Dag og Tid nr. 41, laurdag 13. oktober 2001

Leiar:
Meir miljø

Dei politiske signala frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre syner ei håpefull tru på framtida. Og godt er det. Men skal ei god framtid sikrast, må ein ta tak i dei overgripande utfordringane. Noko av det viktigaste er miljøproblemet. I tiår etter tiår har dette vore debattert av snart alle i alle leirar. Dei fleste er samde om at tiltaka må vere omfattande. Men så å seia ingenting har skjedd som verkeleg kan gje von om at den negative utviklinga er i ferd med å snu. Viljen er der, men evna til å prioritere manglar.

Ein snuoperasjon vil også måtte råke negativt. Å verne miljøet mot forureining har sin pris. Ting må forsakast. Nokon må forsake meir enn andre. Motstand vil bli reist. Klager vil bli sende. Det er då vi treng ei regjering som likevel står oppreist og tenkjer langsiktig utover neste val. Som kan skilje mellom rett og gale, det gyldige og ugyldige, mellom det viktige og uviktige.

Vi treng ei regjering som torer å leggje seg utpå litt oftare og verkeleg stå for noko. Ingen kan tekkjast alle. Ein må våge å risikere å verte upopulær. Forureiningsfrie gasskraftverk er bra. Billegare flyreiser eit steg i feil retning. Å love oss 25 milliardar i skattelette er misforstått miljøpolitikk. Auke i privat forbruk er noko av det viktigaste vi må til livs skal vi kome nokon veg.

Vi har tapt framdrift i miljøarbeidet. Miljøsaka har mista merksemd. For vel ti år sidan vart det lagt fram eit langsiktig, forpliktande miljøprogram. Dette har ikkje vorte følgt opp. Den nye regjeringa har no eit høve til verkeleg å visa att i historiebøkene. Ved å gjere miljøsaka til si hovudsak kan regjeringa skape ny optimisme for politisk verksemd og fornya tru på demokratiet si evne til å snu miljøutviklinga. Og som vi veit: Vi kjem ingen veg i det globale miljøarbeidet før ein får gjort noko med vår største moralske utfordring – den globale fattigdomen.

Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |