Dag og Tid nr. 34, torsdag 23. august 2001

Frå Garborg-arkivet:
Lat oss få att


den gamle norske parlamentarisme, som er, at Storthinget sjølv styrer! Det er ei parlamentarisme, som ikkje er god, men ho er den beste, me kann få, så lengje me hev union med konge.
So lengje me hev union med konge, fær me aldri ei norsk regjering, som me kann lita på! Lat ho vera høgre, lat ho vera vinstre, – ingen mann vert minister i dette land, når han ikkje er ein mann, som unions-kongen og svensken kann bruka.
Sjå Fredrik Stang! Sjå Johan Sverdrup! Og legg merkje til, at Johan Sverdrup sjølv fortel, at kongen ikkje vil taka rektor Steen, – venteleg fordi dei trur, at Steen er for kaut ein mann til å gå same vegen i svenskesaki som Johan Sverdrup!
Og lat oss taka lærdom av skade. –
Nei, då er Storthinget meir å lita på. Veike, veike kann dei vera, dei karane uppi thingsalen og, desverre; men millom 114 mann vil der altid vera ein, som hev mod til å sjå og segja sanningi, dersom det gjeld på, og so er det det, at tridjekvart år skal dei kararne der i thingsalen veljast uppatt.
Arne Garborg

Eit Mistak
Frå Huseby & Co. limit, høyrer eg, at det er Bjørnson sjølv, som hev kastat ut målstrævboki «Til dem, som forkynner» osfr. Huseby & Co hev ho berre til forhandling.
Det plar altid stå utanpå boki det, når bokhandlaren berre hev ei bok til forhandling; «i kommission hos» plar det stå på titelbladet. Når bokhandlaren berre set namnet sit der, skulde det etter min tanke vera mest rimelegt å tru, at boki var hans, at han altso var forleggjar; og noko anna kom ikkje for meg denne gongen. Eg visste dessutan, at Huseby hev forlagt dei tvo andre småskrifterne, som B. B. hev gjevet ut her uppe i seinare tid; – slikt småskrap kan nemleg norske bokhandlarar vera gode nok til å forleggja, ser du; det er berre dei store og gjilde ting, som gjeng til Gyldendal. –
Det eg hadde imot Huseby for, var hellest naturlegvis ikkje det, at han hadde forlagt B. B.’s bok, men det, at han hadde gjort dette utan å segja frå, so at me kunde ha fengje ut vårt motlegg samstundes. B. B.’s bok vert send fritt til tingmenn og andre, og det kunde ha voret rimelegt og rett, at motlegget hadde blitt sendt dei same mennerne med det same, og det kunde Huseby godt ha fengje til med det same. At han ikkje gjorde dette, endå det berre vilde ha kosta han eit brev og eit tiøres frimerkje, det tote eg var kleint gjort av ein mann, som eingong i verdi gjekk og snakkat fint for oss og fekk oss til å tru, at han var slik ein målmann.
– Det mistaket, eg hev gjort, gjer eg hermed bot for.
Arne Garborg
Fedraheimen 2. mars 1888

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |