Roald Helgheim:
Ein krig for verdiar?

På den andre dagen av krigen mot Afghanistan skreiv VG på leiarplass: «Det er usigelig trist at Vesten på denne måten igjen tvinges til å gå til krig for sine verdier». Setninga inneheld meir visdom enn ein skulle tru. For det første slår avisa heilt rett fast at det er ein krig for Vestens verdiar, og for det andre er dette er noko Vesten/USA har gjort «igjen» og «igjen», etter ei verdsomspennande liste som har vore rekna opp mange gonger i dei politiske kommentarane den siste månaden. I kunsten å gå til krig for verdiane sine, er det rike Vesten i særklasse. Om USA i dette tilfelle brukte nesten fire vekers diplomati, press og trugsmål for å samle breiare internasjonal støtte enn før til krigen, er det framleis ein krig på USAs vilkår. Det vil dei fleste støttespelarane seie er rimeleg, ettersom dette terroråtaket vart retta mot USA. At terroren er eit trugsmål mot alle oss andre, er sjølvsagt ei sanning med modifikasjonar.

Etter terroråtaket var Vladimir Putin raskt ute og samanlikna det med eit åtak på eit bustadhus i Moskva, som det i si tid vart hevda at tsjetjenarane stod bak. Eller som Astrid Suhrke skreiv i ein kronikk i Dagbladet 25. september: «Mange av verdens regjeringer kommer nå løpende til Washington med lister over sine ‘terrorister’ som de vil ha støtte for å bli kvitt.» Når det no blir slått hardt ned på demonstrasjonar både i Pakistan, Indonesia og andre stader der det blir demonstrert mot åtaket på Afghanistan (og det pakistanske styret kvittar seg med vaklande element), er det ikkje berre prisen dei må betale for å vise lojalitet. Mange har også ein eksplosiv indre opposisjon å stri med, «terroristar» eller ikkje. I Kina vart USA-fiendtlege ytringar forbodne på websidene etter terroråtaket mot WTO, men kan Beijing rekne med amerikansk støtte i kampen mot Falungong? Det vil i så fall vere ein sensasjonell snunad i amerikansk politikk andsynes krenkinga av menneskerettane i Kina, eit spørsmål det har vore eit diplomatisk pliktløp å ta opp for vestlege statsmenn på vitjing i Midtens rike. I tillegg til dette kjem sjølvsagt at det er makthavarane som definerer kva terrorisme er, også i Israel, ein stat som i seg sjølv er bygd på terror.

Likevel står vi ikkje berre andsynes eit terrorbilde som skil seg dramatisk frå det meste vi har sett før, iscenesett av eit nettverk som, etter dei talsmenn vi har sett via den herostratiske outsider-kanalen med link til Kabul, Al-Jazeera-stasjonen i Qatar, ikkje tar fem øre for gjere det på ny. Etter det vi veit, kan det også vere eit nettverk som rår over enorme ressursar. I tillegg står vi andsynes eit regime i Afghanistan som ikkje berre hyser bin Laden, men som i undertrykking overgår det meste som har vore der før, ikkje minst i den barbariske forfølginga av kvinner og religiøse avvikarar. Men ingen andre statar brydde seg om dette regimet, før den nye terroren råka det kapitalistiske Vesten rett i hjartet. Etter det tek Vesten seg, med verdas supermakt i spissen, retten til å bombe det utfattige Afghanistan til ruinar, dersom det er naudsynt for å røykje ut terroristane og å setje inn eit nytt regime. Dei tar seg også retten til å bombe andre land, i første rekkje den gamle kjenningen Irak.

Talsmannen som kunngjorde at krigen på denne måten kunne bli utvida, var ingen ringare enn den nye FN-ambassadøren John Negroponte, mannen som vil gjenreise Monroe-doktrinen i amerikansk politikk. Han var ein av representantane for det ekstreme høgre som Bush gav eit nytt embete, etter at han hadde lege i dvale etter innsatsen han gjorde for USA som ambassadør i Honduras på åttitalet, og i krigen Reagen og Bush senior førde mot Nicaragua og geriljaen i El Salvador. Mellom menneskeretts-aktivistar var han berykta for innsatsen han gjorde i Honduras (1981-85), medan USA finansierte og arrangerte krigen mot Nicaragua og geriljaen i El Salvador. Han byrja den diplomatiske karrieren sin som offiser i Saigon under Vietnamkrigen. Etterpå fekk han sparken av Kissinger etter å ha kritisert han for ettergjevnad i krigen. Som Dag og Tid skreiv i vår, har han ikkje blitt mjukare med åra. I eit intervju i 1999 om den kalde krigen vart han beden om å gje ein definisjon av Monroe-doktrinen. «Monroe-doktrinen? Det er ei rotfest oppfatning i amerikansk utanrikspolitikk om at framande makter ikkje skal kunna etablera noko politisk eller strategisk bruhovud på denne halvkula. Amerika for amerikanarar.»

Etter den logikken vi såg både i Irak og i Serbia, står det angriparen USA fritt til å utvide definisjonen av kva som er militære mål i Afghanistan. Di meir ein øydelegg av infrastrukturen for å nå målet, vil det sjølvsagt ramme sivilbefolkninga like hardt som regimet sjølv. Det handlar ikkje berre om kor mange «sivile» som blir drepne. Dette latterlege spørsmålet som ankermenn og kvinner i fjernsynet terpar på dag ut og dag inn, saman med «veit vi kor store skader som er gjort?». Dei som vil ha nærare greie på formålet med det som skjer, er prisgitt dei daglege Pentagon-brifingane av minister Rumsfield, kringkasta like ukritisk som i dei tidlegare USA/Nato-krigane. Endå meir ukritisk er dekninga av den såkalla humanitære innsatsen, flysleppa som den britiske kommentatoren George Monbiot i The Guardian bokstaveleg tala har plukka frå kvarandre. Det einaste som verkar, er krigens øydeleggingar. Det groteske forsøket på også å kjøpe seg eit avlat for syndene, liknar mest ein drope i ørkenen. Endå ein gong fører Vesten krig for sine verdiar.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |