Dag og Tid nr. 29, torsdag 19. juli 2001

Klok på bok:
Ein gut som Røkke

I dag er det fredag den 13., og eg kjenner meg slett ikkje heldig. Først stakk ho Paula av, så steig han Dale-Oskar til vers og forsvann i ein ballong over skogen i vest.
Kvar einaste dag denne vinteren har han halde på med sitt - bak lukka løedører. No først skjønar eg kva han har drive på med; han har fletta seg korg og sveisa seg ein gigantisk ballong. Førre natta drog han heile farkosten ut på tunet, kopla det saman, hoppa oppi, og på morgonkvisten steig han til vers. Men først lasta han inn halve biblioteket. No kosar han seg med bøkene sine der oppe under himmelkvelven, på veg til ein heilt annan herlegdom enn den som møter oss stadbundne her heime i sauefjøset. Det var så vidt han tok seg tid til ein liten runde over hustaka, før han ropte tre gonger tre hurra - og forsvann.

Eg fekk akkurat tid til å breka eit sørgmodig farvel, men det skulle eg aldri ha gjort. Det var nok til å minna Dale-Oskar om noko som han hadde gløymt. Han skreik over seg, bøygde seg, knytte eit par bøker i ein lommeduk-fallskjerm og sleppte dei varsamt utfor korgkanten. Dei landa fint borti skogkanten. Sjølvsagt var det klok-på-bok-bøker. Den eine var Svein Oldervoll Aadlands Brita Larsdotter, som var løysinga på nr. 523. Inne i boka låg det fire svar, tre rette og ei helsing som det ligg fleire bibliotekbesøk og mange spørsmål bak. Det er tydeleg at sommarstengde bibliotek gjer oppgåvene vanskelegare.

- Det var på vona gjort, sa kallen, han skaut på månen, siterer Elen Maria Todal. I mangel på bibliotek har ho brukt atlas, og funne fram til både forfattaren og at Ådland er eit stadnamn i Samnangerfjorden. For det vert ho kåra som vinnar denne gongen.

Sofie Arneberg ved Samanger folkebibliotek har sendt eit prospektkort som viser korleis det ser ut i Samnanger. Naturlegvis har ho funne fram til at sambygdingen var løysinga. Også Olav Molven i Bergen har svart rett.
- Sit du på Svinningen, 843 meter over havet, på grensefjellet mellom Bergen, Os og Samanger, har du storfelt utsyn, men utan å få detaljane med frå området forfattaren kjenner så vel, skriv han.

Forfattaren til Brita Larsdotter, Svein O. Aadland, er bonde frå Samnanger. Han debuterte i 1989 med romanen Vinland Gode Ægirfararane, ei utvandrarsoge frå 1837. Brita Larsdotter er husmannsdottera som dreg til Rikehardingens fjellgard i Samnanger. Ho er vakker, flink med arbeidet, og ho får etter kvart stort ansvar på garden. Av medkjensle byrjar ho å stela frå husbonden for å hjelpa dei trengande som spør om pengelån og mat. Når husbonden vil ha henne til kone, står Brita overfor valet mellom den rike, gamle bonden og kjærasten.

Klok 525

Tidssignalet var som småe smell i stugu, og når mannen der inne i folkemottagern hadde sagt Dette er Norsk Rikskringkasting, da kraup vesle Jon ihop på pinnestolen og stirde på det grøne trollauga, og augo på guten sjøl hadde slik ein underleg dåm at Ingebjørg i Bråtåbakka kjende seg reint redd for yngste-son sin.

Merkeleg nok var det Kjell Inge Røkke som skapte ny blest om denne boka. Forfattaren debuterte med ein bygderoman i 1954, og denne dramatiserte han seinare før stykket vart ført opp på Det Norske Teatret. På 70-talet gav han ut fleire diktsamlingar.

Veit du svaret, sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22.41.42.10, eller sender e-post til bladstova@dagogtid.no. Svar innan 25. juli. Lukke til!.
Barabass

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |