Dag og Tid nr 8, laurdag 23. februar, 2002

Jordbruk:  

Når bøndene trekkjer opp stigen etter seg

– I mitt liv har kampen mot «hatlepas» som gror seg inn på bøen, vore langt større enn kampen mot Venstre-folk som er politisk usamde med Venstre, seier Lars Sponheim.


Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no

Landbruksministeren og Venstre-leiaren har lova Dag og Tid 45 minuttar, men han er generøs, og me får det dobbelte.
Denne dagen fortel meiningsmålinga i Dagbladet at Høgre og Framstegspartiet får 46 prosent til saman.

– Ja, det er svært, seier Sponheim, og synest at det hadde vore problematisk med eit slik valresultat.


– Men Venstre i regjering med Høgre og Krf er medskuldig for den store framgangen?

– Nei, framgangen for Framstegspartiet er Arbeidarpartiets problem. Det er ikkje politisk rett å slå saman Høgre og Framstegspartiet. Avstanden er svært stor på mange felt.

– Venstre får berre 3,6 prosent på meiningsmålinga, og ligg under sperregrensa?

– I januar var me trygt plassert over, men så fekk me denne sterke indre striden som øydela. Eg er overtydd om at det regjeringsfellesskapet som me er i no, er den beste plattforma for Venstre med tanke på å byggja seg opp mot nye val.

– Med så mykje strid om leiarposisjonen i Venstre, og så mykje strid om landbrukspolitikken, kan det ikkje vera artig å vera Lars Sponheim?

– Det er artig, seier landbruksministeren – og tek det opp att: Det er artig!

– Det er ikkje kjekt med husbråk, men det er meir politikk i dette husbråket enn mange er klar over. Mykje av motstanden mot meg har medverka til ei borgarleggjering av Venstre. Det er dei som vil at Venstre skal vera eit meir frittspelande parti til venstre for Arbeidarpartiet. Det er eg imot, og eg ville ha brukt alle mine krefter for å hindra noko slikt, seier Sponheim. Han forsikrar at han samarbeider minst like godt med ein finansminister frå Høgre som ein finansminister frå Senterpartiet.

– Etter striden som har stått om Venstre-leiaren i det siste, ligg det an til å verta strid om deg som landbruksminister utover våren?

– Viss eg skal gjera ein god jobb som landbruksminister, er eg avhengig av at det står strid om meg. Dette har eg tenkt nøye gjennom. Folk kan seia mykje om meg, men ingen bør seia at eg er direkte dum. Landbruk er dessutan hovudfaget mitt. Eg tenkte nøye gjennom kva rolle eg skulle gå inn i som landbruksminister. Eg kunne ha valt å leggja meg på utsida og vore litt allroundpolitikar og partileiar utan å tora å ta dei naudsynte spadetaka. Eg kunne ha sprunge langs svenskegrensa og samanlikna prisar og gjort unna sjarmøretappen, slik andre har hatt suksess med før. Det hadde nok vore mykje meir behageleg, men eg valde det vekk. Det kan verta dramatisk for norsk landbruk om ikkje nokon går inn og tek tak i dei dramatiske utfordringane ein står overfor. Eg veit godt kva det fører til av motsetningar, spenningar og strid. Det går for tida føre seg ein stille dramatikk i norske bygder, og mange er i ferd med å velja bort landbruket. Me står framfor nye generasjonar der investeringar ikkje vert gjorde av di bøndene ikkje har føresetnader for å gjennomføra dei.

Skapte bråk


Lars Sponheims utsegner i spørjetimen i Stortinget i midten av januar skapte røre og store overskrifter. Der sa han at det «ikke er mulig å bygge videre på en struktur basert på 13-14 melkekyr, som vi har i dag. De som skal bygge og satse for en ny generasjon melkeproduksjon, må nok få et høyere produksjonsvolum. Det betyr at kvoter må over på færre bønder».

Etterpå har Sponheim moderert seg, og no vil han gjerne ha sagt at han ikkje har sagt at det bør gå ei grense på 13-14 kyr.

– I dag har me bruk med frå ei til 200 mjølkekyr. Gjennomsnittet er på 13-14 kyr. No treng mange å investera nytt, og då treng bøndene å auka inntektene sine for å forsvara utgiftene med ny driftsbygning. Det inneber at eit vestlandsbruk med sju kyr må få lov til å auka til tolv kyr.

– Kva er alternativet til det du sa i spørjetimen?

– Mitt alternativ gjev mykje større sjanse til å oppretthalda ein småbruksstruktur enn den marknadsløysinga ein ser i dag, og som inneber at ingen investerer i anna enn samdriftsløysingar, som er den einaste sjansen til å overta den vakuumpakninga som kvotereguleringa er. Då kan ein slå saman kvotar som forsvarar investeringar, men då er det ikkje snakk om litt større driftsbygningar, men gigantbygningar med kvotar på 500.000 liter mjølk. Det er alternativet.

– Mi uro er knytt til at det er nett dei som ikkje burde gje seg, som gjev opp. Det er unge folk med eit arealgrunnlag og ein driftsbygning som ikkje gjev tilstrekkeleg økonomi. Det er dei som planlegg å gje seg no.

Trekkjer opp stigen

Sponheim fortel at han skreiv hovudfagsoppgåve på landbruksskulen på Ås om korleis bygging av driftsbygningar avgjer den langsiktige strukturen i landbruket. Då hadde me hatt den store investeringsbølgja på 1970-talet.

– I heile Noreg finn ein desse bygningane som vart bygd for 16 til 20 mjølkekyr. No har det gått 30 år, og heile dette apparatet må fornyast. Kvotesystemet har gjort at det ikkje er mogeleg å få kalkylane til å gå i hop, anna enn gjennom samvirkeløysingane for dei som samarbeider godt. Det bør ikkje vera einaste ventilen. Etter mitt syn bør det framleis vera mogeleg for den enkelte bonden å byggja seg ein driftsbygning for mjølkeproduksjon og seia at dette vil eg halda på med dei neste 20-30 åra.

– Du vil leggja til rette for bønder som satsar på 12-15 mjølkekyr i framtida også?

– Ja, sjølvsagt, men eg veit at den einskilde bonde er avhengig av eit større produksjonsvolum for å forsvara ein større kostnad. Han må rett og slett ha høgare inntekt for å møta ein høgare kostnad. Det skal vera mangfald i landbruket, og eg synest det er kjempefint om nokon satsar på få kyr og allsidig drift. Men poenget mitt er at dagens mjølkebønder trekkjer stigen opp etter seg. Det kan vera behageleg for den som nærmar seg pensjonsalderen, men for ein landbruksminister som skal sikra seg neste generasjon mjølkebønder, er det dramatisk. Det prøver eg å gjera noko med.

– Men med 14-15 mjølkekyr vil ein få vanskar med å greia seg?

– Har du ein etablert bygning, greier du deg fint. Dei neste ti åra må me investera milliardar i nye driftsbygningar for mjølkeproduksjonen.

– Du slår fast at det går mot færre og større bruk?

– Då eg gjekk ut frå Ås i 1981, var det 130.000 bruk og brukarar her i landet. No er det kring 65.000. Men dette har ikkje noko med landbrukspolitikken å gjera. Det har med bøndene sine val og levemåten deira å gjera.

– Det har no vel med landbrukspolitikk å gjera?

– Jaaa, det har ti prosent med landbrukspolitikk å gjera og 90 prosent med annan politikk å gjera. Det er eit poeng at jordbruksarealet har halde seg oppe, men kanskje kjem også det til å kulminera. Då er føresetnaden endra, og då ringjer det ei varselklokke. Den store omstillingsmotoren i norsk samfunnsliv er kampen om arbeidskrafta, og det er også distrikta sin mare. Evna til å betala er lågare på bygda enn i byane, og rundt kvart gardsbruk står det «misjonærar» og seier: «Kom til oss. Me kan tilby deg høg løn, fri i helgane, utanlandsreiser og eit moderne liv». I dag spørst det om folk er villige til å satsa og investera to millionar kroner i ny driftsbygning. Dei kjem ikkje til å la seg lura som mor og far gjorde på 1970-talet.

– Bruka må verta større for å verta lønsame?

– Eit bruk med 12 kyr på Vestlandet som skal investera 1,5 millionar kroner, må opp i 16 kyr i neste runde. Vert det opplevd som dramatisk, er alternativet avvikling, men det seier eg ikkje så lenge bonden har ein etablert bygning.

– I spørjetimen varsla du ein dynamikk som gjer at tre av fire mjølkebruk forsvinn i store delar av landet?

– Viss eg ikkje lukkast med å få gjennomført politikken min, vert det slik.

– Kva er din resept for norsk landbruk?

– Det viktigaste er å sørgja for at dei som byggjer ny driftsbygning får utnytta kapasiteten og føresetnadene. Det fekk ikkje den førre generasjonen. Dei vart inviterte til å byggja det berekraftige familiebruket for 16 til 20 mjølkekyr. Dei hadde ikkje fått bygt ferdig før kvotereguleringa kom. Den som byggjer no, må ha tillit til at han får utnytta kapasiteten. Difor må me løysa opp kvotereguleringa. Marknadsløysinga er å ikkje gjera noko, men det fører til dramatiske strukturendringar. Den mest småbruksvennlege lina er dei varsame justeringane som eg står for.

– I dag finst det i underkant av 20.000 mjølkebruk her i landet. Kor mange bør det vera om ti år?

– Viss me ikkje lukkast med politikken vår, kan talet verta redusert endå snøggare enn no, og då kan me få ei halvering på 10-15 år. Det er dramatisk for norske bygder og norsk landbrukspolitikk. Det vil mørkleggja norske bygder i dramatisk grad. Lukkast me, kan me få eit brukstal som er lang høgare.

Ikkje bøddel

Sponheim viser til at det er ein god gammal venstretradisjon å oppmoda til å vera forretningsførar for det naudsynte.

– Men det er ikkje alltid det same som å vera forretningsførar for det behagelege. Eg er skapt slik av Vår Herre av natur at eg ikkje er redd. Eg er ikkje så oppteken av fasaden når eg kjenner at eg gjer det rette.

– Du kjenner deg ikkje som ein bøddel når du reiser til Valdres for å møta fleire hundre frustrerte bønder?

– Nei, tvert imot. Dei 400 bøndene var ikkje kjærlege i blikket, men eg er ikkje direkte skvetten – eg heller. Eg er overtydd om at viss me ikkje skapar ein politikk som me kan møta dei neste 10-15 åra med, vil oppmøtet i salen i Valdres verta dramatisk redusert neste gong. Med dei grep eg ønskjer å ta, skal det framleis vera mogeleg å fylla ein sal med bønder i Vestre Slidre. Eg er heilt sikker på at det er slik, seier Sponheim.

Han fortel at han har fått mange godord, brev og helsingar etter møtet i Valdres for eit par veker sidan.

– Blikka utan kjærleik vart tona ned etter at eg hadde delt tankane mine med dei, seier han.

– Du sørgde for at «tåke ble avløst av tjukk skodd», skreiv Nationen?

– Slike enkeltutsegner vil du alltid møte i ei forsa
mling på fleire hundre.

– Småbrukarlaget ber deg uttala deg ærleg om den framtida du legg opp til for norsk jordbruk?
– Eg prøver på det, men problemet er at småbrukarleiaren, Arne Vinje, er ein god gammal sosialist som trur at det er mogeleg å leggja eit planøkonomisk kart over gardane. Eg trur på eit mangfald av løysingar som er langt større enn det som har vore tilfelle i det planøkonomiske jordbruket tidlegare. Eg har ikkje tenkt å ta økonomien frå nokon som driv småskala-jordbruk, men eg vil sikra meg at nokre vert med vidare framover.

– I fjor vart 116 bruk lagde ned i Finnmark, og det er ein femtedel. Er samfunnet tent med ei slik utvikling?

– Nei, eg meiner at me har nådd ei nedre grense for det landbruket kan avgi av arbeidskraft. Når me er nede på 60.000 bruk, kan me ikkje mista så mange fleire.

6000 bruk har vorte borte dei to siste åra. Kan du endra dette dei to neste åra?

– Det er kort sikt. Eg vil vera svært varsam med å lova noko slik.

Aha-oppleving

Lars Sponheim snakkar gjerne om matopplevingar og kultur; dyr mat, lokal mat og mat med etikk. Han meiner slett ikkje at maten er for dyr her i landet. Landbruksministeren kan skryta av at han aldri har reist til Sverige for å kjøpa billeg mat.

– Det kunne ikkje falle meg inn; eg synest det er harry. Eg både håpar og trur at norske borgarar tenkjer annleis om dette, seier han – og fortel om ein tur til Berlin for nokre veker sidan. Der var han innom Europas største delikatesseforretning med 500 tilsette og 150 kokkar.

– For ein landbruksminister var det ei oppleving å koma dit. Staden har vorte ein av dei viktigaste møteplassane i Berlin, og dit kjem folk blant anna for å handla mat. Der fekk eg ei aha-oppleving om kva som vert framtida for den moderne, europeiske forbrukaren. Kan det vera den rette øvinga å ta på seg grilldressen og dra over til Sverige for å tena noko ører på pølsene?

Vekkjing


I eit foredrag tok Sponheim til orde for at ein må bort for sosionomtilnæringa til bøndene.

– Kva meiner du med det?

– Me liberale har eit slagord som seier at den som gjer menneske små, kan ikkje venta seg noko stort. Vår Herre har gjort norske bruk småe, men me har også hatt ein landbrukspolitikk som har gjort menneske småe. Me har klientifisert norske bønder, og det meste tragiske er at norske bønder ikkje lenger er stolte av produkta og kunnskapane sine. Det finst ei setning i Sem-erklæringa om å skapa optimisme, og det skal eg etterleva. I Valdres var det folk som sa til meg at eg måtte laga vekkjing. Eg har evner i den retninga, men eg vil ikkje vera med på det. Eg vil ikkje prata optimisme om det ikkje er tufta på samfunnsutviklinga. Eg ønskjer ikkje å få folk til å investera og satsa 20 år av sine liv på eit sviktande grunnlag. Det er eg livande redd for. Når eg seier til eit menneske at det er fornuftig å setja seg i gjeld på to eller tre millionar kroner, må eg vera overtydd om at det er rett også om 20-30 år.

– Korleis vil du verta hugsa som landbruksminister?

– Som ein som tok tak i dei tunge utfordringane. Eg har tenkt å vera dønn ærleg, og det er mitt store problem som politikar, seier Lars Sponheim.

Heime i Ulvik har han 50 mål på høgkant – og sauer.

– Der lever eg eit vedunderleg liv. Det var ikkje noko romantisk blaff frå mi side då eg slo meg ned der. I dag er eg meir overtydd om at det er det gode liv, enn då eg starta for 20 år sidan. Det er ingen tvil om at eg skal tilbake til dette. Eg skal bruka siste delen av livet mitt til å driva bruket på heiltid. Eg har sagt til dei tre barna mine at det flott om ein av dei vil verta buande og overta garden i Ulvik. Vil dei ikkje det, kjem me til å sleppa til andre ungdommar, seier Lars Sponheim.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |