjeringskampen frå militære åtak og terror til politisk og diplomatisk arbeid. Endringa gjekk i tre stadium.

Fram til 1969 var den såkalla Algerie-modellen inspirasjonskjelda til Arafat. Den algeriske frigjeringsrørsla dreiv ein million franskmenn ut av landet etter frigjeringa i 1962. For Arafat var målet å frigjera Palestina ved, for å bruka israelsk retorikk, å kasta jødane på sjøen.

Mot slutten av 1960-talet vart ein demokratisk stat modellen for frigjeringskampen. Arafat såg at å jaga dei attende til Europa var eit urealistisk mål.

Arafat foreslo heller at alle innbyggjarar i Palestina, på det tidspunktet landet vart frigjort, skulle vera fullverdige statsborgarar, uansett om personen var jøde, kristen eller muslim. Dette vona palestinarane skulle danna grunnlaget for ein dialog med israelske jødar for å avskaffa den sionistiske ekspansjonsstaten. Men dette slo ikkje til.

To statar

Det tredje stadiet byrja i 1974 då PLO vedtok den såkalla tostatsdoktrina. Ho gjekk ut på at PLO skulle arbeida for at det skulle skipast nasjonalt sjølvstyre i alle palestinske område som var frigjorde og komne på PLO sine hender. Dette har vore grunnlaget for PLO sidan.

Året etter den fyrste intifadaen i 1987, det palestinske opprøret mot den israelske okkupasjonen på Vestbreidda og i Gaza, tok PLO konsekvensen av doktrina. Arafat erklærte staten Palestina, godtok staten Israel og FN sin delingsplan for Palestina frå 1947, samt Tryggingsrådet sine resolusjonar 242 og 338 frå 1967 og 1973. Resolusjonane tok til orde for israelsk tilbaketrekking frå dei okkuperte områda på Vestbreidda i Seksdagarskrigen, attåt retten for dei to statane til å leva i fred innafor sikre og godkjende grenser.

Forhandlingar

PLO arbeidde på 1970-talet for å byggja opp ein palestinsk administrasjon med departement, økonomiske institusjonar, militærvesen og eit omfattande diplomati i Sør-Libanon. Målet var å visa omverda at palestinarane hadde kapasitet til å byggja opp ein eigen stat.

I 1974 fekk PLO status som observatørar i FN, og året markerte også starten på PLO sin forhandlingsstrategi. Arafat fekk etter kvart gode kontaktar til Sosialistinternasjonalen, og til svenske og norske sosialdemokratar. Desse kontaktane var med på å skaffa PLO den internasjonale støtta organisasjonen trong for å koma i formelle forhandlingar med Israel. Alternativa til Arafat var dei militante muslimske gruppene Hamas og Heilag krig. Det gjorde at USA og Europa satsa på PLO og Arafat, noko dei også gjer i dag.

Det var også andre meir realpolitiske årsaker til at PLO kom i forhandlingar med Israel. Ved slutten av den kalde krigen forsvann den sovjetiske rubelstøtta til PLO. I tillegg kom Golf-krigen i 1991 der PLO satsa på feil hest, Irak, og kom på kant med dei fleste landa i Midtausten som PLO tidlegare hadde fått store bidrag frå. PLO vart råka frå to sider, og den økonomiske krisa tvinga dei til forhandlingsbordet i 1993. Oslo-avtalen som vart underskriven same år, sikra gjensidig godkjenning mellom PLO og staten Israel om avgrensa palestinsk sjølvstyre på Vestbreidda og i Gaza.

USA og Europa har gjeve fleire titals milliardar kroner i økonomisk stønad til PLO sidan 1993. Noreg gav i perioden 1993 til 1998 åleine nesten to milliardar kroner i bistand. Samstundes har fleire rapportar, mellom anna ein EU-rapport frå 1998, dokumentert brot på menneskerettane, mellom anna tortur, dødsstraff, korrupsjon og brot på ytringsfridomen i det palestinske sjølvstyret.

Ukultur og korrupsjon

I 1997 slo ein eigen palestinsk granskingskommisjon fast at minst 326 millionar kroner hadde forsvunne i lommene på den palestinske politiske eliten. Midtausten-ekspertar seier det er lite truleg at Arafat sjølv er korrupt, men at han har eit stort ansvar for det autoritære palestinske sjølvstyret som vart etablert og for ukulturen som i løpet av 1990-talet breidde om seg i den palestinske administrasjonen.

Arafat har også vorte kraftig kritisert for at han ikkje har knebla dei ytterleggåande kreftene, som no har vind i segla, på eit tidlegare tidspunkt. Arafat har offentleg fordømt sjølvmordsbombarane, men israelske styresmakter hevdar at han framleis ikkje gjer noko for å stogga terroren.

No har Arafat truleg ikkje kontroll på sjølvmordsbombarane på grunn av at israelarane har øydelagt den palestinske infrastrukturen. Tidlegare kunne han heilt klart gjort meir.

Når Israel har stengt av alle dei palestinske områda slik at palestinarane ikkje kan leva eit normalt liv, så har det vore vanskeleg politisk for Arafat å festa grepet om dei ytterleggåande gruppene.

Samstundes har Arafat spelt dei ulike palestinske gruppene ut mot kvarandre i eit maktpolitisk spel for sjølv å overleva som PLO-leiar og for halda den palestinske frigjeringsrørsla saman.

PLO, det er Arafat

Yasser Arafat er personifiseringa av den palestinske frigjeringskampen, noko som både er ein styrke og ein veikskap, kanskje mest det siste sidan det er uvisst korleis og kven som skal føra kampen vidare etter den 72 år gamle leiaren.

Arafat har ført ein splitt og hersk-politikk som har gjort at det ikkje finst ein samlande figur på palestinsk side utanom han sjølv. Det finst sjølvsagt sentrale figurar i PLO, som Abu Mazen og Abu Ala. Problemet er at Israel har gjeve desse judaskysset ved å peika på desse som moglege arvtakarar etter Arafat. Når det er Israel som peikar på eit alternativ til Arafat, vil den politikaren vera politisk daud mellom sine eigne.

Den palestinske presidenten er no meir populær mellom sine eigne enn på lenge, der han sit fanga i kjellaren til hovudkvarteret sitt i Ramallah. Dette trass i at han står ansvarleg for korrupsjon, brot på menneskerettar, liten økonomisk framgang, og for at rettane til palestinarane har betra seg lite i løpet av 1990-talet.


Kjelder: Nils A. Butenschøn, Hilde Henriksen Waage, Saïd K. Aburish: Arafat. From Defender to Dictator (1998), Alan Hart: Arafat (1984) og ymse artiklar frå Aftenposten, Dagens Næringsliv, ABC News og American Red Cross.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |