Dag og Tid nr. 32, torsdag 9. august 2001

Bøker:
Beisk bok om bestemor

Det er ei beisk bok Sven Kærup Bjørneboe har skrive om familien til Jens Bjørneboe, farbror hans. Det går så nådelaust hardt ut over mor til Jens – altså bestemor til Sven Kærup Bjørneboe – at ein må spørje etter motivet.


Sven Kærup Bjørneboe:
Onkel Jens
Et familieportrett
Aschehoug

Det må vere å fortelje at både den store forfattaren og bror hans sleit med morskompleks og aldri greidde å frigjere seg. Med mange av dei andre som blir omtala er det ei raus bok, som forfattaren seier er skriven for å rette opp feil i artiklar og bøker om farbroren som han meiner mora er skuld i.

Det har vorte peika på at Jens Bjørneboe vart fødd med ei sølvskei i munnen, og det vart han som son til den framgangsrike skipsreiaren og forretningsmannen Ingvald Bjørneboe i Kristiansand. Men i denne boka får vi vite at både Jens og syskena kom til å lide under ei herskesjuk, egoistisk mor og fråværet av ein far som vart så isolert i heimen at han for det meste åt middagen på Klubben.

«Grand dame»

Den 22 år gamle Maja Svensson etablerte seg fort som «grand dame» i Kristiansand då ho og Ingvald Bjørneboe gifte seg, han 40 år og alt då med sølv i håret. Ho deltok med liv og sjel i «all slags dannet syssel: barneball, voksenball, vaudeville-teater, veldedighet, samt utstrakt reisevirksomhet med eller uten barna». Det gjekk til hovudet på henne då mannen vart belgisk konsul. For henne var det viktig å halde på den fine fasaden, og det gav seg merkelege utslag. Ho fortalde at det vart snakka fransk ved middagsbordet i heimen, og ho sette ei klesklype på nasen til dottera Eva så ho skulle få den Bjørneboe-profilen jenta ikkje var fødd med.

Arv over styr

Det gjekk ut for stupet då Ingvald Bjørneboe døydde. Maja ville sitje i uskift bu. Eldste sonen Ole Andreas fekk ikkje sleppe til, og ho sette til slutt arven etter mannen over styr med den livsstilen ho hadde. Sønene våga ikkje å ta oppgjeret med henne. Dottera Eva var evneveik og hadde ikkje noko å seie.

Det var ein skandale som mest ikkje var til å bere for Maja då det vart kjent at son hennar hadde skrive pornoboka Uten en tråd. Då isolerte ho seg lenge. Ho tok boka som ei personleg fornærming, og ho kravde at Jens skulle skifte familienamn. Det kravet etterkom han ikkje. Det får han honnør for av Sven Kærup Bjørneboe, som meiner at onkelen burde ha sagt som det var at han skreiv boka berre for å tene pengar og trudde at det ikkje skulle bli kjent kven som var forfattar av pornoboka.

Farssakn

Bjørneboe-sønene sakna ein farsfigur som mor deira ikkje ville la dei få. Det vart ein glasvegg i ekteskapet som han var det økonomiske fundamentet for, flink i forretningar og med ei lang rad tillitsyrke i næringa med ordenar på brystet. Han var velsedd over alt, men i heimen måtte han sitje åleine i sin del av huset med bøkene sine.

Skipsreiar Ingvald Bjørneboe må ha vore ein raus mann. Jens var utvist frå gymnaset i Kristiansand og gjekk på skole i Flekkefjord då han vart tiltala for seksuell omgang med ei mindreårig jente. Det var ein stor skandale, og då reiste Ingvald Bjørneboe i løynd til Flekkefjord, tok inn på Grand Hotell og kalla sonen til seg. Der tok den gamle fram ei flaske konjakk og sa skål, oss vaksne imellom. «Er det den første gangen, min sønn?», spurde han.

Kva verknad ville det ha hatt for norsk litteratur om Ingvald Bjørneboe hadde hatt ein nærare kontakt med sønene sine i det daglege? Det spørsmålet sit ein att med etter å ha lese denne boka, som skildrar eit stort familiedrama og kastar lys over mykje i livet til Jens Bjørneboe. På ytste venstre vil nok somme bli vonbrotne over å lese så sterkt underbygd at Jens Bjørneboe ikkje høyrde til blant dei, same kor kritisk han var til det borgarlege samfunnet.

Herbjørn Sørebø
 

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |