Dag og Tid nr. 20, fredag 18. mai 2001


Noreg i Europa på 1100-talet:
Nidaros var namnet

Dag og Tid presenterer i dag eineståande foto av mellomeuropeiske brev og bispedømmelister for Noreg frå 1100-talet. Eit av dei har aldri vore forska på i Noreg før, tre av dei blei rundt 1930 debatterte tre gonger i Stortinget, og eit av dei er grunnlaget for dateringa av ei mengd mellomalderbrev frå paven til erkebiskopen i Nidaros. Det sistnemnde dokumentet, som no er oppspora i Gesamthochschul-Bibliothek i Kassel, Tyskland, har ingen norske forskarar sett i original før. Mange har derimot skrive om det – til lita nytte. For brevet har neppe vore adressert til Nidaros.
Førsteamanuensis Roger Lockertsen ved Høgskolen i Stavanger presenterer her resultat av års arbeid med dokument om Noreg i Vatikan-arkivet i Roma, Medici-familien sitt bibliotek i Firenze og eit til no ukjent handskrift frå universitetsbiblioteket i Leiden i Nederland. Dokumenta viser at
Nidaros er det opphavlege namnet på byen Trondheim, at professor Didrik Arup Seip si datering og tolking i 1930 av Firenze-lista er grunnlaus, og at teorien hans om Trondheim som eldre bynamn enn Nidaros er falsifisert.

1100-talet er det mest spennande hundreåret i eldre norsk historie. Då blei Noreg ein stat, og heile Noregsveldet blei ein eigen kyrkjeprovins med Nidaros som sentrum. Spennande er det òg at frå denne tida har vi bevart større skrivne kjelder om Noreg – kjelder som kan og skal tolkast.

Roma, Lund og Nidaros

Lenger sør i Europa blir Noreg sin plass i kyrkjeliv og storpolitikk aktualisert. På slutten av 1000-talet hadde striden mellom paven og keisaren toppa seg i spørsmålet om kven som hadde retten til å utnemne biskopar. Kongane i Noreg, Sverige og Danmark hadde felles interesser med Den heilage stol i Roma i å minske makta til erkebiskopen i Hamburg-Bremen. Der støtta dei keisaren – ikkje paven.

Resultatet av striden blei at keisaren måtte krype på kne for paven i Kanossa. Eit anna resultat var at Norden blei skild ut som eige erkebispedømme med Lund i det dåverande Danmark som metropol. Rundt 1150 loga striden mellom pave og keisar opp på ny. I Norden blei resultatet endå eit nytt erkebispedømme: Nidaros blei no metropol for bispeseta rundt om i Noregsveldet.

Alpsa, Biargina og Nithirosa

Makt og pengar fører mykje med seg, mellom anna ein trong til å vite kven skuldmennene er, og kvar dei bur. Både då Lund blei erkebispesete i 1104 og Nidaros i 1153, måtte det på førehand setjast opp ei lista over alle bispedømma som skulle lyde den nye erkebiskopen. Paven ville vite kva bispedømme som skulle betale peterspengar til han, og både Firenze-lista, Leiden-lista, Albinus-lista og Censius-lista er slike provinsial-lister.

Den eldste lista, Firenze-lista, er frå om lag 1120 og viser dei bispeseta som fanst i Noreg etter at bispestolen på Selja var flytta til Bjørgvin på 1000-talet. Stavanger blei oppretta ein gong mellom 1122 og 1128 og er ikkje med i lista, der bispebyane er Alpsa, Biargina og Nithirosa det vil seie Oslo, Bjørgvin og Nidaros. Truleg blei forarbeidet til denne lista frå 1120-talet sett opp på det trekongemøtet på Konghelle i 1101 som vedtok å søkje paven om å få etablere erkebispesete i Lund.

Seip tok feil og blei trudd

I åra 1929-31 gjekk det føre seg ein stor strid mellom filologar i Noreg om Nidaros var det eldste bynamnet. Professor Didrik Arup Seip meinte at namnet Nidaros var sett på byen av paven og erkebiskop Øystein i året 1172. Det viste Kassel-brevet, for i det brevet er namnet Nidaros nemnt første gong i dei eldste kjeldene. Nithirosa i Firenze-lista frå 1120 bortforklarte riksmålsprofessor Seip. Han hevda at Nithirosa var skrive med lysare blekk enn namna Alpsa og Biargina og var tilføydd i lista etter 1172.

Det er ikkje vanskeleg å sjå av fotoet her at Seip tok feil. Men feilen hans var sjølve det faglege kjerneargumentet i Stortinget i 1930 for å få vekk Nidaros-namnet, som byen hadde fått som offisielt namn frå 1. januar 1930. No peikte dosent Gustav Indrebø og professor Oluf Kolsrud i 1930 på at Firenze-lista dokumenterte at Nidaros-namnet var eldre enn frå 1172, men dei var venstremenn og målmenn. Riksmåls-Høgre ville ikkje høyre på dei, men sa Seip hadde skrive eit meisterverk av dei heilt sjeldne. Vi skal i dag sjå at Seip sådde ein grunnlaus tvil. Men trua på at Nidaros-namnet ikkje var det opphavlege bynamnet, verka til at stortingsfleirtalet blei eit anna og førte inn bynamnet Trondheim 6. mars 1931.

I Kassel-brevet skulle det etter Seip-teoriane vere første gong byen blei kalla Nidaros. I året 1171 hadde pave Alexander III sendt eit brev til erkebiskopen i Nidaros med adressenemninga archipiscopus trundensis, året etter adresserte han eit brev til vidrosiensis episcopus. Dette var berre ei feilskrift for nidrosiensis hadde Storm hevda før og Seip no. Ein kunne tenke seg at skrivaren hadde gløymt eit drag med pennen slik at bokstaven N blei til V. Men som vi ser av biletet, er det ikkje tvil om at skrivaren har meint å skrive bokstaven V. I Vatikan-arkivet finst namn på 21 bispesete frå året 1172 som byrjar på V og har ei namneform som kan vere grunnlaget for ei feilskriving. Adressenemninga episcopus (biskop) måtte òg ha innebore at paven hadde detronisert archiepiscopus Øystein ned til ein episcopus. Det hadde han ingen grunn til.

Feiloppfatta namn i Roma

Paven i Roma på denne tida var Alexander III. Han hadde vore skrivar ved pavehoffet i året 1150 då biskop Reidar kom frå Trøndelag til Roma for å bli vigsla til erkebiskop. Reidar kalla seg ifølgje Oluf Kolsrud for den trøndske biskopen, latinisert til adjektivet trundensis, og det er grunnlaget for substantiveringa til bynamnet Trundum. Skrivaren Rolando Bandinelli sette då opp ein fundasjonsbulle for det nye erkebispesetet, altså eit brev som viser rettane og pliktene den nye erkebiskopen og det nye erkebispesetet hadde. Den fundasjonsbullen som blei sendt frå Roma til erkebiskop Jon i Nidaros i 1154, er òg ført i pennen av Rolando. Nokre år etterpå blei han pave og tok namnet Alexander III. Så lenge Alexander var pave brukte dei nemningane Trundum og trundensis i Roma. Derfor ser vi at kardinal Albinus brukar same nemninga i provinsoversynet han laga i 1160-åra.

Roma rettar opp

Først med provinsoversynet til den pavelege skattmeisteren Censius blir det norske namnet på byen Nidaros brukt ved pavehoffet. Mens namnet NiDaróss er blitt latinisert til Nithirosa i Firenze-lista, er resultatet Nidrosia i Censius-lista. Korleis kan Censius ha fått vite at det som stod i Albinus si lista var feil? Arbeidet med å setje opp Censius-lista gjekk føre seg i slutten av 1180-åra og var ferdig i 1192. Ho blei brukt som paveleg grunnbok for skatteinnsamling i nesten 250 år etter 1192.

Eirik erkebisp og onomast

I dei åra då Censius gjorde ferdig lista, var biskop Eirik av Stavanger i Roma. Han var utpeika til å bli ny erkebiskop i Nidaros og var no i Roma for å få sitt pallium, det vil seie det kvite halskledet med svarte krossar som erkebiskopane fekk som teikn på stilling og stand. Eirik var rett nok ein storskrytar – han fekk tilnamnet Skrauthanzki – men han var òg svært godt utdanna. Han hadde studert minst to år ved St. Victor-klosteret i Paris og kunne nok sin latin. Censius nytta sjølvsagt høvet til å tale med den nye erkebiskopen slik at dei bispeseta som skulle betale skatt til Roma, blei registrerte og førte opp med riktig namn. Frå 1192 heiter byen Nidaros både i Nidaros, Noreg og i Roma.

At Eirik var den som retta opp namnet, er meir enn teori. I arkivnøkkelen i Vatikan-arkivet er det nemleg ført inn ein merknad som viser at erkebiskop Eirik hadde opplyst at Nidaros var namnet på den byen som i ein periode hadde blitt kalla Trundum (Trondheim) ved pavehoffet.

Den stolne Firenze-lista

Albinus og Censius kjenner vi som forfattarane av kvar si lista, men vi kjenner ikkje forfattarane eller skrivarane av dei tre andre. Dei som tidlegare har skrive om Firenze-lista, tek det for gjeve at ho er laga for pave Calixtus II (1119-23) i Roma. At ho er laga i løpet av pontifikatet hans, kan det ikkje vere tvil om. Ei lista over pavane sluttar med den sistlevande, altså Calixtus. Dødsdatoen hans er skriven til med eit anna blekk seinare, så han var både pave og i live då lista blei skriven.

    Men kvar blei Firenze-lista skriven? I alle fall ikkje i Firenze. Dit kom lista på slutten av 1800-talet, kjøpt frå den engelske lord Ashburnham, som sjølv hadde kjøpt henne frå italienaren Libri. Han var ein stortjuv og stal handskrifter over alt der han kunne få tak i dei, mellom anna i Vatikan-arkivet. Men arkivnøkkelen som Vatikan-arkivet sette opp i tiåra etter 1740, har ikkje registrert Firenze-lista der. Ho er såleis truleg ikkje stolen derifrå. Ho kan vere stolen frå anten St. Victor-klosteret i Paris eller frå klosteret i Cluny.

St. Victor-klosteret hadde på 1100-talet reine rennet av nordmenn innom murane. At dei der tidleg fekk vite namna på dei tre bispeseta som fanst i Noreg, er ikkje overraskande. Lista kan òg vere skriven ved klosteret i Cluny, søraust i Frankrike. Calixtus II oppheldt seg mykje der. Han var sjølv franskmann og hadde vore biskop i Vlenne/Rhône (1088-1119) før han blei pave. Klosteret i Cluny var dessutan det mektigaste i Frankrike. Det var etablert på 900-talet, var først benediktinsk, men starta seinare si eiga retning, clunysiensarane, som igjen var opphavet til cistersiensarane. I Noreg var klosteret på Nidarholm (Munkholmen) tilslutta Cluny.

Den ukjende lista i Leiden

Av ein eller annan grunn er Firenze-lista ikkje prenta i Diplomatarium Norvegicum eller ført opp i Regesta Norvegia som er dei to store oversynsverka over dokument om Noreg i mellomalderen. Der står derimot Kassel-brevet, som ikkje har noko der å gjere. Det har dessutan vore ukjent til no mellom norske forskarar at det finst ei avskrift av Firenze-lista, som er vel bevart i Universiteitsbibliotheek Leiden i Nederland. I denne avskrifta er overskriftene feilplasserte nett som i Firenze-lista, og ho er truleg skriven i Sens i Frankrike, der paven heldt til i 1160-åra. Leiden-lista blir då det andre dokumentet vi har som viser at Nidaros var kjent som bispeby i Sentral-Europa lenge før byen etter Seip skulle ha vore omdøypt frå Trondheim til Nidaros. Seip-teorien er dermed dobbelt falsifisert.

Roger Lockertsen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |