Dag og Tid nr. 29, torsdag 19. juli 2001
Bøker:
I farmasiens klør
John le Carré er sjefen. Spionthrillerens gamle meister plasserer plottet sitt i nok eit brennaktuelt område, og han gjer det med meisterskap.
John le Carre:
Den evige gartner
Omsett av Isak Rogde
Cappelen
Denne gongen er han i Afrika, og skurken er internasjonal farmasøytisk industri som brukar kontinentet til å prøve ut nye medisinar. I dette tilfellet fallbyr dei tuberkulosemedisin til Kenyas fattige som ikkje veit at dei er forsøkskaninar for ikkje ferdig utprøvd, livsfarleg medisin. Emnet er ikkje hiv og aids, men det emnet spøkjer i høg grad i bakgrunnen.
Eit brutalt drap på ein britisk hjelpearbeidar nord i Kenya slår ned som ei bombe i den britiske utanrikstenesta i Nairobi. Offeret er den unge og vakre Tassa Quayle, ein idealist som på sporet av det giftige komplottet hadde ein svart reisefelle i Arnold Bluhm. Dei tabloide spekulasjonane blir deretter, men for den eldre ektemannen Justin, som hadde slått seg til ro med hagen sin og diplomatiet og interessert seg lite for engasjementet til den populære og radikale Tassa, blir hendinga ei bråvakning.
Justins misjon
Mens både det britiske høgkommissariatet i Nairobi, sjefane i London og Moi-regimet i Kenya tykkjest å ha felles interesser i å dysse ned medisinsporet, tar Justin ei avgjerd. Den lojale embetsmannen som i tenesta trass alt har lært alle fagets reglar, også når det gjeld å operere fordekt som spion, reiser seg som ein mann, gir faen i all diplomatisk og politisk etikette og reiser ut på ein misjon. Han vil finne ut kva som hende og kvifor. I det finn han ei meining med livet han aldri har hatt før. Det er skildringa av denne forvandlinga, frå grå diplomat til menneske, eit menneske som meir og meir foraktar heile det gammalkoloniale jetsettet han har vore ein del av, som er det sterkaste i denne boka. Det er også ei gripande soge om ein kjærleik diplomaten ikkje forstod djupna av
før det var for seint. Systematisk følgjer han dei spora det elektroniske og skriftlege materialet etter Tassa viser han. Det driv han nådelaust nærare fienden, det farmasøytiske selskapet ThreeBees, den sveitsisk-kanadiske farmasigiganten Karel Vita Hudson med base i Basel, og til sjuande og sist hans eigen arbeidsgivar i London, som tek to politietterforskarar av saka dei er på sporet etter. Overvaka av alle nyttar han dei knep han har lært seg, i det dødelege kappløpet som fører han halve kloden rundt.
Fiksjon og røyndom
John le Carré avlivar snøgt alle illusjonar om at Murens fall ville føre til mindre spionasje i verda. Spionasje var ikkje ei aust-vest-sak oppfunnen under den kalde krigen og avslutta saman med han. Spionindustrien veks proporsjonalt med oppdelinga av det kaotiske verdskartet, og i den britiske avarten og sjargongen er le Carré ein forteljar utan like.
I eit etterord til boka forsikrar forfattaren på alle måtar kor fiktive både firma, personar, hendingar og medisinar er i dette plottet, men legg til: «Etter hvert som min rundreise i den farmasøytiske jungelen skred fram, begynte jeg å innse at min beretning sammenlignet med virkeligheten er tam som et feriepostkort». I den internasjonale hiv- og aidsdebatten har vi berre sett ein flik av dette. Forfattaren har vore i felten, og i boka er han avbilda i eit FN-fly over Sudan. Dit går også spora hovudpersonen følgjer, utan at vi skal røpe kvifor. John le Carré er ein av dei forfattarane i sjangeren som kan forsvare ei tjukk bok, fordi han har det litterære grepet om det. I omsetjinga til Isak Rogde er Den evige gartner ei nyting å lese.
Roald Helgheim
|