Dag og Tid nr. 41, laurdag 13. oktober 2001

Bøker:
Sprudlande tragisk

Tommy Kristoffersen meistrar det sosiale spelet, men står samtidig på sida av det som ein observatør, og det har han slite med i to romanar.
 
Odd W. Surén:
Kometenes øyeblikk
Aschehoug

Odd W. Surén har i det stille etablert seg i samtidslitteraturen og har etter kvart blitt ein svært anerkjent novellist. Sidan 1985 har han gitt ut fem novellesamlingar. Som romanforfattar debuterte han i 1998 med Dråper i havet der han presenterte oss for den nevrotiske lektoren, ungkaren og einstøingen Tommy Kristoffersen. Nyleg kom den andre romanen om Tommy Kristoffersen der vi følgjer han til jubileumsfest saman med den gamle gymnasklassen. Det er 25 år sidan han har sett dei andre eller hatt noko med dei å gjere.

Einstøing

Sidan førre roman har Tommy Kristoffersen slutta som lektor og fått jobb som kulturkonsulent i kommunen. Han trivst ikkje med jobben, heller ikkje med kollegaene eller med naboen som stadig trenger seg på med sine irriterande uvanar. Tommy vil helst vere for seg sjølv, pusle med sitt, skrive sine aforismar og pleie sine mistankar til og sin bitande kritikk av seg sjølv, av verda og menneskeslekta. Han er ein gjennomført einstøing av den typen som samtidslitteraturen begynner å få mange av, ein intellektuell som verken finn seg til rette i si eiga tid eller i sin
eigen eksistens. Han stoler ikkje
på nokon, og aller minst på seg sjølv.

Tommy Kristoffersen har derfor eit alvorleg problem som han prøver å dekke over ved ulike strategiar. Angsten for det sosiale og ønsket om å vere usynleg fører han ut i ei rekke komiske situasjonar som blir krydra med underfundig sjølvrefleksjon, og når vi møter han i årets roman, sit han på Flesland og ventar på flyet som skal føre han til Gardermoen der han aldri har vore før, og dette skaper ein nesten uovervinneleg angst for å dumme seg ut, gjere seg til latter og bli sett av dei andre. Men det går betre enn venta, han kjem seg til Oslo, tar inn på Bondeheimen og møter presis til klassefest dagen etter.

Festen

Tommy Kristoffersen har ei bok på samvitet, noko han både er stolt og skamfull over. Denne vesle aforismesamlinga blir den sosiale inngangsbilletten til den gamle klassen, for fleire har lese boka hans eller påstår at dei har gjort det, særleg damene er opptatt av dette, noko som utløyser ville seksuelle fantasiar i Tommy Kristoffersens hjerne. I det heile tatt, forholdet
til kvinner er ganske betent og uforløyst og gir seg utslag i surfing på nettet og lumre draumar om frodige bakpartar og fyldige kroppar.

Ein klassefest har sjølvsagt sin eigen regi, og Surén tar typane på kornet. Somme har lukkast i livet, andre har surra rundt, dei som bråka i klassen har enda ikkje roa seg, og dei stille og fortagde har framleis problem med å hevde seg. Samtidig, og her er vi vel ved romanens alvorlege tema, er alle framande for kvarandre, dei er som kometar som passerer kvarandre, lyser kvarandre opp ein kort augneblink og forsvinn igjen ut i det ukjende. Den grunnleggande einsemda vil alltid vere der saman med lengselen etter kontakt og vissa om at dette er ein illusjon.

Tommy Kristoffersen greier seg godt på festen. Han beherskar det sosiale spelet, men står samtidig på sida av det som ein observatør, og dette er det problemet han har slite med i to romanar. Han er ingen aktør eller deltakar fordi han ønsker seg ein avstand til alt og alle, og sjølv om Tommy Kristoffersen både er morosam og spirituell og til dels sprudlande i sin humor, er han likevel ein tragisk person. Derfor tar denne lesaren mannen på alvor og meiner at Odd W. Surén rører ved eit vesentleg og eksistensielt problem i eit samfunn som har det vellukka og veltilpassa som ideal.

Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |