Dag og Tid nr. 41, laurdag 13. oktober 2001

Sakprosa:
Ein norsk helt i ein gresk tragedie?

Berit Tolleshaugs nye bok om Fridtjof Nansen er ypparleg. Ho er velskriven, veldokumentert og forfriskande kritisk til overleverte altertavler, skriv Bernt Hagtvet.

Berit Tolleshaug
Fridtjof Nansen: En norsk helt i en gresk tragedie?
pax

Hausten 1922 var Vesleasia og Aust-Thrakia scene for ein gresk tragedie i dobbelt forstand. På få veker flykta størstedelen av den osmanske, greske minoriteten – omkring ein million menneske – i panikk frå område som i nærare tre tusen år hadde vore prega av gresk busetnad. I ei ri av overmot hadde Hellas forsøkt å gjenoppretta eit Stor-Hellas i Vesleasia. Det skulle slå sterkt tilbake då Mustafa Kemal fekk samla sin nasjon til motåtak. Som Folkeforbundets høgkommissær for greske flyktningar spelte Fridtjof Nansen ei viktig rolle i det som vart løysinga på konflikten: tvangsflytting av den greske minoriteten i Tyrkia og den tyrkiske befolkninga i Hellas. Ved nærare ettersyn – let biletet av Fridtjof Nansen som helt i dramaet seg halda ved lag?

Det er spørsmålet den unge historikaren Berit Tolleshaug stiller seg i boka Fridtjof Nansen. En norsk helt i et gresk drama? (Pax 2001). Ho organiserer studiet sitt på klassisk vis etter Aristoteles’ lære i Poetikken om dei tre fasane i tragedien.

Tragedien i 1922 vart driven fram av overmot, særleg frå gresk side. Fram til konflikten vart løyst ut, var Hellas ein bortskjemt unge i verdspolitikken; greske ambisjonar hadde nærast alltid fått støtte frå stormaktene. I eit forsøk på å trekkja Hellas inn i første verdskrig på sida til ententemaktene lovde til dømes den britiske utanriksministeren Sir Edward Grey Hellas «store land-område langs Vesleasia-kysten» i 1915. Denne lovnaden tente som direkte utgangspunkt for den greske okkupasjonen av Smyrna i mai 1919.

Nasjonalisme

Gjennom heile 1800-talet var den greske staten prega av liberal nasjonalisme av Giuseppe Mazzini-typen («risorgimento-nasjonalisme»). Hovudpoenget med den var å kjempa for rett til nasjonalt sjølvstyre og individuelle rettar. Men etter at Grekenland var konsolidert, dreidde den greske nasjonalismen etter 1830 seg meir i retning av territoriell ekspansjon. Meir enn to millionar grekarar levde under osmansk herredømme. Dei greske koloniane i Vesleasia var minne frå ei nasjonal stordomstid og vert framstilte som små kristne øyar i eit muslimsk hav. Megali Idea, tanken på eit Stor-Hellas, låg ikkje langt unna autoritære nasjonalisme-idear som ville rangera nasjonar, og som ofte fekk undertrykking av andre som følgje. Det var dette idestoffet som låg under krigen som utløyste tragedien i 1922.

Tyrkiske massakrar

Ved å heva seg over menneskelege avgrensingar set den tragiske helten seg opp mot viljen til gudane og vert råka av deira hemn, nemesis. Hemnen for dei overmodige grekarane kom i form av ein ny tyrkisk nasjonalisme under leiing av den unge offiseren Mustafa Kemal (Atatürk). Han skulle verta den sekulære grunnleggjaren av den tyrkiske staten.

Den greske okkupasjonen av Smyrna var sanksjonert av stormaktene på Versailles-konferansen. Dei greske troppane vart til og med eskorterte inn til byen av britiske, franske og amerikanske marinefarty. Offisielt skulle grekarane verna den kristne minoriteten i regionen, men Hellas hadde heile tida som føremål å føra ein gresk ekspansjonspolitikk på kostnad av det sterkt svekte osmanske riket.

Sommaren 1921 hadde den greske offensiven i Anatolia nådd fram nesten til Ankara. Etter å ha tapt slaget ved Sakyra-elva i september 1921 byrja dei greske troppane sitt audmjukande tilbaketog. Krigstrøyttleiken på båe sider gjorde at Kemal først i august 1922 sette inn ein motoffensiv. Det førte til totalt gresk militært samanbrot og rask retrett mot Egearhavet. 9. september tok tyrkisk kavaleri Smyrna. Fire dagar seinare gjekk den greske draumen om eit gresk imperium i Vesleasia opp i flammar då dei kristne bustadkvartera vart sette i brann. Fryktelege scener utspelte seg i hamnebassenget då fleire hundre flyktningar drukna etter å ha vorte pressa ut i sjøen. Britiske kjelder talar om 12.000 omkomne grekarar som direkte resultat av brannen, meir enn talet på nordmenn som vart drepne under fem års okkupasjon, og endå fleire drepne av tyrkiske massakrar mot den kristne befolkninga.

Nansen og flyktningane

Det er på dette tidspunktet Fridtjof Nansen entrar scena. Hausten 1922 var han utnemnd til Folkeforbundets høgkommissær for greske flyktningar. Det vart fort klart at tilbakeføring av flyktningane ikkje kunne koma på tale, til det var den uforsonlege haldninga og trugsmålet om vald frå båe sider for openberr. Konfrontert med denne tilsynelatande uopprettelege katastrofen forsøkte Nansen ved hjelp av mandatet frå Folkeforbundet og hans personlege prestisje å forhandla fram ein avtale om utveksling av greske og tyrkiske folkegrupper i forkant av fredskonferansen i Lausanne 21. november 1922.

Geo-politiske visjonar

Berit Tolleshaug er ikkje så lite av ein «gravande» historikar. I staden for ein hagiografi over Nansens rolle reiser ho spørsmål om kor mykje han eigentleg fekk utretta. Det er forfriskande lesing. Som Folkeforbundet – og FN i dag – var Nansen sterkt avhengig av stormaktene. Som småstats-aktør var Nansen intenst oppteken av å styrkja det mellomfolkelege meklingsinstituttet som Folkeforbundet skulle vera, uavhengig av stormaktssanksjon. Vellukka humanitær innsats var for han ledd i arbeidet med å styrkja Folkeforbundets prestisje. Men her vart han ofte hindra av andre aktørar som ikkje ville la Folkeforbundet ta æra for hjelpearbeidet.

Nansen hadde også geo-politiske visjonar for arbeidet sitt. Han såg det også som si viktige oppgåve å skapa fred i den austlege middelhavsregionen, i eit område som på grunn av ei etnisk samansett befolkning, hadde gjeve opphav til så mykje vald, framfor alt første verdskrig i 1914.

Stormaktsavgrensingar

Nansen er ofte kalla naiv fordi han ikkje såg – eller snarare ikkje ville sjå – at hjelp også er politikk. I boka Fridtjof Nansen. Mennesket bak myten (1996) reduserer Roland Huntford Nansens arbeid for Russland nærast til hjelpelause sprell frå ein naiv og hjelpelaus polarforskar som er i stormaktene – og Russlands maktpolitiske garn. Så langt går ikkje Tolleshaug. Men ho er nøye med å understreka at Nansens personlege mangel på tolmod, hans ubyråkratiske stil og uavhengige haldning også avgrensa virkefeltet hans. Eit uheldig kornoppkjøp skapte mistillit til dei administrative evnene hans, men han var ei drivkraft i arbeidet med å avgrensa epidemiar. Og ho viser på ny hjartelaget til vår store landsmann. Gong på gong vart det omsett i praktisk arbeid. For han var lagnaden til dei greske flyktningane viktigare enn alle strategiske omsyn til statusen for Bosporus-sunda.

Katarsis, reinsinga, kjem i form av ei løysing som verka brutal i 1922, men som nok har medverka til fred mellom Hellas og Tyrkia i meir enn 80 år (Kypros unnateke). Lausanne-konferansen vedtok tvungen folkeutveksling av mellom 1,5 og 2 millionar menneske (1,2 millionar grekarar og 400.000 tyrkarar på gresk territorium). Opplegget kom frå Nansen, endå han hadde håpa på ei avgjerd før fredskonferansen kom saman. Størstedelen av den greske befolkninga som konvensjonen av 30. januar 1923 omfatta, hadde alt forlate Vesleasia og Aust-Thrakia. Det dreidde seg om eit «fait accompli». Da utvekslingsplanen vart sett ut i livet i 1923, vart i alt 400.000 muslimske, greske statsborgarar utveksla med i underkant av 200.000 attverande gresk-ortodokse osmanske statsbor-garar.

I dag menneskerettsvern

Tolleshaug avsluttar boka si med ein kort diskusjon av endringane i synet vårt på slike utvekslingar. I dag er ein slik tanke nokså fjern, ikkje minst på grunn av det internasjonale menneskerettssystemet sitt vern av retten til tilbakevending og minoritetsvern i multi-etniske samfunn. Men det hindrar ikkje at fleire røyster har heva seg for liknande folkeflyttingar i Kosovo og i Bosnia når folkegrupper ikkje kan leva saman i fred. Tragedien i 1922 var resultat av ein ekspansiv, etnisk reinsande nasjonalisme, ikkje ulik den som reiv Balkan opp på 1990-talet. Denne løysinga var ikkje ny i området. Metoden var brukt før, sist i ei utveksling mellom Bulgaria og Hellas i 1919.

Ein kritisk gjennomgang av Nansens innsats reduserer ikkje den viktige rolla hans, etter mitt syn. Utover ein viss framskundande og medverkande funksjon hadde ikkje Nansen innverknad på sjølve avtalen, sjølv om det var avtaleutkastet hans frå oktober 1922 som danna grunnlag for han. Så vidt eg kan sjå undervurderer Tolleshaug minnet om folkemordet på armenarane i 1915, då ungtyrkarane med hjelp av kurdarane drap mellom 800.000 og 1,2 millionar armenarar i forsøket på å gjera Tyrkia etnisk homogent. Det var medvitet om at sperrene mot massevald var temmeleg låge i denne regionen som truleg medverka til at Nansen var så oppteken av å skilje folkegruppene. Han hadde førstehands kunnskap om tragedien i 1915 og vart resten av livet ein ivrig talsmann for rettane til det armenske folket.

Har strekt kjølen


Dette er ei ypparleg bok, velskriven, veldokumentert, klar – og forfriskande kritisk til overleverte altertavler. Bør ikkje Tolleshaug utfordrast til å skriva den heil-dekkande Nansen-biografien for den neste generasjonen? Fridtjof Nansen fortener ei nylesing. Her har Berit Tolleshaug strekt kjølen.

Bernt Hagtvet

Bernt Hagtvet er professor ved Universitetet i Oslo. I 1996 skreiv han om Nansens arbeid for  armenarane, i boka Nansen mellom to århundrer.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |