Dag og Tid nr. 25, torsdag 21. juni 2001

Bøker:

Hardkokte popsongar

Frode Grytten må tole favorittstempel etter gjennombrotet med den novellistiske romanen Bikubesong frå 1999. Popsongar innfrir forventningane, men held noko ujamn kvalitet.

Frode Grytten:
Popsongar
Samlaget

Tittelen på årets novellesamling inviterer til denne samanlikninga, og i den samanhengen kan det vere verdt å merkje seg eit par trekk ved mottakinga av Bikubesong. For det fyrste vart Frode Grytten framstilt som ein nykomling i det litterære landskapet, nær sagt ein debutant. Men Grytten debuterte med diktsamlinga Start i 1983, og årets novellesamling er hans sjuande.

For det andre førte heimfestinga av «debutanten» og handlinga i Bikubesong til at han blei kategorisert under den noko nedsetjande nemninga heimstaddiktar. Er du frå Odda og skriv om Odda, er du heimstaddiktar. Er du frå Oslo og skriv om Oslo, skriv du allmenn litteratur til beste for opplysning og erkjenning. Eit enkelt bevis for at denne oppfatninga råder, er at omgrepet heimstaddikting berre finst på nynorsk. Skal journalistane i ei avis som Aftenposten ta omgrepet i bruk, fører objektet omgrepet refererer til, og ordet i seg sjølv, til at det berre kan nemnast innanfor rammene av eit sitatteikn, som om dei tek i ordet med ein dobbelt pinsett: «heimstaddikting». Desse haldningane har djupe historiske røter. Forfattarar som har skrive på nynorsk, har seint og tidleg fått vite at dei tilhøyrer periferien. Ut frå medvitet om å vere utanfor dei rette sirklane, er det ein sterk tradisjon blant nynorskforfattarane om å ha ei meir internasjonal forankring. To eksempel på dette er Arne Garborg og Kjartan Fløgstad.

Frode Grytten skriv seg inn i denne tradisjonen. Skrivestilen hans er avhogd og hardkokt, slik vi kjenner tradisjonen frå amerikanske noveller, og dei hyppige populærkulturelle referansane hans er utan unntak internasjonale. Frode Grytten har sagt at Popsongar er lagt til stader der ingen er heime, i ein slags protest mot merkjelappen heimstaddikting, og det er forståeleg, men unødvendig.

Reiser

Popsongar kallar seg ei novellesamling, men her er fleire overgripande element i tekstane som gjer dette til noko meir enn ei tilfeldig samansett tekstsamling. Novellesamlinga består av 24 noveller, og alle novellene er i ulik grad knytte til kvar sin popsong av artistar som Tom Waits, Patti Smith, Bob Dylan osv. I tillegg er kvar novelle lagd til ein av døgerets 24 timar, frå midnatt til midnatt, og til kvar sin by. Handlinga i novellene er knytt til reiser og er lagd til upersonlege stader som flyplassar, hotell, tog og vegkroer.

Dei tolv første novellene har undertittelen «Avreise», og dei tolv siste har undertittelen «Ankomst». Dette assosierer i første rekkje til ein flyplass, men også til oppbygginga i ein danningsroman: Helten som reiser ut, får nye impulsar og vender heim som eit ferdig danna menneske. Novellene i Popsongar handlar nettopp om identitetar som vert sette på spel i møte med det ukjende, og det er ein tendens til at novellene i første delen handlar om personar som vil bli ein annan, medan personane i den siste delen vil vere noko anna enn ein annan. Slik sett er her eit danningsprosjekt i novellesamlinga, og tekstane vert etter kvart meir forsonande og harmoniserande. I første delen er reisene beint fram ei flukt, og slik tenkjer ein av hovudpersonane om det å fly vekk: «...oppe i lufta verkar verda ny og ubrukt. Alle nederlaga er glømt. Byen du reiser frå er full av tap, ting som har gått gale, prosjekt som ikkje lenger lèt seg realisere. Det er reisas narkose. Reisas gløymsle.»

Sviktande drømmekraft

Felles for dei fleste av personane vi møter gjennom novellesamlinga, er at dei drøymer om å vere ein annan. Draumane hentar dei frå populærkulturen: Popindustrien, filmindustrien og frå klisjeane i vekeblada. Personane vert skildra i situasjonar der dei er blitt forlatne eller sjølv forlet sine næraste, og draumane om å bli noko anna enn seg sjølv er henta frå populærkulturen. Vi møter paret som er John og Yoko, vi møter ei kvinne som identifiserer seg med Patti Smith, kvinna som ser ekteskapet sitt skildra i ei vekebladsnovelle, den desillusjonerte sportsjournalisten som vel seg ein annan identitet på ein flyplass, den einslege tenåringsmora som vil vere Britney Spears, og tenåringen som pleier to karrierar: ein som aspirerande rockestjerne og ein som duracell-kanin på det lokale kjøpesenteret. Sistnemnde forstår etter kvart at berre den eine av desse kan leve vidare.

Ein skulle tru at ein forfattar som er så inspirert av kulturindustrien som Frode Grytten, gav eit positivt bilete av populærkulturen sin innverknad, men så enkelt er det ikkje. «Det hender at popmusikk er så kraftig at det verkar som heile verda skiftar gir», heiter det i ei novelle, men i novella «Drømmekraft» møter vi ei kvinne som ikkje klarer å drøyme om anna enn Tom Jones. Ho klamrar seg til ektemannen, men greier ikkje å fjerne seg frå biletet av den oljeglinsande popstjerna: «Alt heng framleis i, lik tyggegummi som har klistra seg fast til kroppen din og som du ikkje får vekk.»

Populærkulturen sin verknad er todelt: Han gjev hovudpersonane draumen om noko anna, for «du kan ikkje drømme om det du har». Samtidig blir mange av dei reine objekt og offer for klisjeane: «Alt får ein sånn hol klang. Alt blir klisjear. Alt blir falskt.»

Hardkokt

Skrivestilen til Frode Grytten er enkel og avhogd, alle unødige småord og blømande adjektiv er kutta bort. I ei av novellene møter vi guten som har forlese seg på Raymond Chandler, og dette er den novella som er knytt til Odda. Raymond Chandler er saman med Dashiell Hammet rekna for å vere etableraren av den hardkokte kriminalromanen. Denne sjangeren er mellom anna kjenneteikna av ein knapp og avkorta skrivestil, og stemningsskapande samanlikningar (similer). Begge desse karakteristikkane høver godt på Gryttens skrivestil. I Bikubesong møtte vi historieforteljaren Grytten. I Popsongar er det ikkje historiene som dominerer, men stemningar, overflater og underliggjande kjensler. Og størst av alt er kjærleiken, som vi veit, både frå bibelen og frå populærkulturen.

Enkelte av novellene er svært gode, men her er også noveller som verkar som uferdige skisser. Dei beste av novellene er dei som på elegant vis skaper eit metafiksjonelt nivå i teksten, som handlar om liv og dikting.

I den siste novella er alt strippa heilt ned, omgjevnadene er skildra som rekvisittar i eit filmanus. Hovudpersonen er på eit hotellrom og prøver å skildre det han sansar: «Eg skulle ønske eg kunne ha fanga den låge trafikkstøyen ute frå gata. Bassen frå bilane. Scooterane som gir gass når dei får grønt lys. Eg skulle ha skildra lydane frå naborommet. Radioen. Den gamle mannen som hostar.» Hovudpersonen prøver å dikte seg eit liv, å dikte seg ei kvinne. «Eg som skriv. Eg som formar setningar. Eg som set punktum. Eg som stryk over og tar til på nytt. Eg som kviskrar deg i svart kladd. Eg skriv at du legg deg på senga. Kom, seier du.» Dette er meisterleg gjort, og eit av høgdepunkta i novellesamlinga.

Andre noveller blir ståande som uferdige og overflatiske skisser. Med det er greitt nok. Popsongar skal vere djupt og grunnleggande overflatiske.

Pål Hamre

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |