Dag og Tid nr. 19, 10. mai 2001

Bøker:

Gustav Vigeland – urkraft og geni

Det er eit motsetnadsfylt menneske Tone Wikborg gjer oss kjende med, ein kunstnar med ei eruptiv, stor skaparkraft, men med ei gåtefull og ofte brutal og fråstøytande framferd i mellommenneskelege
tilhøve, skriv Herbjørn
Sørebø.


Tone Wikborg:
Gustav Vigeland. En biografi.
Gyldendal

Det er allmenn semje om at Gustav Vigeland (1869-1943) er den største norske bilethoggaren, same kva ein legg i ordet størst, og i dag er livsverket hans kjent over heile verda. Skulpturanlegget i Frognerparken i Oslo, som oftare blir kalla Vigelandsparken, er eitt av dei største i verda med i alt 200 skulpturar i bronse, granitt og smijern, og den 14 meter høge Monolitten på toppen. Profesjonelle hoggarar gjorde ein del av grovarbeidet, men Gustav Vigeland laga sjølv modellane til alle dei 600 figurane som skildrar menneskelivet frå fødsel til død. Kunstnaren brukte 40 år på å skape dette storverket. Det er utruleg – og det gjev grunn til ettertanke – at dette kunne bli fullført i det fattige landet som Norge var.

Til dette kjem at Gustav Vigeland laga portrett av ei lang rad framståande personar. Blant dei mest vellykka er framstillinga av Niels Henrik Abel, Henrik Ibsen, Camilla Collett, Jonas Lie og Henrik Wergeland.

Urkraft og geni – det er karakteristikkar Tone Wikborg brukar i skildringa av Gustav Vigeland i den store biografien som nå ligg føre på Gyldendal, snart 60 år etter at han døydde. Men det er også eit motsetnadsfylt menneske Tone Wikborg gjer oss kjende med, ein kunstnar med ei eruptiv, stor skaparkraft, men med ei gåtefull og ofte brutal og fråstøytande framferd i mellommenneskelege tilhøve.

Standardverk

«Skriblere som aldri har kjent en, skriver som om ingen kjente en bedre enn de», siterer Tone Wikborg etter Gustav Vigeland, og ho legg til at den endelege sanninga om eit menneske let seg ikkje gripe. Dette er eit atterhald ein biograf sjølvsagt må ta, men ingen har større føresetnader enn Tone Wikborg til å skrive biografien om Gustav Vigeland. Etter tretti år som førstekonservator på Vigeland-museet i Oslo har ho skaffa seg inngåande kjennskap både til liv og verk.

Ho har hatt djupe spor å følgje i dette arbeidet. Ho viser til skriftlege minne kunstnaren sjølv etterlet seg, 2000 brev, fleire hundre notisbøker, skriftlege framstillingar som vart nedteikna i samtida av folk som kjende mannen, og ikkje minst omtalar i pressa. Tone Wikborg har skrive fleire bøker om Gustav Vigeland tidlegare, og biografien ho nå har levert kjem til å bli ståande som eit standardverk.

Frå treskjerar
til bilethoggar


I biografien følgjer vi Gustav Vigeland frå barndommen i det mørkt kristelege Mandal med opplæring i treskjering, gjennom harde år i Kristiania med svolt som gjekk på livet laus, på ferder i Europa, i sigrar og nederlag til han sat i det store atelieret med privat bustad ved Frognerparken. Han slo seg fram på gåver og lån frå folk som trudde på han. Vi les om gode og oppofrande vennskap som ikkje alltid heldt i lengda, og her er skildringar av mangt eit bittert fiendskap. Stundom skulle det ikkje så mykje til før det skar seg. Ein krangel om kråka er til gagn eller ugagn kunne vere nok.

Nokre mytar blir avliva. Oslo kommune bygde atelier og bustad til han ved Frognerparken, og det er litt av eit eventyr, men han fekk ikkje fast løn og uavgrensa materielle ressursar. Det vart ikkje ein så djup og uforsonleg fiendskap mellom Gustav Vigeland og Edvard Munch som ein kan ha fått inntrykk av. Det var derimot eit mildt sagt vanskeleg tilhøve mellom Gustav Vigeland og Christian Krohg. Dei fauk i tottane på kvarandre rett som det var. Elles såg Gustav Vigeland det etter alt å dømme slik at anten var ein mot han eller for han. Han braut med broren, målaren Emanuel, men stilte økonomisk opp for ein annan bror og for mora.

Problemfylt kjærleiksliv

Gustav Vigeland var gift to gonger, hadde to lange sambuarskap og mange erotiske sidesprang. Han vart dregen mot unge kvinner som han delvis hadde som modellar, og kjærleikslivet hans var mildt sagt problemfylt.

Med Laura Mathilde Andersen fekk han ein son og ei dotter. Han vart gift med henne først då det andre barnet kom til verda, men ekteskapet vart inngått proforma på det vilkåret at dei skulle skiljast straks. Det ville ikkje ho høyre tale om då det kom til stykket, og skilsmissa vart brutal. Dei to barna ville ikkje Gustav Vigeland sjå for sine auge. Det er ikkje lett å forstå at ein kunstnar som har laga så mange fine skulpturar av barn, og av mor og barn, kan oppføre seg slik som han gjorde. Han kunne leike og ha det morosamt med andre barn, men eigne barn ville han ikkje ha.

Inga Syversen budde han i lag med i 20 år, men dei vart ikkje gifte, og dei fekk ikkje barn. Det var eit vilkår frå hans side. Inga Syversen samarbeidde nært med kunstnaren i alle desse åra, katalogiserte kunstverka hans, sytte for å ta vare på det han skapte og stelte for han på alle vis. Så vart ho brått sparka ut, for det hadde komme ei ny kvinne inn i livet til den 51 år gamle kunstnaren – den 18 år gamle Ingerid Vilberg. Dei vart gifte og levde i lag i 15 år. Barn ville han ikkje ha med henne heller, men dei vart separerte fordi det kom endå ei ungjente i vegen hans. Både Inga og Ingerid beint fram dyrka Gustav Vigeland også etter at han sparka dei ut.

Erotikken var sentral både i kunsten og livet til Gustav Vigeland. I ti år levde han med to kvinner samstundes, Inga Syversen i heimen og Marie Nordby som medhjelpar og modell. Han fall for Marie då ho var 17 år gammal, og trekka hennar kan ein sjå i fleire skulpturar. Det tok slutt med bulder og brak.

Ikkje nazist

I biografien gjer Tone Wikborg grundig greie for det tilhøvet Gustav Vigeland hadde til nazismen og okkupantane. Ho kjem til at nazist og antisemitt var han ikkje, men han stelte seg nok uklokt. Han svara positivt på spørsmål om å opne atelieret for ei tysk gjesting, og han sette seg ikkje imot å vere med i eit nazistisk sentralråd med den grunngjevinga at både Hamsun og Sinding var med. Han var jamvel inne på tanken om å vende seg til Hamsun for å få han til å skrive til Adolf Hitler og be om pengar til kanoar for publikum i Frognerdammen.

Nazist var han likevel ikkje, får vi vite. Han var egosentrisk oppteken av å sikre sin eigen kunst. Ein grunn til at myten om nazisympatiar har vore så seigliva kan vere at sonen, som også heitte Gustav Vigeland, var medlem av Nasjonal Samling. Til dette kjem at kunstkritikaren i Verdens Gang, Pola Gauguin, i ein artikkel i 1945 hevda at heile Vigelands-anlegget anda av nazistisk mentalitet.

Ulykkeleg

Nokon lykkeleg mann var Gustav Vigeland ikkje. Han var sky, hadde ikkje lett for å halde på venner, og han møtte aldri opp når kunstverka hans vart utstilte eller avduka. Han isolerte seg og var ofte langt nede i depresjonar. 51 år gammal, med mange høgt verdsette kunstverk bak seg, sat han i atelieret sitt på Hammersborg og noterte:

«Dette er altsaa resultatet efter mer end et livs slit. Ene. Alene. Jeg står uten en ven, uten en bekjent, uten et eneste menneske jeg kjender og kan gaa til. Derute lever mennesker. Her lever, nei dør jeg.»

Så arbeidde han seg opp att, og arbeidet var så viktig for han at det stundom var ei plage å måtte leggje seg om natta, men dette er berre ei forklaring på at han fekk ferdigstilt så mykje som det også kosta store summar å produsere.

Ei anna forklaring er at han var så sta. Han gav seg aldri. Han må dessutan ha vore uvanleg flink til å skaffe seg medhjelparar både heime og ute. Så får vi ta med at han levde i ei tid med større sans for slike verdiar som dei han skapte.

Herbjørn Sørebø

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |