Bøker:
Når byråkraten blir menneske

Byråkraten José i
Alle navnene lever i eit samfunn som minner om Prosessen av Kafka. Men José Saramago er meir humoristisk. Nobelprisvinnaren har laga ei overdådig bok, meiner Steinar Lillehaug.

José Saramago:
Alle navnene
Omsett av Christian Rugstad
Cappelen


Året før han fekk Nobelprisen, skreiv José Saramago den romanen som nett kom ut i norsk omsetjing med tittelen Alle navnene. Forfattaren har gitt fornamnet sitt til hovudpersonen, men han har plassert han i ein kontekst som liknar svært lite på hans eigen. Det er ikkje mye sjølvstendig og kreativt over tilværet til senhor José, som arbeider som kontorassistent i det enorme Folkeregisteret i ein namnlaus by. Han er over femti år gammal, men har aldri avansert i det rigide hierarkiet i denne institusjonen.

For Folkeregisteret er mye meir enn eit lite kontor. Saramago skildrar det som eit mektig, ruvande bygg, med eit indre som er så omfattande at ein kan gå seg bort der og ikkje finna ut att. Arkiva inneheld opplysningar om alle som hører til i samfunnet, både levande og daude, og sjølvsagt aukar det i omfang etter kvart som det blir fødd nye borgarar, og etter kvart som folk døyr. Funksjonærane gjer arbeidet sitt med det største alvor, og det er strenge reglar for tilhøvet mellom lekkjene i organisasjonen. For senhor José er det nesten ikkje skilje mellom arbeidsplassen og livet. Han bur i ein funksjonærbustad som ligg vegg i vegg med Folkeregisteret, det er til og med dør direkte frå heimen hans og inn til arbeidsplassen, sjølv om denne døra er avlåst og forboden å bruke.

Pasjon
Hovudpersonen har ein lidenskap, og det er berømte menneske. Han samlar på avisutklipp og andre dokument om folk med kjende namn, og misbruker posisjonen sin til å skaffe fram data frå arkiva han har tilgang til utan å ha fått lov av sine føresette. Så ein dag vil slumpen det slik at han får med seg eit ekstra kartotekkort med opplysningar om ei kvinne som korkje er framståande eller berømt, og senhor José set seg i hovudet at han skal finne fram til denne kvinna.

Dette set livet hans på hovudet. Det viser seg at det slett ikkje er så lett å finne ho – han må gjennom mange vågestykke for å lykkast. Ikkje minst må han ut blant folk, noe som er svært uvant for denne støvete og einsame byråkraten, som på denne måten kjem i kontakt med så vel gamle naboar som slektningar av henne. Livet hans får eit anna innhald, og han endrar seg frå å vera ein pertentleg funksjonær til å bli noe som liknar veldig på eit levande menneske. Samtidig stikk han seg ut blant kollegaene, og dette fører til at dei som er over han på rangstigen, både konsulentane, underdirektørane og sjølvaste sjefen legg merke til han og byrjar følgje ekstra godt med på det han gjør.

Alle navnene
er ein fabel, og tilhøvet mellom einskildmennesket og byråkratiet er hovudtema i romanen. Strevet til senhor José fortel oss kor smertefullt det er for ein som har underkasta seg eit upersonleg system, å skulle utvikle eit eige liv. Eg fekk assosiasjonar til Kafka og Prosessen – senhor José kunne godt vore funksjonær i det samfunnet der Josef K. fekk gjennomgå. Men denne romanen er ikkje prega av den desperasjonen som vi finn hos Kafka. Her er meir humor, ofte av det burleske slaget, og ein kan godt sjå for seg somme av opptrinna som film i svart og kvitt med pianomusikk til. Dessutan endar romanen på ein måte som rett nok ikkje er eintydig, men som ein godt kan tolke som ein siger for det menneskelege.

Overdådig språk
Eg hadde stor glede av å lesa denne boka. Omsetjaren Christian Rugstad har hatt ei utfordrande oppgåve som han har løyst med glans. Det er noe overdådig over språk og skildring; detaljrikdommen er stor, og diktaren har boltra seg med adjektiv i sjeldan stort omfang.

Dilettantar, enten dei er forfattarar eller omsetjarar, kunne fort gått fem på med eit språk så blomstrande som dette, men både Saramago og Rugstad har fått det til. Og setningsbygninga, med omfattande bruk av komma, gjør at tempoet i framstillinga blir høgt, i samsvar med det indre livet til senhoren, men ofte i kontrast med det utvendige i handlinga. Det blir sagt at nobelprisvinnarar i litteratur har hatt ein tendens til å parkere etter dei har fått prisen. Eg vil håpe dette ikkje skjer med Saramago, men at vi kan vente oss fleire store verk frå handa hans.

Steinar Lillehaug

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |