Dag og Tid nr. 29, torsdag 19. juli 2001

Film:
Kom sommarfilm!
I juli er ein av desse filmane det berre er å gje seg over for og ønskje eit langt liv.

I juli
Regi: Fatih Akin
Tyskland 2000

Regissørnamnet er Fatih Akin. Han er tysk, fødd i Hamburg, og av tyrkisk opphav, og det forklarar nok himmelretninga på denne filmen som startar i Hamburg og endar i Istanbul, nærare bestemt i eit stemnemøte ein fredag klokka 12 under Bosporus-brua. Då har vi vore gjennom ein film i den uomsetjelege sjangeren road movie, og det er så nydeleg gjort at eg heilt sikkert hadde stemt med dei som gav I juli publikumsprisen under filmfestivalen i Tromsø.

Kampen for kjærleiken

Filmen opnar med at den fillete hovudpersonen får haik med ein skummel type med farleg bagasje ein stad i Bulgaria, og byrjar å fortelje ei historie. Historia er om han sjølv, den treske fysikklæraren Daniel (spela av Moritz Bleibtreu frå Luna Papa), som ikkje hadde andre ferieplanar denne sommarferien enn å bli heime i Hamburg. Det har den vakre smykkeseljaren Juli òg. Ho er hemmeleg forelska i Daniel, og prakkar på han ein Maya-ring som skal gje lukke. Same kveld møter han den tyrkisk kvinna Melek, som han forelskar seg hovudstups i, men ho skal snart møte sin utvalde i Istanbul. Når Juli skal på ferie, har ho for vane å haike med den første bilen som kjem forbi. Kven andre er det enn vår mann, som sporenstreks har bestemt seg for å slåst for kjærleiken og dra til Istanbul?

Wenn jemand eine Reise tut...

Om du tykkjer lagnaden har det med å gripe vel ofte inn denne soga, så bry deg ikkje om det. Hovudsaka er at alt dette blir starten på ei burlesk, odysseisk reise gjennom eit søraustleg Europa som ofte har vore arena for stor film. Den einaste gongen vår mann får bruk for fysikkunnskapane er når han skal rekne ut farten han treng for å hoppe med bilen over ei lita elv han trur er ei grense.

Vi møter småkorrupte grensevakter og ei ungarsk femme fatale som heiter Luna, mens ei av dei vakraste scenene mellom Juli og Daniel utspelar seg om bord på ein elvebåt på Donau, der regissøren ikkje kvir seg for å bruke surrealistiske grep når dei syng Blue Moon. Musikken er i det heile tatt eit kapittel for seg. Både sola og månen skin om kapp i denne praktfulle filmen der vår mann etter kvart står ganske ribba attende, men kva gjer ein ikkje for kjærleiken? Kven som til slutt møter kven under lykkebrua, det må du betale kinobilletten for å finne ut. Dette er årets sommarfilm, uansett årstid.
Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |