Dag og Tid nr. 41, laurdag 13. oktober 2001

Herbjørn Sørebø:
Staurberar Bondevik

Med bruk av 25 milliardar oljekroner til skattelette over fire år kjøper Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre seg fram til kongens bord. Oljepengane gjer at alle dei tre partia slepp å kutte utgifter i stort omfang på statsbudsjettet for å berge dei sakene dei brenn mest for, men semja kviler på kompromiss som det kan bli plagsamt å leve med. Stortingsvedtaket om at det kan byggjast gasskraftverk med gammal teknologi skal såleis stå fast, men med løyvingar til utviklinga av ny teknologi som eit lokkemiddel for å få industrien til å vente med bygginga. Med seg i kofferten frå Sem Gjestegård har dei tre partia også ein sjølvmordsparagraf. Regjeringa skal gå av dersom eitt av partia set EU-medlemskap på sakskartet. Fødselshjelpar for den nye regjeringa er ein djupt såra og vonbroten Carl I. Hagen som opplevde det som eit slag i andletet at han ikkje vart vald til stortingspresident. Han og partiet hans kjem til å krevje at statsminister Kjell Magne Bondevik bankar på døra hans med lua i handa og bed om hjelp gong etter gong i saker det står strid om, og han kjem til å gjere alt han kan for å ta glansen av regjeringa.

Det var ikkje noko godt teikn at dei som tinga om å skipe ei ny regjering av Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre måtte døype barnet før det var født. «Samarbeidsregjeringen» kalla dei tiltaket dei arbeidde med. Det skal ikkje stor fantasi til å tenkje seg kva som var grunnen til at det hasta så mykje med dåpen. Kjell Magne Bondevik hadde irritert høgrefolka med det han sa om kva som var oppnådd i sonderingane. Han hadde ikkje markert høgresakene. I vonbrotet over at Høgre vart tvinga til å gje frå seg statsministerposten, skulle det ikkje mykje til å irritere høgrefolka. Denne irritasjonen kjem dei til å ta med seg inn i det som skal vere eit samarbeid, og såret etter tapet av statsministerposten kjem ikkje til å gro så fort. Det blir rive opp att kvar gong Kjell Magne Bondevik står fram som frontfigur, og mange høgrefolk kjem til å klø i blodskorpene under nyttårstalen i fjernsynet. Som statsminister får Kjell Magne Bondevik god grunn til å hugse dei orda tidlegare statsminister Per Borten let falle då han gjekk av. Han minte om kor vanskeleg det er å bere staur. For Kjell Magne Bondevik sprikjer staurbøra frå første stund. På Sem Gjestegård har dei tre partileiarane hardtrena på å demonstrere familielykke. Vi får sjå kor lenge det held før det blir husbråk. Den tyngste og mest krokete stauren i børa for statsministeren blir likevel Carl I. Hagen og Framstegspartiet.

Mange i Høgre fekk det for seg at folket i val hadde peika ut Jan Petersen til statsminister. Slik er det ikkje. Det blir ikkje avgjort i val kven som skal vere statsminister. Kven som skal sitje i regjeringa og kven som skal leie den, blir avgjort av kven som kan samle støtte i Stortinget. Det avgjerande nå var at hadde ikkje Høgre gjeve statsministerposten til Kjell Magne Bondevik, så hadde tingingane om å skipe ei ny regjering stranda. I politikken er det makta som rår, veit vi. Kristeleg Folkeparti brukte makta si, men Kjell Magne Bondevik må finne seg i å få Carl I. Hagen som barnepike. Valet avgjorde ikkje at det skal førast rein høgrepolitikk eller verre, men barnepika kan vere med på å føre det politiske barnet den vegen.

Det vart drive sorgarbeid i sentrumspartia etter valet, fekk vi vite av Valgerd Svarstad Haugland i eit fjernsynsprogram. Det er forståeleg at det trongst. Hadde ikkje Kristeleg Folkeparti og Venstre undergrave sentrumsalternativet før valet, hadde Venstre kanskje fått ein promille meir i røyster. Då hadde den parlamentariske situasjonen vore ein heilt annan enn den vi fekk. Det må vere vondt å tenkje på for venstreleiaren, Lars Sponheim, og staurberar Kjell Magne Bondevik.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |