Dag og Tid nr. 29, torsdag 19. juli 2001

John Pilger:
Staten er mektigare
enn nokon gong

I media er det på moten å hevda at verda blir teken over av fleirnasjonale selskap som ikkje kan haldast ansvarlege av nokon. «Regjeringar er reduserte til servile lakeiar for big business», skreiv nyleg Noreena Hertz, ein alternativ London-finansakrobat. Til og med regjeringa i USA har gjeve opp statsmakta, meinte ho, og viste til «den skamlause smiskinga til George W. Bush overfor dei store energiselskapa».

Trass i alle døme på moderne selskapsmakt, som at Motorola tener like mykje på eit år som Nigerias 118 millionar innbyggjarar til saman, er det tullete å tru at storkapitalen omskaper verda på eiga hand. Ein slik tanke avpolitiserer argumenta mot globalisering, reduserer motstanden til isolerte konsument-sanksjonar, «etisk handel» og reglar for fin framferd, og innbyr til underkasting og ufarleggjering. Men framfor alt er ideen feil, for makta til staten blir raskt større, i sær i Vesten.

Globalisering gjer ikkje staten impotent, skreiv den russiske økonomen og aktivisten Boris Kagarlitzky; «men får staten til å erstatta sosiale funksjonar med undertrykkjande funksjonar, pulveriserer ansvar og gjer ende på demokratiske rettar». Illusjonen om ein svekt stat er forførande: I røynda blir denne ideen spreidd som eit røykteppe av arkitektane attom dei moderne sentralmaktene. I Storbritannia samla Margaret Thatcher makt som ingen før ho har gjort i fredstid, medan ho hevda det motsette. Tony Blair har gjort det same. Det europeiske prosjektet handlar i det store og heile om å vida ut rammene for staten. Totalitære Kina har omfamna den «frie» marknaden og på same tid konsolidert eit veldig statsapparat. Med same middel har autokratia Singapore og Malaysia nådd liknande mål. (Ikkje overraskande ovundrar Tony Blair Singapore). I Indonesia voks staten seg alt mektigare medan diktatoren Soeharto blei feira av Verdsbanken som «moderne disippel» av globaliseringa.

USA går dei alle ein høg gang, og har aldri vore mektigare. Ideen om at George W. Bush «smiskar for dei store energiselskapa» og bør skjemmast for det, er ekstremt naiv. Oljegigantane, til liks med våpen- og landbruksgigantane, har alltid gått i eitt med folka i Det kvite huset og regjeringa i USA. At Staten er den dominerande tvillingen, har ingen tvilt på. Det er «The American Way». Om ikkje regjeringa heldt handa si over selskapa, hadde det gått gale med fleire av dei mektigaste. Cargill Corporation, til dømes, som dominerer verdshandelen med matkorn, hadde ikkje hatt monopol i dag utan åra med massive subsidiar og ein statleg politikk med dumping av «mat-hjelp» for å tyna landbruket i utviklingsland.

Det var sigerrike USA som på det historiske møtet i Bretton Woods i 1944 utforma den rådande «globale økonomien», så militære og økonomiske våpen kunne bana fri veg til mineral, olje, marknader og billig arbeidskraft. Veteranplanleggjaren av imperiet for amerikansk UD, George Kennan, skreiv i 1948: «Me har 50 prosent av rikdomen i verda, men berre 6,3 prosent av folketalet. I ein slik situasjon må hovudutfordringa vera å forma ut modellar og relasjonar som stør opp under denne skeive stoda. For å greia det må me kvitta oss med all sentimentalitet, kutta ut praten om menneskerettar, levestandard og demokratisering». Verdsbanken og Pengefondet blei oppfunne for å setja denne strategien ut i livet, og frå basen i Washington går navlestrengen til Finansdepartementet i USA eit par kvartal borte. Her tok globaliseringa av fattigdom og bruken av gjeld som kontrollerande våpen til. John Maynard Keynes, den britiske representanten i Bretton Woods, talte imot denne amerikanske konstruksjonen, og talte for å krevja ein skatt av kreditorlanda for at fattige land ikkje skulle hamna i botnlaus gjeld. Då fekk Keynes til svar at om han ikkje gav seg, kom ikkje Storbritannia til å få dei desperat tiltrengde låna sine frå Washington. Meir enn ein halvt hundreår seinare er avstanden dobla mellom dei 20 prosent rikaste og dei 20 prosent fattigaste i verda, og «strukturjusteringsprogram» har bygd eit gjeldsimperium som er større enn det britiske imperiet på toppen av stordomstida si.

Faren med det «moderate» synet, som nektar å ta inn over seg grådigskapen til dei vestlege statsmaktene, er at det kan assimilerast og ufarleggjerast. Verdsbanken og Pengefondet, som no er under sterkare press enn nokon gong, har tilpassa overlevingstaktikken sin etter moderat kritikk. Over natta har Pengefondet, den største av alle lånehaiar, teke til å låta som ei institusjonell Mor Teresa. «Oppgåva vår er å få slutt på fattigdomen», blei eg fortald i Washington. Pengefondet, Verdsbanken, men òg den nyaste armen til den vestlege makta - Verdshandelsorganisasjonen (WTO) - talar no for «dialog» med «moderate» ikkje-statlege organisasjonar som er imot globalisering, og kallar dei «seriøse opponentar», motsett desse «bøllene» som demonstrerer i gatene. Blair-ministeriet for internasjonal utvikling, som nyttar denne assimilerings-taktikken mykje, kallar inn leiande organisasjonar til «konsultasjon», og hyrer dei til og med inn som bidragsytarar til rapportane sine. Makta i slik innordning og kollaborasjon må ikkje undervurderast. Etter det vellukka åtaket på WTO i Seattle for to år sidan har meir enn 1200 grupper og organisasjonar frå 85 land kravd ein «stogg» av handelsliberaliseringa i WTO-regi, og ein «revisjon» av WTO-retningsliner som starten på ein ny politikk. Globalistane var storveges nøgde: Ingen drog legitimiteten til WTO i tvil - trass i at denne løynde, totalitære og fullstendig udemokratiske skipnaden er den grådigaste kjøtetaren som imperiemaktene har skapt. The Economist kallar han «kimen til ei verdsregjering» - som ingen har røysta på.
Pass opp, moderate.
John Pilger
Omsett av Johan Brox

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |