Dag og Tid nr. 14, laurdag 6. april 2002

Midtausten:
Hauken Peres

– Norske media dekkjer den israelske okkupasjonen sitt sanne andlet, seier Midtausten-ekspert Hilde Henriksen Waage.


Noralv Pedersen
noralv@dagogtid.no

– Fører den norske mediedekninga av Midtausten til sterkare antisemittisme i Noreg, Hilde Henriksen Waage, seniorforskar ved fredsforskingsinstituttet PRIO?

– Det er ikkje norsk mediedekning som fører til sterkare antisemittisme. Norske media dekkjer okkupasjonen sitt sanne andlet. Israel sitt krigsmaskineri rullar over Vestbreidda og Gaza, den lovleg valde palestinske presidenten vert fanga i ein kjellar utan vatn, mat og straum, og palestinske sivile er terrorisert og fanga. Det må vera lov til å kritisera politikken til staten Israel utan å verta skulda for å ha antisemittiske haldningar.

– Israel har gjenokkupert seks av åtte byar på Vestbreidda. Utanriksminister Shimon Peres sa at Israel vil trekka seg ut om to veker. Kan ein tru på Peres?

– Nei. Det israelske arbeidarpartiet og Peres sit i regjeringa med Ariel Sharon. Peres visste kva som har vore Sharon sitt militære og politiske prosjekt.

– Kva politisk prosjekt har Sharon?

– Han vil ha eit Stor-Israel. For han er Gaza, Vestbreidda, Golan-høgda og Jerusalem Israel sine landområde. Difor vegrar Sharon seg sjølvsagt for å setja seg ved forhandlingsbordet, for han har ingenting å forhandla om. For å sikra at dei omdiskuterte landområda kjem på israelske hender, er Sharon den ivrigaste talsmannen for jødiske nybyggjarar. No bur det 200.000 jødiske nybyggjarar på Vestbreidda og i Gaza, og 200.000 i ein ring rundt Jerusalem. Sharon vil skapa ein så vanskeleg situasjon for palestinarane at dei ikkje lenger orkar å bu der og flyttar derifrå sjølv.

– Sharon sin logikk er i tillegg å sikra seg at Arafat mislukkast, og dermed sikra fritt spelerom for dei ytterleggåande palestinske gruppene. Så kan Israel slå til mot «terroristane» og ta styringa over «eit folk som ikkje greier å styra seg sjølv».

– EU sin utanrikskoordinator, Javier Solana, hevdar at å skifta ut Sharon og Arafat er den einaste vegen til fred?

– Eg lurer på korleis han har tenkt å gjera det. På israelsk side finst ingen sterk opposisjon. Politikken regjeringa fører har eit stor fleirtal i folket. Det finst moderate krefter i Israel, men dei er heilt marginaliserte, på same måte som dei moderate på palestinsk side.

– Kan ein tru Peres når han seier at det israelske arbeidarpartiet er med i regjeringa for å stogga Sharon?

– Utsegna er lite truverdig når ein ser på Peres sitt politiske liv. Peres har eit image i Vesten som fredsprisvinnar og fredsdue. Dette er eit feil portrett av Peres.

– Kva er eit meir korrekt portrett av Peres?

– Peres sikra dei store franske våpenleveransane til Israel på 1950-talet som gjorde det mogleg for Israel å gjennomføra Suez-krisa i 1956. Peres er rekna for å vera far til atombomba i Israel. På 1960-talet gjekk han ut av det israelske arbeidarpartiet fordi han tykte leiinga var for villig til å inngå kompromiss med palestinarane. Peres var mannen som gjekk inn for å busetja israelarar på den okkuperte Vestbreidda og i Gaza etter seksdagarskrigen i 1967. Peres sa fleire gonger under Oslo-prosessen at målet ikkje er at palestinarane skal få ein eigen stat; dei skal få sjølvstyre, men ikkje eit som peikar fram mot nokre nasjonale rettar.

– Kunne Arafat ha knebla dei ytterleggåande kreftene som no har vind i segla, på eit tidlegare tidspunkt?

– No har han ikkje kontroll. Tidlegare kunne han heilt klart ha gjort meir. Dei ytterleggåande partia har alltid vore fienden til Arafat og øydelagt den palestinske leiaren sitt statsbyggingsprosjekt. Dessutan; når Israel spring frå alle avtalane i Oslo-prosessen og stengjer av alle dei palestinske områda slik at palestinarane ikkje kan leva eit normalt liv, så har det vore politisk uråd for Arafat å festa grepet om dei ytterleggåande gruppene. Det skal seiast at det var altfor mykje korrupsjon og brot på menneskerettane under styret til PLO; det var ikkje demokrati og ikkje økonomisk framgang. Det er difor eit paradoks at Sharon no har gjort Arafat, som var særs upopulær blant palestinarane, til ein helt.

– Gjorde Arafat ein generaltabbe då han sa nei til Camp David-avtalen?

– Israel har med styrke fortalt om alt det Arafat fekk under møtet i Camp David. Før dokumenta vert opna trur eg ikkje noko på at Israel har gjeve i nærleiken av så mykje og så vilkårslaust som dei seier at dei har gjort. Det eg veit om forhandlingane i Camp David er at dei vart samde om å halda alt flytande og ikkje setja noko på papiret. Eg trur det var ei rekkje mistydingar om kva ein faktisk vart samde om og ikkje samde om i Camp David. Frå tidlegare forhandlingar veit me at Israel sikrar seg på alle område og ikkje er villig til å gje noko som helst, seier Hilde Henriksen Waage.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |