Dag og Tid nr. 47, laurdag 24. november 2001

Bøker:
Radikalaren Knut Hamsun

I boka
Radikaleren forsterkar Lars Frode Larsen inntrykket av at den unge Knut Hamsun var radikalar.

Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no 

Lars Frode Larsen skreiv hovudfagsoppgåve om Hamsun i 1980. Sidan har han trengt stadig djupare ned i materien. For nokre år sidan gav han ut doktoravhandlinga si om den unge Hamsun i bokform. Den nye boka kjem neste veke, og ho held fram i det same sporet. Her tek Larsen for seg Knut Hamsun og gjennombrotet 1888-1891. Han har også planar om eit tredje verk som skal koma neste haust. Det skal følgja Hamsun fram til oktober 1893, og heile trebandsverket vert på kring 1500 sider.

Den galne enden

Lars Frode Larsens tese har vore at den unge Knut Hamsun var ein radikalar, og i den nye boka grunngjev han det.

– Så langt har forskarane sett på Hamsun frå den galne enden av den biografiske kikkerten. Dei haldningane som han hadde seinare i livet, har vorte brukte til forståingsramme for heile livet hans, seier Larsen.

Hovudvekta i boka er lagd på forfattarskapen, det religiøse og politiske synet.

Den nye boka byrjar med at Knut Hamsun kjem tilbake til København etter sitt andre opphald i USA, og ho følgjer Hamsun fram til han er klar til å byrja på den litterære føredragsturneen i Bergen i februar i 1891.

– Når eg kallar Knut Hamsun ein radikalar, meiner eg at han er i opposisjon til og ønskjer å få ei endring på det eksisterande samfunnet. Samtida oppfatta Knut Hamsun som ein radikalar, men dermed er det ikkje sagt at han ville ha vorte oppfatta slik i dag, seier Larsen.

Sjølvbiografi

I den perioden han tek for seg, gav Knut Hamsun ut tre bøker: Fra det moderne Amerikas Aandsliv (1889), Lars Oftedal (1889) og Sult (1890). Dei to første bøkene er sakprosa, og Larsen set spørjeteikn ved om Sult er skjønnlitteratur.

– Eg meiner det er ein sjølvbiografi, men det inneber ikkje at ein kan leita etter truverdige, pålitelege biografiske opplysningar i Sult. Ein sjølvbiografi er ei retrospektiv framstilling frå forfattaren som seier noko om korleis han oppfattar livet sitt på skrivetidspunktet. I den samanhengen byggjer Hamsun opp under kunstnarmyten som seier at kunstnaren skal svelta og ha det vondt. Hamsun framstiller seg som «kunstens martyr». Kanskje var han det, men eg stiller meg tvilande til det, for i den samanhengen kjem ein også inn på Hamsuns manglande økonomistyring. Både Hamsun og samtida oppfatta han som ein «kunstens martyr», og det har lagt grunnlaget for oppfatninga av Hamsun for ettertida.

Anarkist

Knut Hamsuns politiske radikalisme kjem ikkje tydeleg fram i Sult, men sosialistane i samtida las boka.

– Dei såg klart det sosialpolitiske potensialet. Både i Polen og Russland vart Sult gjeven ut på revolusjonære forlag, og dei såg på Hamsun som deira forfattar. Det norske arbeidarpartiet vart stifta først i 1886, men partiet var heilt marginalt den første tida. Hamsun hadde sympati for anarkist-rørsla, og han framstilte seg sjølv som anarkist, men den politiske støtta gav han til Radikale Venstre. Overgangen mellom sosialisme og anarkisme var glidande kring 1890. Hamsun hadde ein nær anarkistven, Krøger Johansen, som vart den første, betalte redaktøren i Social-Demokraten. Under opphaldet i USA var dei to heilt på line.

Radikalismen

Kom ikkje Hamsuns politiske radikalisme fram i Sult, var han tydelegare i Lars Oftedal.

– Boka plasserer Hamsun på den ytste radikale fløya, om ein ser bort frå sosialistane. Venstre var på slutten av 1880-talet splitta i moderate og radikale, og båe partia gjekk til val hausten 1888. Då hadde ein Kielland-saka bak seg, og det frisinna intellektuelle by-venstre kom i opposisjon til dei meir kristne, kongetrugne bonde-venstre. Det radikale by-venstre var ikkje nøgd med Johan Sverdrups disposisjonar. Stavanger-presten Lars Oftedal tilhøyrde dei moderate som var trugne mot Sverdrup, medan Dagbladet og VG førte kampanjar for å verta kvitt svikaren. I den samanhengen var Hamsun blant dei radikale, og han let seg hyra som politisk kampanjejournalist i Dagbladet for å kvitta seg med Oftedal. Avisa la ned stor innsats for å gjera Oftedal umogeleg ved det neste valet. Hamsun skreiv ein lang artikkelserie som gjekk i Dagbladet hausten 1889. Artiklane vart seinare samla og gjevne ut i bokform av den radikale nynorskforleggjaren Mons Litlere i Bergen. Sidan har ingen slått fast at boka var eit radikalt, politisk skrift, men ho er avgjerande for forståinga av Hamsun. Ho gjer han både meir nyansert, komplisert og interessant.

Kulturradikal

Lars Frode Larsen meiner at også publiseringsstadene fortel om Hamsuns politiske ståstad.

– Han skreiv i aviser på venstresida, i danske Politiken, Dagbladet og Verdens Gang. Han gav ut bøker på forlaget til Mons Litlere og P.G. Phillipsens radikale forlag i København. Hamsun var også med i det første nummeret av Samtiden i 1890, der han melde Bjørnstjerne Bjørnsons På Guds veier.

Lars Frode Larsen trekkjer også fram døme på at Knut Hamsun var ein kulturradikal forfattar. Han skreiv både erotisk vågalt og religionskritisk og stod bak fleire av leiarartiklar i Dagbladet. Blant anna hudfletta han den reaksjonære redaktøren i Morgenbladet. I samtida trudde ein at det var Dagblad-redaktør Lars Holst som skreiv leiarane, men Lars Frode Larsen er heilt sikker på at dei er skrivne av Knut Hamsun.

I alle dei tre nemnde bøkene uttrykkjer Knut Hamsun ei ateistisk haldning. Sult vart meldt i få konservative aviser då boka kom ut, og ho selde dårleg. Kanskje var religionskritikken medverkande til det?

Lars Frode Larsen fortel om ein rasande gudsopprørmonolog i Sult, ein blasfemisk sekvens på fire sider. Denne stod på trykk i førsteutgåva, men vart sterkt redusert i andre utgåva i 1899.

Ei line

Hamsun var aldri medlem av noko parti – heller ikkje i NS.

– Han var ikkje partipolitikar, men han var meir politisk aktiv enn gjennomsnittet. Han ville ha slutt på unionen med Sverige. Han gjekk inn for ei aktivistisk line, og argumenterte for dette i ein leiar i Dagbladet. I 1905 skreiv han politiske agitasjonsdikt mot Sverige.

Larsen trur ikkje at den nye boka kjem til å endra biletet av Knut Hamsun over natta. Larsen viser til den stadige tilbakevendande oppfatninga av Hamsun – som ei gåte. Han meiner at ein bør gå til fakta. Då vil ein kanskje finna at det går ei line frå Radikale Venstre til Frisinnede Venstre, der både Vidkun Quisling og Fridtjof Nansen var med.

– Kanskje bør ein søkja langs denne lina, i staden for stadig på nytt å karakterisera Knut Hamsun som ei gåte, seier han.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |