Dag og Tid nr. 29, torsdag 19. juli 2001

Frå Garborg-arkivet:
Hr. Bladstyrar

Han, som skriv um «dei tvo Vinstre og Vinstrebladi» hev i Fedraheimen for 24. juli havt fat i meg.
Han forsvarar meg.
Han gjeng ut frå som ein sjølvsagd ting, at når eg hev voret ute mot politistyre, prestevelde og åndstyranni, so er det for di at Jak. Sverdrup i 1882 var med å negta meg stipendium.
Og han slær på, at dersom eg i 1882 hadde fenget dei pengarne, og dersom folk i det heile hadde voret meir hjelpsame mot meg i pengevegen, so kanskje eg no kunde ha voret eit skikkelegt menneskje og arbeidet mitt «berre til velsigning».
- At du kann taka inn slikt, Fedraheim. Dersom den fyren trur slik um meg, so skulde han skjella meg ut, naturlegvis; og då kunde du ta det, for eg skulde nok verja meg. Men fyren trur slik um meg - og forsvarar meg. I kristeleg kjærleik, med himmelvende augo, snild og blid som smør i sol.
Det er det verste eg hev voret ute for enno.
Det einaste eg kann segja er, at den mannen, han kjenner meg ikkje. Og eg kann leggja til, at eg ikkje kjenner honom helder. Ein mann, som kann tenkja so hjarteleg smått, høyrer ikkje til mine folk, og eg vil helder ha tie angrep i Vestlandspostenenn eit forsvar av honom.
Tilfjells i juli 1886.
Arne Garborg
Fedraheimen 7. august 1886

Ullmann

Um §100 i Grunnloven er det sagt, mill.a. av Johan Sverdrup, at um ei regjering tok frå oss all annan rett, men leet §100 stå, skulde me endå klara oss; med den frie presse til våpen skulde me snart ha vunnet att alt det, dei hadde teket frå oss.
Statsråd Sørenssen braut loven, sjølve Grunnloven, og det sjølve § 100, den gongen han polititok «Albertine». No er det Odelstinget, som skal vera etter slikt, og passa på, at styresmagti held seg til loven; det var altso greidt, at når Sørenssen hadde forbrotet seg mot § 100, so vilde Tinget krevja han til rekneskap for dette.
- Men Tinget tagde. Det kravde ikkje syndaren til rekneskap; endå då Sørenssen stod der uppe og gjorde seg til av, at han hadde voret so djerv til å svinga lovens sverd, tagde Tingets menn. Dei er valde til å vaka yver loven, men leet loven sova.
- So er det Tinget sjølv, som vert kravt til rekneskap.
Her um dagen, i albertinemøtet, var det ein, som interpellerad Ullmann; han var ein av dei kårne menn; kvi hadde han tagt til Sørenssens grunnlovsbrot?
Då svarad Ullmann:
Me leet regjeringi sleppa, fordi me hadde tillit til Høgsterett.
Høgsterett vilde bruka si domsmagt rett; so fekk det vera det same, um regjeringi misbrukad si tiltalemagt.
«Vake som ørnen um sin yngel» skulde dei kårne menn vaka yver, at regjeringi foor lovlegt åt. Ullmann sit i Tinget og hev den trui, at regjeringi hev faret ulovlegt åt; men so lett som han hev for å snakka, tilgjer han til det, og når so folket krev han til ansvar for dette, svarar den kårne mannen, at - me hadde tillit til Høgsterett!
«Den kontrollerende magt» liter på, at Høgsterett skal kontrollera. Regjeringi hadde brotet loven ved utan grunn å draga ein mann for retten; - lat so retten døma! sa Ullmann. Er mannen for retten, so er han i gode hender! - der er ikkje meir å gjera ved det. -
- Deretter heldt Ullmann sin vanlege skåltale for arbeidarsaki, tok som vanleg applaus for den, og fekk dermed det truskyldige folket til å gløyma både § 100 og Odelstinget.
Arne Garborg
Fedraheimen 29. oktober 1887

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |