Dag og Tid nr. 14, laurdag 6. april 2002

Bøker:
Lite truverdig kvileroman
 
Forfattaren Per Knutsen har med
Hitlers tunge levert ei til tider lite truverdig historie og eit typisk eksempel på kvilebok, meiner Oddmund Hagen.

Per Knutsen:
Hitlers tunge
Cappelen


Per Knutsen har sidan debuten i 1976 etablert seg som ein anerkjent og respektert forfattar av så vel barne- og ungdomsbøker som av vaksenbøker. Han er produktiv med jamt over ei bok i året utan at det har gått merkbart ut over kvaliteten. Å salte et hjerte frå i fjor haust var høgt oppe på lista over dei verkeleg gode romanane i 2001, og no er han her igjen med ny roman.

Hitlers tunge
handlar ikkje om krigen og det som hende da, slik ein kunne tru ut frå tittelen, nei, det er ein roman lagt opp til vår tid, og han er lagt til eit land som kan vere Noreg, sjølv om Knutsen unngår geografiske namn som kan plassere teksten meir nøyaktig. Kor som er, ein boksar frå Aust-Europa, kanskje ein russar, kanskje frå ein av dei tidlegare republikkane – i alle fall har han olympisk medalje for det gamle Sovjet – kjem til landet for å gjenopprette kontakten med ein tidlegare proffagent i håp om ein ny kamp og nye pengar.

Det er lenge sidan han var på topp; han er på nedtur i alle tydingar av ordet, fattig, dårleg trent, utan det gamle draget på damene og utan kontroll over sin eigen situasjon. Han blir utnytta av ein homoseksuell ungdom, han blir svindla for det vesle han eig, og han blir lurt av agenten som skulle hjelpe han. Heile vegen trur Jaroslav, som mannen heiter, at han har kontroll og er på høgde med situasjonen, og misforholdet mellom sjølvbiletet hans og den røyndommen han lever i, er det sterkaste ved romanen. Han blir ein tapar blant taparar samtidig som han prøver å halde ein ver-dig fasade av sjølvrespekt, og dette turnerer Knutsen med psykologisk innsikt og truverdig framstilling.

Så glepp det likevel på visse felt i framstillinga, og det går nettopp på truverdet laus. Nokså sentralt i romanen finst eit barnlaust ektepar som er trauste bønder med polsk arbeidskraft på jorda. Dette paret ønskjer seg så sterkt eit barn at Jaroslav byr fram sine tenester, men blir avvist til fordel for ein polakk. Det er greitt nok at dette skal vise enda ei side ved Jaroslavs nedtur og fornedring, men lesaren kjøper neppe ei slik historie. Heller ikkje historia om kampen som agenten skal ordne og arrangere i ein tom industrihall innreidd for proffboksing er truverdig, og sidan proffboksing er forbode i dette landet, skal alt skje i det skjulte med eit publikum på tusen. Korleis skal det gå til? Denne lesaren kjøper heller ikkje tittelen og det tittelen spelar opp til, det heile verkar søkt og konstruert.

Det er noko som heiter mellombok eller kvilebok. Dette må vere eit typisk eksempel i så måte. Romanen er god nok til å bli utgitt, men ikkje god nok til å bli teken alvorleg. Men det er ikkje så farleg, for Per Knutsen vil komme tilbake med styrke og tyngde. Ingen må tru noko anna.

Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |