Dag og Tid nr. 23, 7. juni 2001

Klok på bok 519:
Sol ute

«Denne gongen kan det hende at eg har starta i feil ende. Men det første som slo meg, var at dette sitatet måtte vera av Ivar Mortensson-Egnund. Ikkje fordi at eg har lese dette før, men fordi eg ikkje tykte det kunne vera av nokon annan av dei som skreiv på nynorsk på denne tida. Altså starta eg med å leite etter bevis på t det var I.M.E. og meiner at eg fann det. Han debuterte etter det eg veit i 1889 med ‘Songane åt Savalguten’. Altså er forfattaren Ivar Mortensson-Egnund. Kva bok det skriv seg frå er meir uvisst. Bortsett frå nokre små prøver på det han skreiv, i lesebøker og antologiar, har eg berre omsettingane av Edda-kveda i bokhylla. Derfor må eg berre tippe, og da blir tittelen ‘En fri-kar’ frå 1905», skriv Ottar Roaldset i Torjulvågen og var gyseleg nær å hamne øvst på seierspallen. Men der står berre ein mann denne veka, veteranen Gunder Runde i Ulsteinvik:

«Førsteinntrykket: Tidleg Vesaas (1920-årsbøkene). Men sidan denne skrivaren debuterte allereie i 1889, kunne det altså ikkje vere han. Men kanskje ein annan av tidleg-vesaas sine førebilete? Rabindranath Tagore? Og kva tid debuterte han då? Eller ein norsk? Og då er det sjølvsagt nærliggjande å tenkje på Savalguten, Ivar Mortensson-Egnund. Debuten hans var i 1889, seier den nyaste boksoga eg har i hende. Men gamle gode Bull/Winscens osv. seier 1890. Kven skal ein tru? Og sjølvsagt finst det ikkje litteratur av Egnund i Ulstein folkeboksamling. Men Paula har i det siste vore ikkje så verst til å gi tips i overskrifta. Så eg satsar på at skrift i stein er det same som runer, og då er vel samlinga ‘Runir’ av Mortensson-Egnund ikkje så urimeleg som gåte-forslag? (Særleg sidan runer opphavleg tyder gåte/mysterium.) Denne boka kom i 1908, og er ei diktsamling. Men Egnund rekna prosalyrikk som likeverdig med ‘vanlege’ dikt, og utdraget kan utan tvil stå også i ei diktsamling. Dette var altså dagens detektivarbeid», helsar han Gunder. Gratulerer!

Til spørsmålet ditt: Han Ivar Mortensson-Egnund debuterte i 1889, men på slutten av året. Det er kanskje difor den eine kjelda di seier at han debuterte året etter.

Fleire hadde funne fram til rett mann, men tippa på feil bok: Elen Maria Todal på Kyrksæterøra og Roald Drabløs i Orkanger held begge ein knapp på Or duldo frå 1895. Ranveig Lundquist i Orkanger tippa på debutboka Paa ymse gjerdom.

Nils-Aksel Danbolt Mjøs i Bergen tippa Arne Garborg. Morten Haugen på Brekstad tippa Gabriel Finne med Jens Tvedt og Vetle Vislie som halvgarderingar. Resten, det vil seie Sherrysøstrene ved Mellomsøstra i Odda, Olav Molven i Bergen, Marit Knappskog i Sør-Fron og Ingrid Lomholt p.t. Nittedal tippa Vetle Vislie.

No ser eg fram til ein kaffitår på trappa. Sola braut nettopp gjennom det låge skydekket. Sjølv om eg på mange vis saknar posten, er det godt å kunne gjere akkurat som ein vil – og lese midt på blanke føremiddagen.

Klok på bok 519

Jeg vet så mye
om mangt, jeg godtar
allverden, det er
til å spy av. Og jeg
livnærer meg av
å vite alt dette
trams om andre og hva
de gjør og at jeg
godtar så mye
jeg hater, som om jeg
ikke forstod hva det
vil si, for meg. Og hva
det vil si for dem
forstår jeg. Hater jeg.

Opphavsmannen til dette diktet er ein storbypoet som levde på den andre sida av dammen frå 1926 til 1966. Han er omsett til norsk av ein poet som har det med å framheve diktarar som ikkje har fått den merksemda han synest dei skal ha. Dette diktet står i ei bok som kom i ein serie med norske gjendiktingar i 1983.

Send namnet på poeten og omsetjaren til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, bladstova@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 innan onsdag 13. juni.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |