Dag og Tid nr. 14, laurdag 6. april 2002

Roald Helgheim:
Holocaust som avsporing

Det hende i løpet av påska. Då Israel gjekk berserk i Palestina, byrja åtvaringane å kome om at ein einsidig kritikk av Israel fremja antisemittisme. Åtak på nokre europeiske synagoger fekk store oppslag, også trakassering mot einskildpersonar, og det vart snakka om redsle for ei ny krystallnatt. Vi snakkar om den første store, statlege naziterroren mot jødar i Tyskland på trettitalet, og det måtte ein Göran Rosenberg til i Redaksjon 21 for å gje saka dei rette proporsjonane. Men frå kaia i Ålesund kunne den permanente Israel-forsvararen Leif Røssaak fortelje til TV 2 at folk meir og meir vart minte om jødehetsen på trettitalet. Den svært så varsame Israel-kritikaren Gunnar Stålsett vart i fjernsynet spurd om han ikkje er redd Israel-kritikken fremjar antisemittisme.

Dette hender mens israelske soldatar på palestinsk jord skyt på alt som rører seg, og demonstrerer ein så open arroganse rett i fjeset på alle journalistar i området at det liknar eksessane på Balkan. Og ein spør: korleis kan det ha seg at det er bekymringa for antisemittisme som kjem meir og meir i fokus di råare Israel fer fram i Palestina? Er det Israel-kritikarane si skuld at nokon nyttar situasjonen til å blåse liv i eit gammalt naziskrømt? Eller er det Israel sjølv? Lat det vere klart: Å vekkje gammalt jødehat til liv er forkasteleg og avskyeleg uansett. Det er like forkasteleg og historielaust som å bruke Holocaust som forsvarsmur for staten Israels spesielle rett til å fare fram som dei vil. Det er den verkeleg store historieløysa. Uavhengig av om det er jødar eller andre som bur der, så er det terrorstaten Israel som både gjennom framferda si i dag og gjennom den diskriminerande, apartheidliknande statsdanninga, har størst likskap med dei ansvarlege bak Holocaust. Samanlikninga blir brukt av stadig fleire, og har ingenting med antisemittisme å gjere. Sviket mot jødane før, under og etter Holocaust var eit europeisk og vestleg svik, ikkje eit arabisk eller muslimsk. Holocaust hende i vår del av verda, og dei ansvarlege for det høyrer til vår del av verda. Likevel skal det historiske offerlammet for dette historiske sviket vere eit lite folk i Palestina?

Historia er akkurat like elementær som ho lyder kvar gong Kåre Willoch fortel henne, til både Isreal-forsvararar og journalistar som av omsyn til balansen alltid må stille spørsmålet om det ikkje er eit legitimt krav at også Arafat får slutt på «valden». Lik ein Sherlock Holmes til Mr. Watson forklårar Willoch med tolmod at det er ein historisk lærdom at når eit land okkuperer og undertrykkjer eit anna land eller folk, vil den undertrykte alltid ty til vald for å bi kvitt undertrykkjaren. Å sidestille valden til den undertrykte med valden til undertrykkjaren er historielaust. «Det lærte vi også i Norge under krigen», seier Willoch så pedagogisk at sjølv ankermannen i Dagsrevyen skjønar det. Somme snakkar om einsidig Israel-kritisk dekning i media. Eg tykkjer dei uvitande spørsmåla er verst. Dei som dreier seg om det opplagde.

I Dagsavisen onsdag seier professor og forfattar Per Ole Johansen at Midtausten-krisa kan føre til ny kamp om historia når det gjeld Holocaust. (Johansen skreiv på åttitalet den viktigaste boka om jødediskrimineringa i Norge, Oss selv nærmest.) Det er ei bekymring eg ikkje deler. Johansen har meir rett når han legg til at «den antisemittismen vi dag er vitne til, har vært der hele tiden, uten de politiske føringene i Midt-Østen». I moderne tid har samfunnet alltid vore meir på tå hev mot antisemittisme enn mot rasisme av nyare dato. Etter 11. september la alle vekt på at dette ikkje måtte gå ut over muslimane som gruppe. Så kom æresdrapet i Sverige, og det var snart fritt fram for ein kollektiv negativ og tendensiøs journalistikk om innvandrargrupper.

Med eit minstemål av edruskap andsynes dei politiske proporsjonane er holocaustkortet i dag ei dryg av-sporing av Midtausten-debatten. Men som avsporing har det også ei historie. I opphavet hadde ikkje Holocaust den same symbolfunksjonen for Israel som no. Göran Rosenberg viser i boka Det tapte landet korleis ulike syn på jødane sin plass i historia også prega diskusjonen om nasjonaliseringa av jødespørsmålet. Innanfor den sionistiske rørsla var det ein opposisjon som etter krigen slost for ein tonasjonal stat i Palestina. Hannah Ahrendt var ein del av denne opposisjonen, og med boka Eichmann i Jerusalem gjekk ho i 1963 til felts mot bruken av rettssaka mot Eichmann som eit propagandanummer for staten Israel. Staten var ikkje eit resultat av Holocaust, men av ein prosess som hadde vore i gang lenge, viser Rosenberg. Det er med den aukande kritikken av den israelske staten sin politikk at Utryddinga meir og meir vart gjort til sjølve grunnlaget for den sionistiske statsdanninga, og til eit permanent moralsk forsvar, både i og utanfor Israel, for alle umoralske handlingar denne staten måtte stå bak. Det er denne utviklinga den amerikansk-jødiske forfattaren Norman Finckelstein i ei omdiskutert bok har kalla framveksten av ein internasjonal Holocaust-industri. Til permanent avsporing av all Israel-kritikk.
 

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |